Emne:Skandinavia
Frå Alnakka.net
SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika
Austlandet • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge |
Abraham Baer (fødd i 26. desember 1834 i Filehne i Prøyssen (no Wieleń i Polen); død den 7. mars 1894 i Göteborg i Sverige) var ein tysk-asjkenazisk ḥazzán, musikar og komponist. Far hans ville at han skulle bli rabbinar, men Abraham var så glad i musikk og synagogesong at han velte å bli ḥazzán (kantor) i staden. I særdeles ung alder flytta han til Tyskland og tok timar for å forberede seg til livet som ḥazzán. Han var ḥazzán i Pakosch og Schwetz i Vestprøyssen ei stund; og i 1857 fikk han ein post i Göteborgs synagoga. Han var alt godt forbereidd i hebraisk og Talmúd, og han eigna tida si til å tileigne seg verdslege kunnskapar, inkludert musikkvitskap. Hovudfokuset hans var innafor jødiske tradisjonelle melodiar, eit felt som hadde vorte lite utforska fram til da. I 1871, etter femten års hardt arbeid, gav han ut verket Bā'al Tefillah, oder der Practische Vorbeter, ei omfattande samling av jødiske tradisjonelle melodiar. Les meir … Marcus Melchior (1897–1969) var ein rabbinar frå København som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nån få år som rabbinar i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934. Les meir …
Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanlegast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanleg i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre. Les meir …
Saltfiskball (utt. ["sɑļ:hƫfɪskˌbɑļ:] el. ["sɑļ:hƫfeskˌbɑļ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på Smøla på Nordmør. Les meir …
Den novarande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinnelig bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925. Les meir …
Grå trøndersau (nyn./bm.), nån gonger berre kalla trøndersau eller grå trønder, er ein saurase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augone. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vara ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England på 1700-talet — truleg ryeland. Les meir … Steigarsau eller steigar er ein saurase som vart utvikla i Nordland fylke frå 1880 og utover. Opphavet er stadeigne sauer som vart kryssa med importert sjeviotsau og seinare sutherlandsau. Steigarsauen er ein roleg, mellomstor og godt kjøttsett sau med gode morseigenskapar. I lag med dei to andre opprinnelege norske blandingsrasane, dalasau og rygjasau, er steigarsauen i ferd med å bevega seg mot ein felles crossbreed-type som blir kalla norsk kvit sau. Les meir … Nordlandsgeit var ein av dei fire norske geiterasane som (i hop med saanengeit) er opphavet til norsk mjølkegeit. Jamt over var nordlandsgeiterne relativt like dei blåe og hornote vestlandsgeiterne, men det var tydeleg lokal variasjon. Typisk levandevekt var 40–45 kg. Misvær fjøsregnskapslag oppgav i 1940 ei årleg middelmjølkmengd på 390 kg og feittprosent på 3 %, medan Skjervold (1962) oppgjev same feittprosent, men middelmjølkmengd på 430 kg. Ei utfordring ved kjeldone er at dei gjerne grupperer geitene meir etter landsdel enn etter type. Såleis skreiv f.eks. Sigurd Trageton (1934): «I Nord-Norge er det mykje geit, men ho er endå meir ueinslaga enn lenger sør. Sume svært små, men og noko større. Målselvdalen hev mykje gode geiter. Lofoten og Vesterålen hev mykje tjoregeit.» At geita i Målselvdalen skilte seg ut kanskje tyde på at geiterne der var av dølatype? Les meir …
Ein hoggorm (nyn./bm. hoggorm, bm./sv. huggorm, da. hugorm), lat. Vipera berus, er ein av over 200 artar i hoggormfamilien (Viperidae). Han er mest utbreidde ormen i verda, den einaste arten i hoggormfamilien som hører heime i Nord-Europa og den einaste viltlevande giftige ormen i Skandinavia. Han finst i heile Sverige med unntak av eit lite område aller lengst nord, og i Norge er det funne hoggorm så langt nord som til Rana kommune på Helgeland. Les meir …
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig. Les meir …
|
|