Emne:Vestlandet

Frå Alnakka.net

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • VESTLANDET • Midt-Norge • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Rogaland • Hordaland • Sogn • Fjordane • Sunnmør • Romsdal

Vestlandet

Artiklar

Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son ått den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter det reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for honom.   Les meir …
Segleaattring1.jpg
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
Marie Takvam (fødd 6. desember 1926, d. 28. januar 2008) var ein forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommuneSunnmør. Ho flytta til Oslo for å studere psykologi og vart buande der i mange år. Takvam debuterte 25 år gammel med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjent ikkje berre for dikta sine, men òg for kor vakker ho var og for det til tider harde livet ho levde.   Les meir …
Dalasau.jpg
Dalasauen (nyn./bm.) er ei krysning mellom spælsau og olike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Norge, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammelnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring.   Les meir …
Eilef A. Meland.jpg
Eilef A. Meland (f. 12. april 1947 i Haugesund) er ein SV-politikar og samfunnsvitar frå Rogaland fylke. Han vart satt på Stortinget som SV-representant for Rogaland i 1989–1993, og han var medlem av Finanskomitéen frå 1989 til 1997. For tida (2009) er han tilsett ved helse- og sosialfaglig fakultet ved Universitetet i Stavanger.   Les meir …
Hagbarth Emmanuel Berner eller Hagbard Emanuel Berner (f. 12. september 1839 i Sunndalen; d. 24. januar 1920 i Kristiania) var ein norsk politikar og bladmann som er mest kjent for rollen sin som den første sjefsredaktøren i avisa Dagbladet (1869–79) og som første ledaren i Norsk Kvindesagsforening (1884–1885). Hagbarth Emmanuel Berner vart fødd i 1839 i Sunndalen som son ått sokneprest og avhaldspionér Ole Christian Berner (18071865) og Laura Nicoline Berner, f. Collin. Alt tre år seinare, i 1842, flytta familien til Sogndal, der faren hadde fått stilling som sokneprest. Hagbarth utdana seg til jurist (cand.jur. 1863). I 1865 fikk han Universitetets gullmedalje for ei avhandling om de frammunde kjeldone for Den norske grunnloven.   Les meir …
Hadia Tajik.jpg
Hadia Tajik (f. 18. juli 1983) er ein journalist og arbeidarpartipolitikar frå Strand kommune i Rogaland. Föreldra innvandra til Norge frå Pakistan före ho vart fødd. Ho vaks opp i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland fylke. Utdaninga hennar inkluderer ein mastergrad i menneskerettigheiter så vel som studium i journalistikk og juss. Ho har arbeidd som journalist blant anna i Aftenposten, Dagbladet og Verdens Gang. Ho vart velt inn på Stortinget ved valet i 2009. Da ho vart utnemnt til kulturminister fredagen den 21. september 2012, vart ho med det den første norske muslimske statsråden i Norge nån gong.   Les meir …
Bergen Singh Sabha Gurdwara er ein gurduārā i Bergen kommune i Hordaland. Han er den einaste gurduārāen på Vestlandet. Bergen Singh Sabha Gurdwara vart stifta den 21. juni 2008 og held til i klubbhuset til Åsane Idrettslag.   Les meir …

Populære sidor

  1. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  2. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  3. Kleppfiskbollar (vist g.)
  4. Eilef A. Meland (vist g.)
  5. Hardangerjakt (vist g.)
  6. Gammelnorsk sau (vist g.)
  7. Hadia Tajik (vist g.)
  8. Rygjasau (vist g.)
  9. Dalasau (vist g.)
  10. Kystgeit (vist g.)
  11. Marie Takvam (vist g.)
  12. Borghild Tenden (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Andreas Haavoll (vist g.)
  15. Pinnekjøtt (vist g.)
  16. Bokbåten «Epos» (vist g.)
  17. Kristofer Janson (vist g.)
  18. Ole Bull (vist g.)
  19. Hagbarth Emmanuel Berner (vist g.)
  20. Olav H. Hauge (vist g.)
  21. Sunnmørsbåt (vist g.)
  22. Israel Gottlieb Wernicke (vist g.)
  23. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  24. Johan Austbø (vist g.)
  25. Fartein Valen (vist g.)
  26. Geitbåt (vist g.)
  27. Romsdaling (vist g.)
  28. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  29. Zemanním for Bergen (vist g.)
  30. Yngvar Nielsen: «Trondhjems stad og len under svensk styrelse» (vist g.)