Emne:Sau

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

206959 sauer paa Runde.jpg
Ein sau (Ovis aries; nyn./bm. sau; sv. söd), òg kalla blant anna smale og får (nyn./bm./sv./da.), er eit jortande (drøvtyggjande) dyr av saufamilien. Sauen er eitt av dei vanlegaste husdyra og blir framolen for kjøtt og ull. Hosauen blir kalla sau eller søye, hannsauen bekre eller vêr, ungen lam og eittåringen årslam, tikslam eller gimber. Ein frisk sau kan bli 8-12 år gammel, men blir normalt slakta tidlegare. Sauen var eitt av dei første dyra som vart domestisert, truleg i Midtausten for kring 10 000 år sidan. Det er fleire teoriar om kossen prosessen gikk for seg, men den dominerande teorien er at den asiatiske muflonen, som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, er hovudstammora. Den nærslekta muflonen som finst på Sardinia og Korsika er truleg òg blant stammødrene.
Artiklar

Soay ewe.jpg
Soay-sau er ein gammel rase av tamsau (Ovis aries) som stammar frå ei gruppe av forvilla sauer på den 830 mål store øya SoaySt Kilda-øyane, kring 65 km frå the Western Isles i Skottland. Han er éin av dei mange typane av nordeuropeiske spælsaurasar. Soay-sauene har kort spæl (hale) og slepper sjølv ulla, som kan handplukkast om våren og forsommaren. Kvar sau gjev kring ein kilo ull per år. Hoone kan vara kolla eller ha horn, og bekrane har oftast horn. Oftast er soay-sauene lys- til mørkbrune med kvit buk og bakende og/eller kvit flekk under hoka — såkalla muflonmarkering. Enkelte sauer har kvite markeringar i fjeset og/eller på kroppen; og ein sjeldan gong kan ein sjå sauer med einsfarga svart eller brun ull. Soay-sauene har svært fin ull, og i motsetning til muflonane har dei høgt utvikla innerull og det er vanskelig å skilje mellom under- og overulla. Dét er eit tydelig tekn på at sauene kjem frå ein etablert, framolen tamsaurase i tidlegare tider. Flokkinstinktet som er så typisk for mange sauer manglar i soay-sauene, og gjeting med hjelp av gjetarhund fører gjerne til at flokken sprer seg.   Les meir …
C09369 troendersau - Valsoeya.jpg
Grå trøndersau (nyn./bm.), nån gonger berre kalla trøndersau eller grå trønder, er ein saurase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augone. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vara ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — truleg ryeland.   Les meir …
Dalasau.jpg
Dalasauen (nyn./bm.) er ei krysning mellom spælsau og olike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Norge, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammelnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring.   Les meir …
Spaellam.jpg
Kvit spælsau (nyn./bm., stundom skreve (kvit) spelsau), kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk saurase som mange meiner er den opprinnelige saurasen i Norge. Sauen er godt tilpassa klimaet i Norge og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er utbreidd over heile landet i dag, og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.   Les meir …
Steigarsau eller steigar er ein saurase som vart utvikla i Nordland fylke frå 1880 og utover. Opphavet er stadeigne sauer som vart kryssa med importert sjeviotsau og seinare sutherlandsau. Steigarsauen er ein roleg, mellomstor og godt kjøttsett sau med gode morseigenskapar. I lag med dei to andre opprinnelege norske blandingsrasane, dalasau og rygjasau, er steigarsauen i ferd med å bevega seg mot ein felles crossbreed-type som blir kalla norsk kvit sau.   Les meir …
Rygjasau eller rygja er ein saurase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja. Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse saurasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært oeinsarta saubestand i Rogaland. I det sterke saumiljøet i området hadde det vorte utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse typane for å ha éin rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart vist på sausjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvelt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.   Les meir …
