Emne:Sikhisme

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pākistān. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak vidareutvikla de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Den helige boka ått sikhane, Sri Gurū Granth Sāhib dji, blir rekna som den ellevte gurūen. Sjølve ordet «sikh» er pandjābi og tyder ‘elev’. Sikhar møtest til gudstjeneste i tempel som blir kalla gurduārāer.

Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud, blir ein frelst og slepp attføding. Kontakt får ein gjenom å besøkje olike gurūar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanleg i hinduismen. I sikhtrua er slike ritar knytte til eit materielt jordeliv. De kan derfor ikkje frelse menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Guds Namn, sjabad, Guds Ord og Satsang, selskap med fromme og helige folk, er vegane til frelse.

I dag (2007) er det truleg kring 5 000–7 000 sikhar i Skandinavia, og fleirtalet av dem bur i Norge, der det i dag finst gurduārāer i Oslo og Drammen.   Les meir ...

Artiklar

Bergen Singh Sabha Gurdwara er ein gurduārā i Bergen kommune i Hordaland. Han er den einaste gurduārāen på Vestlandet. Bergen Singh Sabha Gurdwara vart stifta den 21. juni 2008 og held til i klubbhuset til Åsane Idrettslag.   Les meir …
Lavleen Kaur.jpg
Lavleen Kaur (f. 1976) er ein samfunnsvitar og scenekunstnar frå Oslo. Ho vaks opp i det norske sikh-miljøet som dotter ått eit ektepar som kom til Norge frå India tidleg i 1970-åra. I tillegg til hovudfaget i kriminologi frå Universitetet i Oslo har ho ein grad i klassisk indisk dans frå London.   Les meir …
Malkit Singh.jpg
Bhangṛā (pandjābī ਭੰਗੜਾ (gurmukhī), بھنگڑا (sjahmukhī), [ˌpɐŋgɽɑː]; hindī भाँगड़ा, ['bʱɑ:ŋgɽɑ:]), ofte kalla pandjābīpop, er ei livlig danse- og musikkform som oppstod i Pandjāb i India og Pakistan. Bhangṛā er tradisjonelt sett ein folkedans og ikkje ei musikkform, men fram mot slutten av 1900-talet har tydinga gått meir og meir over til å referere til både ein musikkgenre og ein dans. Bhangṛāen har eit sterkt rytmisk driv og slaginstrumenta spelar ein sentral rolle.   Les meir …
Maharani Jind Kaur.jpg
Mahārānī Djind Kaur (f. 1817, d. 1. august 1863 i London), òg populært kalla rānī Djindan, messalinaen av Pandjāb, var den yngste kona ått mahārādjā Randjit Singh og mor ått den siste sikh-keisaren, mahārādjā Dhalīp Singh. I 1845 vart ho regent av Pandjāb for Dhalīp Singh. Kort tid etter den første anglo-sikh-krigen tok britane kontroll over Pandjāb, og i 1846 vart ho avsett som regent, skilt frå sonen sin med makt og forvist til Sheikhupura nærme Lahår. Etter å ha vorte flytta frå fengsel til fengsel, greidde rānī Djindan å rømme frå Chunar Fort i Uttar Pradesh den 19. april 1849. Rānī Djindan kom fram til Kathmandu i Nepal den 29. april 1849 og fikk politisk asyl av statsministeren der, Jung Bahadur.   Les meir …
Southall station sign.jpg
Språket pandjābī (pandjābi ਪੰਜਾਬੀ [pɐṃ'ɟjābī]), ofte skreve panjabi eller punjabi, hører til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Pandjāb-regionane i India og Pākistān. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdas ellevte mest tala språk. Pandjābī er det helige språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangṛā. Pandjābī kan skrivast med tre olike skriftsystem: gurmukhī, som er spesiallaga for språket, sjahmukhī, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og dēvanāgarīskrift, som òg blir bruka for hindī, marāṭhī og nepali.   Les meir …
Karma (sanskrit: कर्म, frå rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendelsar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.   Les meir …
Taus.jpg
Ein tāūs (pandjābī ਤਾਊਸ) er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī för ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som ein påfuglkropp. Den lange instrumenthalsen svarar til halefjørene på påfuglen.   Les meir …
GuruGranthSahib-HarimandirSahib.jpg
Gurmukhī (ਗੁਰਮੁਖੀ) er skrifta som oftast blir bruka til å skrive på språket pandjābī. Skrifta er utvikla frå den seine sjāradāskrifta, som i sin tur har opphav i brāhmīskrifta, og vart standardisert av den andre sikh-gurūen, gurū Angād Dēv, på 1500-talet. Alle dei 1430 sidone av Gurū Granth Sāhib er skrevne i gurmukhī. Sjølve namnet gurmukhī, klassisk pandjābī guramukhī, betyder ‘frå gurū-munnen’.   Les meir …
Stewart-Gurdwara.jpg
Ein gurduārā (pandjābī ਗੁਰਦੁਆਰਾ [gurduārā]) eller gurdvārā (pandjābī ਗੁਰਦਵਾਰਾ [gurdvārā], frå «gurū» (‘lærar’) og «duārā» (‘(ei) dør’)) er eit tempel for sikhar. Gurduārāer inneheld først og fremst den helige boka Gurū Granth Sāhib. Den mest berømte gurduārāen er Harmandir Sāhib, mest kjent som «Det gylne tempelet», i Amritsar i Pandjāb i India. Folk frå alle religiøse bakgrunnar er velkomne i gurduārāene så lenge dei tek av seg skorne og dekkjer haudet före dei går inn i dei heligare delene av gurduārāen. Folk som nettopp har røykt eller drukke alkohol kan bli nekta å komma inn.   Les meir …
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 16667. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfölgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Rollen som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skreve som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjenom eit liv med store personlige tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb krevde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denne krigen at gurū Gōbindh leid så store personlige tap.   Les meir …

Innhald (utval)

 

Populære sidor

  1. SikhiWiki (vist g.)
  2. Samund Singh (vist g.)
  3. Devender Singh (vist g.)
  4. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  5. Sārandā (vist g.)
  6. Djāp Sāhib (vist g.)
  7. Mul mantra (vist g.)
  8. Karma (vist g.)
  9. Pandj kakkē (vist g.)
  10. Tāūs (vist g.)
  11. Gurū Amar Dās (vist g.)
  12. Gurū Angād Dēv (vist g.)
  13. Gurū Hari Krisjan (vist g.)
  14. Dei ti sikh-gurūane (vist g.)
  15. Gurū Hari Rāi (vist g.)
  16. Gurū Rām Dās (vist g.)
  17. Gurū Hari Gōbindh (vist g.)
  18. Gurū Tēgh Bahādur (vist g.)
  19. Djind Kaur (vist g.)
  20. Malkit Singh (vist g.)
  21. Lavleen Kaur (vist g.)
  22. Harimandir Sāhib (vist g.)
  23. Gurū Gōbindh Singh (vist g.)
  24. Gurduārā (vist g.)
  25. Gurū Ardjan Dēv (vist g.)
  26. Bāṇī (vist g.)
  27. Gurū Granth Sāhib (vist g.)
  28. Gurū Nānak Dēv (vist g.)
  29. Pandjābī (vist g.)
  30. Væsākhī (vist g.)
  31. Sikhisme (vist g.)
  32. Gurmukhī (vist g.)
  33. Bhangṛā (vist g.)
  34. Djapdjī Sāhib (vist g.)