Emne:Skandinavia

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 12:37 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

tid • stad • skulefag • ymse

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
Skåne • Götaland • Svealand • Jamtland • Norrland
Grønland • Island • Færøyane • Danmark • Finland

Hamborg/Slesvig-Holsten • Litauen • Latvia • Estland

Skandinavia

Artiklar

Det finst fleire olike nynorske leksikon. Det første av dem var Norsk Allkunnebok, som kom med første bandet i 19481949. Sidan siste bandet av Norsk Allkunnebok kom ut med siste heftet i 1966, kom det ikkje noko större leksikonprosjekt på nynorsk att på førti år, men sidan 2006 har det vorte meir aktivitet att.   Les meir …
Pinguinus impennus (Audubon).jpg
Geirfugl (Pinguinus impennis (forelda: Alca impennis)) var ein stor, ikkje-flygande fuglart i alkefamilien. Geirfuglane heldt til i Nord-Atlanteren, der dei hekka på steinote, isolerte øyar med lett tilgang til havet og rike matressursar. Slike plassar var det ikkje mange av, så det fanst berre nån få hekkeplassar for geirfuglane. Utom hekkesesongen svømte geirfuglane over store område på jakt etter mat — frå så langt sør som Nord-Spania og New England til Canada, Grønland, Island, Færøyane, Norge, Storbritannia og Irland. Da europeiske oppdagarar begynte å reise over Atlanterhavet kring år 1500, vart geirfuglane ei lettvint kjelde til mat og fiskagn.   Les meir …
Atlantic Puffin.jpg
Lunde (Fratercula arctica) (nyn./bm./da.; norr./islandsk/fær. lundi, sv. lunne, fi. lunni, est. lunn) eller lundefugl (nyn./bm.; sv. lunnefågel), òg stundom kalla sjøpapegøye, er ein alkefugl som er kjennspak med det fargerike nebbet sitt. Langs Norskekysten har tradisjonelt lunde, alke og ærfugl vore dei økonomisk viktigaste sjøfuglslaga. Det norske namnet lunde, inkludert varianten lundefugl, så vel som det islandske og færøyske lundi kjem frå norrønt lundi. Ordet er innlånt i dansk som lunde og i svensk som lunne eller lunnefågel. Det finske lunni og estiske lunn er truleg lånt gjenom svensk. Det finst to hovudhypotesar om etymologien. Hjalmar Falk (1925) hevda at ordet heng ihop med nyislandsk lundir (‘kvite stripor i fjeset’), som i sin tur kjem frå norrønt lundir (‘kjøtt under ryggrada’). Adam Hyllested (2003, 2006) hevdar at ordet heller er eit norrønt lån frå samiske språk. Det generelle samiske namnet for fugl er ledtie (s.sam.), lådde (pites./lules.) el. loddi (n.sam.), som går tilbake til ei eldre samisk form *londe — jfr. kildinsamisk loann’t.   Les meir …
Vulpes vulpes standing in snow.jpg
Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanlegast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanleg i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre.   Les meir …
22562crj gammelnorsk spelsau paa Gullstein.jpg
Gammelnorsk spælsau (nyn. gamalnorsk spælsau, nyn./bm. gammalnorsk spælsau, bm. gammelnorsk spælsau), tidlegare òg kalla gammeltypisk spælsau, er ein tradisjonell norsk husdyrrase. Ihop med gammelnorsk sau utgjer dei dei tradisjonelle variantane av spælsauen. Gammelnorsk spælsau skil seg ut frå gammelnorsk sau («utgangarsau») særlig ved kraftigare kropp og meir kjøtt. Etter andre verdskrigen har det elles vore innkryssa blant anna islandsk sau og færøysau i hovudstammen av spælsauen, som no utgjer den sterkt modifiserte kvite og farga spælsauen. I dag er den gammelnorske spælsauen stadig meir populær att.   Les meir …
C16277cr islandshoens.jpg
Islandshøns eller landnåmshøns (islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønsrase frå Island. Landnåmsfolket frå Norge hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønone har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønone er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønone er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er roleg. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar.   Les meir …
Lavleen Kaur.jpg
Lavleen Kaur (f. 1976) er ein samfunnsvitar og scenekunstnar frå Oslo. Ho vaks opp i det norske sikh-miljøet som dotter ått eit ektepar som kom til Norge frå India tidleg i 1970-åra. I tillegg til hovudfaget i kriminologi frå Universitetet i Oslo har ho ein grad i klassisk indisk dans frå London.   Les meir …
Hjell-oversikt.arj.jpeg
Tørrfisk (nyn. turrfisk; nyn./bm. tørrfisk; sv. torrfisk; da. tørfisk) eller stokkfisk (sv. stockfisk; da. stokfisk) er osalta fisk som er naturlig tørka av sol og vind på hjell eller, sjeldnare, tørka inne i eigne tørkeri. Å tørke mat er den eldste kjente konserveringsmetoden i verda, og tørka fisk er haldbar på årsvis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gamle tider i Norge; ordet «torsk» kjem frå det norrøne þurskr, som er ei ihoptrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Norge har eksportert lengst, og han er, attmed råoljen, naturgassen og inntektene frå handelsfloten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjenom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …
Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …
Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) er kirkjesamfunnet til unitarane i Noreg. Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme. Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) vidarefører den kristne tradisjonen som i dag lever i dei ungarske og rumenske unitarkirkjone, men legg òg vekt på å praktisere ein felles mosaisk arv. På det viset skil kirkjesamfunnet seg frå mange andre kristenunitarkirkjor. Den norske unitarkirke ligg nær opp til den unitariske szekler-sabbatarianismen og representerer truleg i dag det nærmaste ein i en kristen samanheng kjem til rekonstruksjonistisk jødedom og praksis (såkalla judaiserande kristendom). Detta kjem særleg til synes ved at ein held sjabbát frå fredag kveld til laurdag kveld og feirar han med mange element frå jødisk rituale.   Les meir …