206959 sauer paa Runde.jpg
Sauehald er ei undergrein av husdyrbruk. Sauen er truleg eitt av dei eldste husdyra, og i Norge veit vi at det har vore dreve med sauer i alle fall sidan bronsealderen. Sauen er, som geita, god å ta seg fram i ovegsamt landskap og utnyttar utmarksbeite i skog, hei og fjell godt. Saubeite i fjordane og utover øyane på kysten har vore ein hovudgrunn til at kulturlandskapstypen lynghei har vorte så utbreidd langs norskekysten og dei nordlige delene av Dei britiske øyane.   Les meir …
Fritz Loyt Johnsen (f. 22. februar 1916 i Levanger kommune, d. 29. august 1997) var første formannen for det første sau- og geitalslaget i Norge, Nord-Trøndelag Sau- og Geitavlslag (1945–1946); og han var sekretær for Norsk sau– og geitalslag frå det vart stifta våren 1947, og generalsekretær der frå hausten 1947 til han gikk av ved pensjon 67 år gammel i 1983. Han var òg initiativtakar til Akershus og Oslo sau- og geitalslag, som vart stifta i 1950.   Les meir …
Merkebok Tustna cr 127-130.png
Frå gamle tider har sauemerke, òg kalla krøttermerke, som viser kem som eig sauene vore skorne inn i sauørone — på samma viset som reinmerke i reindrifta. Sauemerka har først og fremst vore knyta til gardsbruka med eigarane sine, og merka har oftast gått i arv. Desse sauemerka har gjerne vorte registrert i handskrevne eller trykte merkebøker. Seinare vart sauene identifisert med påskrift på halsklavan i tillegg til dei tradisjonelle saumerka, og frå 1930-åra har aluminiums-øreklips vorte vanleg i staden for halsklavamerkinga. Plast-øreklips tok gradvis over for aluminiumsmerka i løpet av 1980-åra, og frå den tida har dei gamle øremerka gått meir og meir utur bruk. Sidan 2010 har elektroniske øremerke vore påbode anna enn i lam som skal slaktast före dei er 12 månader gamle og som ikkje skal eksporterast til nokko EU- eller EØS-land.   Les meir …
Sauost (nyn./bm. saueost) er ein rund, tynnvorden og tørka ost av saumjølk som tradisjonelt blir bruka som kaffeost blant ein del sjøsamar. I Deatnu (Tana) i Aust-Finnmark vart saumjølka oppvarma og tilsett løype frå sau. Ostmassen vart pressa til ein asjettstor og nån få cm tjukk ost, som så vart opphengt til tørking. Når osten er ferdigtørka, er han ganske haldbar. Osten blir tradisjonelt skava i tynne fliser og hatt oppi kaffen.   Les meir …
206959 sauer paa Runde.jpg
Ein sau (Ovis aries; nyn./bm. sau; sv. söd), òg kalla blant anna smale og får (nyn./bm./sv./da.), er eit jortande (drøvtyggjande) dyr av saufamilien. Sauen er eitt av dei vanlegaste husdyra og blir framolen for kjøtt og ull. Hosauen blir kalla sau eller søye, hannsauen bekre eller vêr, ungen lam og eittåringen årslam, tikslam eller gimber. Ein frisk sau kan bli 8-12 år gammel, men blir normalt slakta tidlegare. Sauen var eitt av dei første dyra som vart domestisert, truleg i Midtausten for kring 10 000 år sidan. Det er fleire teoriar om kossen prosessen gikk for seg, men den dominerande teorien er at den asiatiske muflonen, som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, er hovudstammora. Den nærslekta muflonen som finst på Sardinia og Korsika er truleg òg blant stammødrene.   Les meir …

Populære sidor

  1. Soay-sau (vist g.)
  2. Baa, baa, black sheep (vist g.)
  3. Grå trøndersau (vist g.)
  4. Dalasau (vist g.)
  5. Kvit spælsau (vist g.)
  6. Norsk kvit sau (vist g.)
  7. Steigarsau (vist g.)
  8. Spælsau (vist g.)
  9. Rygjasau (vist g.)
  10. Sauehald (vist g.)
  11. Fritz Loyt Johnsen (vist g.)
  12. Sauemerke (vist g.)
  13. Statens Sauavlsgård på Edøy (vist g.)
  14. Sauost (vist g.)
  15. Spæl (vist g.)
  16. Sau (vist g.)