Emne:Vestlandet

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • VESTLANDET • Midt-Norge • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Rogaland • Hordaland • Sogn • Fjordane • Sunnmør • Romsdal

Vestlandet

Artiklar

Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son ått den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter det reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for honom.   Les meir …
Ole Bull playing.jpg
Ole Bornemann Bull (f. 5. februar 1810 i Bergen; d. 17. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjenom ei otilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ein sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsopplöysninga frå Danmark. Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der far hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøya. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Alt som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane.   Les meir …
Kristofer Nagel Janson vart fødd 5. mai 1841 i Bergen og dødde 17. november 1917. Janson gav ut meir enn 50 litterære verk og hundretal artiklar og religiøse skrift. Han hadde diktarløn frå Stortinget. Janson fikk diktarløn i 1876, men sa løna frå seg i 1882. Janson og Aasmund Olavsson Vinje var de første som skreiv romanarlandsmål. Nokre av songane til Janson har levd og vorte lært utanboks av mange gjenom åra, blant annat «Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppaa fjellet», «Fjukande skyer», «Ung Aaslaug» og «Millom Rosor».   Les meir …
Johan Austboe.jpg
Johan Austbø (fødd 23. oktober 1879 i Lavik i Høyanger kommune i Ytre Sogn, død 22. desember, 1945Hokksund i Øvre Eiker kommune) var lærar, dansar, diktar, komponist, songar og målmann. Han vart utdana ved lærarseminaret på Elverum, var tilsett som lærar i Frønningen og Fresvik, og flytta seinare til Lepsøy i Os i Hordaland, före han etablerte seg i Skotselv i Buskerud fylke. Der var han lærar ved Hæreskolen og Skotselv skole i fleire tiår. Austbø spela ei sentral rolle i etableringa av Den norske folkeviseringen tidleg i 1920-åra I boka Folkedansen i 20 år 1903-1923 skildrar han ei reise til Færøyane i 1911, der ein delegasjon på 70 nordmenn reiste for å hente impulsar frå færøysk sogedans.   Les meir …
Olav Håkonson Hauge (19081994), mest kjent som Olav H. Hauge, var ein av dei viktigaste norske lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var òg gartnar og dreiv med fruktproduksjon. Olav H. Hauge er kjent for ein ordknapp diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samenlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt.   Les meir …
Rygjasau eller rygja er ein saurase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja. Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse saurasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært oeinsarta saubestand i Rogaland. I det sterke saumiljøet i området hadde det vorte utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse typane for å ha éin rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart vist på sausjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvelt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.   Les meir …
Eilef A. Meland.jpg
Eilef A. Meland (f. 12. april 1947 i Haugesund) er ein SV-politikar og samfunnsvitar frå Rogaland fylke. Han vart satt på Stortinget som SV-representant for Rogaland i 1989–1993, og han var medlem av Finanskomitéen frå 1989 til 1997. For tida (2009) er han tilsett ved helse- og sosialfaglig fakultet ved Universitetet i Stavanger.   Les meir …
Hagbarth Emmanuel Berner eller Hagbard Emanuel Berner (f. 12. september 1839 i Sunndalen; d. 24. januar 1920 i Kristiania) var ein norsk politikar og bladmann som er mest kjent for rollen sin som den første sjefsredaktøren i avisa Dagbladet (1869–79) og som første ledaren i Norsk Kvindesagsforening (1884–1885). Hagbarth Emmanuel Berner vart fødd i 1839 i Sunndalen som son ått sokneprest og avhaldspionér Ole Christian Berner (18071865) og Laura Nicoline Berner, f. Collin. Alt tre år seinare, i 1842, flytta familien til Sogndal, der faren hadde fått stilling som sokneprest. Hagbarth utdana seg til jurist (cand.jur. 1863). I 1865 fikk han Universitetets gullmedalje for ei avhandling om de frammunde kjeldone for Den norske grunnloven.   Les meir …
Borghild Tenden (bilde 01).jpg
Borghild Tenden (f. 23. juni 1951) er ein norsk politikar (V) som opprinnelig kjem frå Stryn kommune i Nordfjord. Ho vart innvelt på Stortinget frå Akershus i 2005 og er nestledar i Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité. Som stortingspolitikar er ho særlig oppteka av effektiv kollektivtrafikk og sikrare vegar. Tenden er universitetsutdana i idrett, pedagogikk og jus (1971–77) og vart cand.polit. i sosiologi i 2000. Ho har arbeidd som lærar ved Valler videregående skole 1978–1993, som konsulent i Venstres stortingsgruppe 1993–1996 og som rådgjevar i Stortingets informasjonsseksjon 1996–2005.   Les meir …
Bergen Singh Sabha Gurdwara er ein gurduārā i Bergen kommune i Hordaland. Han er den einaste gurduārāen på Vestlandet. Bergen Singh Sabha Gurdwara vart stifta den 21. juni 2008 og held til i klubbhuset til Åsane Idrettslag.   Les meir …

Populære sidor

  1. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  2. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  3. Kleppfiskbollar (vist g.)
  4. Eilef A. Meland (vist g.)
  5. Hardangerjakt (vist g.)
  6. Gammelnorsk sau (vist g.)
  7. Hadia Tajik (vist g.)
  8. Rygjasau (vist g.)
  9. Dalasau (vist g.)
  10. Kystgeit (vist g.)
  11. Marie Takvam (vist g.)
  12. Borghild Tenden (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Andreas Haavoll (vist g.)
  15. Pinnekjøtt (vist g.)
  16. Bokbåten «Epos» (vist g.)
  17. Kristofer Janson (vist g.)
  18. Ole Bull (vist g.)
  19. Hagbarth Emmanuel Berner (vist g.)
  20. Olav H. Hauge (vist g.)
  21. Sunnmørsbåt (vist g.)
  22. Israel Gottlieb Wernicke (vist g.)
  23. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  24. Johan Austbø (vist g.)
  25. Fartein Valen (vist g.)
  26. Geitbåt (vist g.)
  27. Romsdaling (vist g.)
  28. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  29. Zemanním for Bergen (vist g.)
  30. Yngvar Nielsen: «Trondhjems stad og len under svensk styrelse» (vist g.)