Populære sidor

  1. Spælsau (vist g.)
  2. Tørrsild (vist g.)
  3. Dolmas de col (vist g.)
  4. Spekesild (vist g.)
  5. Grønland (vist g.)
  6. Islandshest (vist g.)
  7. Mandelkake (vist g.)
  8. Tyskfele (vist g.)
  9. Nypesuppe (vist g.)
  10. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  11. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  12. Geitrasar (vist g.)
  13. Rømmegraut (vist g.)
  14. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  15. Kvardagskrem (vist g.)
  16. Rogalandslefse (vist g.)
  17. Blåmann Barnebokklubb (vist g.)
  18. Riskakor (vist g.)
  19. Shaul Wilhelm (vist g.)
  20. Engelske pepparnøtter (vist g.)
  21. Riskake (vist g.)
  22. Sitronkakor (vist g.)
  23. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  24. Rognbakels (vist g.)
  25. Byggrundstykke (vist g.)
  26. Sirupssnippar (vist g.)
  27. Bjurholmshöns (vist g.)
  28. Havremakronar (vist g.)
  29. Lynn Feinberg (vist g.)
  30. Joav Melchior (vist g.)
  31. Rabarbraris (vist g.)
  32. Steigarsau (vist g.)
  33. «Hummar» av aure (vist g.)
  34. Saupsuppe (vist g.)
  35. Dansk sandkake (vist g.)
  36. Ensemblet Sturm und Drang (vist g.)
  37. Grovbrød (vist g.)
  38. Semska–Stødi naturreservat (vist g.)
  39. Silderulettar (vist g.)
  40. Jamtgeit (vist g.)
  41. Ingefærkjeks (vist g.)
  42. Engelsk formkake (vist g.)
  43. Krinalefse (vist g.)
  44. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  45. Måneskinspudding (vist g.)
  46. Lapsk vallhund (vist g.)
  47. Solbærgelé (vist g.)
  48. Rabarbrakake (vist g.)
  49. Bakepulver (vist g.)
  50. Sild i kål (vist g.)
  51. Den baltoskandiske konføderasjonen (vist g.)
  52. Lofothest (vist g.)
  53. Sitronkake (vist g.)
  54. Vaflar av sandkakedeig (vist g.)
  55. Krydderkake (vist g.)
  56. Norsk mjølkegeit (vist g.)
  57. Norsk kvit sau (vist g.)
  58. Gammelnorsk spælsau (vist g.)
  59. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  60. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  61. Iskrem (vist g.)
  62. Mørlefse (vist g.)
  63. Krumkakor (vist g.)
  64. Nordmørsavisa (vist g.)
  65. Rygjasau (vist g.)
  66. Dalasau (vist g.)
  67. Potetkakor (vist g.)
  68. Bohuslän-Dals svarthöna (vist g.)
  69. Tropisk aroma (vist g.)
  70. Færøyhest (vist g.)
  71. Boknafisk (vist g.)
  72. Sildball (vist g.)
  73. Malmö synagoga (vist g.)
  74. Kystgeit (vist g.)
  75. Saltfiskball (vist g.)
  76. Trønder (vist g.)
  77. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  78. Michael Melchior (vist g.)
  79. Nordlandsgeit (vist g.)
  80. Marcus Melchior (vist g.)