Emne:Skandinavia

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 03:38 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

tid • stad • skulefag • ymse

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
Skåne • Götaland • Svealand • Jamtland • Norrland
Grønland • Island • Færøyane • Danmark • Finland

Hamborg/Slesvig-Holsten • Litauen • Latvia • Estland

Skandinavia

Artiklar

Det finst fleire olike nynorske leksikon. Det første av dem var Norsk Allkunnebok, som kom med første bandet i 19481949. Sidan siste bandet av Norsk Allkunnebok kom ut med siste heftet i 1966, kom det ikkje noko större leksikonprosjekt på nynorsk att på førti år, men sidan 2006 har det vorte meir aktivitet att.   Les meir …
Vulpes vulpes standing in snow.jpg
Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanlegast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanleg i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre.   Les meir …
Synagogen i Bergstien i Oslo.jpg
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gikk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande oskadd gjenom heile krigen.   Les meir …
Lapskvallhund.jpg
Lapsk vallhund (sv.) eller lapinporokoira (fi.) er ein mellomstor spisshundrase med opphav i Finland. Den lapske vallhunden blir tradisjonelt bruka som gjetarhund i samband med reindrift. Han vart utskilt som eigen rase i Finland i 1966.   Les meir …
Lyngshest.jpg
Nordlandshest eller lyngshest er ein hesterase frå Nord-Norge. Nordlandshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av nordlandshestar er som ridehest og lett trekkdyr. Nordlandshesten har anane sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller i utmarka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fikk ikkje tilskott av kjøpfôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølv i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.   Les meir …
Lavleen Kaur.jpg
Lavleen Kaur (f. 1976) er ein samfunnsvitar og scenekunstnar frå Oslo. Ho vaks opp i det norske sikh-miljøet som dotter ått eit ektepar som kom til Norge frå India tidleg i 1970-åra. I tillegg til hovudfaget i kriminologi frå Universitetet i Oslo har ho ein grad i klassisk indisk dans frå London.   Les meir …
Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …
10327 Semska-Stodi naturreservat.jpg
Semska–Stødi naturreservat i Saltdal kommune er eit våtmarksområde på høgfjellsplatået på Saltfjellet. Området, som vart verna i 1976, er på kring 13 km² og blir avgrensa av Stødi i sør, Semska i nord og jarnbanelina og E6 i vest.   Les meir …
Peter Christen Asbjoernsen (K. Bergslien, 1870).jpg
Peter Christen Asbjørnsen (f. 15. januar 1812 i Christiania; d. 15. januar 1885 i Christiania) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida har Asbjørnsen vorte ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjent som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ut av borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngikk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør».   Les meir …
Sverre Ludvig Laumb Jensen (fødd 1944) er ein musikar og handverkar frå Oslo. Han er bl.a. kjent for arbeidet sitt med nybygging av eldre norske folkemusikkinstrument, arbeidet sitt med mellomaldermusikk og arbeidet sitt med den andalusiske musikk- og dansesjangeren flamenco. Sverre Jensen er gift med dansaren og koreografen Gloria Riveros Giménez, født i Paraguay.   Les meir …

Populære sidMal:Or

  1. Spælsau (vist g.)
  2. Tørrsild (vist g.)
  3. Dolmas de col (vist g.)
  4. Spekesild (vist g.)
  5. Grønland (vist g.)
  6. Islandshest (vist g.)
  7. Mandelkake (vist g.)
  8. Tyskfele (vist g.)
  9. Nypesuppe (vist g.)
  10. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  11. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  12. Geitrasar (vist g.)
  13. Rømmegraut (vist g.)
  14. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  15. Kvardagskrem (vist g.)
  16. Rogalandslefse (vist g.)
  17. Blåmann Barnebokklubb (vist g.)
  18. Riskakor (vist g.)
  19. Shaul Wilhelm (vist g.)
  20. Engelske pepparnøtter (vist g.)
  21. Riskake (vist g.)
  22. Sitronkakor (vist g.)
  23. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  24. Rognbakels (vist g.)
  25. Byggrundstykke (vist g.)
  26. Sirupssnippar (vist g.)
  27. Bjurholmshöns (vist g.)
  28. Havremakronar (vist g.)
  29. Lynn Feinberg (vist g.)
  30. Joav Melchior (vist g.)
  31. Rabarbraris (vist g.)
  32. Steigarsau (vist g.)
  33. «Hummar» av aure (vist g.)
  34. Saupsuppe (vist g.)
  35. Dansk sandkake (vist g.)
  36. Ensemblet Sturm und Drang (vist g.)
  37. Grovbrød (vist g.)
  38. Semska–Stødi naturreservat (vist g.)
  39. Silderulettar (vist g.)
  40. Jamtgeit (vist g.)
  41. Ingefærkjeks (vist g.)
  42. Engelsk formkake (vist g.)
  43. Krinalefse (vist g.)
  44. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  45. Måneskinspudding (vist g.)
  46. Lapsk vallhund (vist g.)
  47. Solbærgelé (vist g.)
  48. Rabarbrakake (vist g.)
  49. Bakepulver (vist g.)
  50. Sild i kål (vist g.)
  51. Den baltoskandiske konføderasjonen (vist g.)
  52. Lofothest (vist g.)
  53. Sitronkake (vist g.)
  54. Vaflar av sandkakedeig (vist g.)
  55. Krydderkake (vist g.)
  56. Norsk mjølkegeit (vist g.)
  57. Norsk kvit sau (vist g.)
  58. Gammelnorsk spælsau (vist g.)
  59. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  60. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  61. Iskrem (vist g.)
  62. Mørlefse (vist g.)
  63. Krumkakor (vist g.)
  64. Nordmørsavisa (vist g.)
  65. Rygjasau (vist g.)
  66. Dalasau (vist g.)
  67. Potetkakor (vist g.)
  68. Bohuslän-Dals svarthöna (vist g.)
  69. Tropisk aroma (vist g.)
  70. Færøyhest (vist g.)
  71. Boknafisk (vist g.)
  72. Sildball (vist g.)
  73. Malmö synagoga (vist g.)
  74. Kystgeit (vist g.)
  75. Saltfiskball (vist g.)
  76. Trønder (vist g.)
  77. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  78. Michael Melchior (vist g.)
  79. Nordlandsgeit (vist g.)
  80. Marcus Melchior (vist g.)