Emne:Samar

Frå Alnakka.net

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • finnar/kvener • romanifolk • sigøynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • enaresamar • austsamar

Samar

Artiklar

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …
11945cr Sagelv helleristningsfelt.jpg
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturleg størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire olike syn på dateringa av feltet — frå så tidleg som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidlegaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei tauga ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt.   Les meir …
Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …
Johan Turi.jpg
Johan Turi (18541936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vara den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk. Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis truleg det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti olike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.   Les meir …
Spanningsvallen von Duben.jpg
Skogssamar (nyn.; bm./sv. skogssamer, da. skovsamer) er samar som held til i skogslandet heile året og som altså ikkje flyttar opp til fjella om sommaren eller vinteren, i motsetning til fjellsamar. I praksis blir namnet bruka i förbindelse med svenske og finske område; de norske samane med liknande levevis blir oftast kalla sjysamar. I historisk tid har det funnest skogssamar i alle fall frå nordre Ångermanland og nordover i Sverige. De to sørligaste lappmarkene, Åsele og Lycksele lappmark, omfatta före 1606 ikkje fjellområdet, men berre reint skogssamiske område. Det samma galdt Kemi lappmark i novarande Finland. I de andre lappmarkene fanst skogssamar innaför heile skogslandet. Skogssamane i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker vart assimilert i den finske og svenske befolkninga i løpet av 1600-, 1700- og 1800-talet. Idag finst ein levande skogssamisk kultur innom skogslandet i Norrbottens län, og i tillegg i Malå i Västerbottens län.   Les meir …
Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …
CladoniaSpec01.jpg
Kystreinlav (Cladonia portentosa ((Dufour) Coem), syn. Cladonia impexa (Harm.)) (bm./nyn.; sv. hedrenlav, da. hede-rensdyrlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Arten er blant anna vanleg i kystheier i Skandinavia og på lyngheier i Vest-Europa.   Les meir …
Kvitkrull cladonia stellaris.jpg
Kvitkrull (Cladonia stellaris, syn. Cladonia alpestris (L.)) (bm./nyn.; sv. fönsterlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Kvitkrull veks på bakkan med 5–15 cm høge podetium. Han manglar horisontaltallus. Farga er gulkvit til lysgul og han er rikt forgreina. Greinspissane pekar i alle retningar og danar tette og avrunda toppar. Kvitkrull er vanleg over heile Norge og Sverige anna enn i dei ytste kyststrøka i Norge og i Skåne lengst sør i Sverige. Kvitkrull er særleg vanleg i nordlege strøk og i barskogs- og fjellstrøk, derav det eldre vitskaplige namnet C. alpestris (Linné). Kvitkrullen veks generelt gjerne samen med lys reinlav og grå reinlav, og han er generelt vanlegare i Sør-Norge enn desse to andre reinlavartane. Kvitkrull er viktig som næring for rein. Særleg om vinteren i Sør-Norge utgjer han ein vesentleg del av beitet.   Les meir …
C07882 Skeppsholmen timmerkaata.jpg
Ei tømmerkåte (sv. timmerkåta) er ein hovudsakleg skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sétt er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sétt 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogastongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanleg, men slik vi kjenner desse kåtone i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dem av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåtor er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland.   Les meir …
Sauost (nyn./bm. saueost) er ein rund, tynnvorden og tørka ost av saumjølk som tradisjonelt blir bruka som kaffeost blant ein del sjøsamar. I Deatnu (Tana) i Aust-Finnmark vart saumjølka oppvarma og tilsett løype frå sau. Ostmassen vart pressa til ein asjettstor og nån få cm tjukk ost, som så vart opphengt til tørking. Når osten er ferdigtørka, er han ganske haldbar. Osten blir tradisjonelt skava i tynne fliser og hatt oppi kaffen.   Les meir …

Populære sidor

  1. Eliel Lagercrantz (vist g.)
  2. Tablut (vist g.)
  3. Nattskare (vist g.)
  4. Raide (vist g.)
  5. Gjeldsimle (vist g.)
  6. Pulk (vist g.)
  7. Sytingsrein (vist g.)
  8. Finnguten (vist g.)
  9. Lapsk vallhund (vist g.)
  10. Kaffeost (vist g.)
  11. Sauost (vist g.)
  12. Rørossamisk (vist g.)
  13. Boris Gleb (vist g.)
  14. Če´vetjäu´rr (vist g.)
  15. Petsjenga (vist g.)
  16. Sää´mođđâz (vist g.)
  17. Bufinnar (vist g.)
  18. Kystreinlav (vist g.)
  19. Sjnjaka (vist g.)
  20. Annok Sarri Nordrå (vist g.)
  21. Trollheimsloven (vist g.)
  22. Reindrift på Island (vist g.)
  23. Karibu (vist g.)
  24. Reingjelding (vist g.)
  25. Laara jïh Læjsa (vist g.)
  26. Skoltesamar (vist g.)
  27. Grønlandsrein (vist g.)
  28. Henrik Johansson Ganander (vist g.)
  29. Muærrkejávvre (vist g.)
  30. Johan Turi (vist g.)
  31. Tømmerkåte (vist g.)
  32. Pearykaribu (vist g.)
  33. Sørsamar (vist g.)
  34. Svalbardrein (vist g.)
  35. Sagelv helleristningsfelt (vist g.)
  36. Reinlav (vist g.)
  37. Ella Holm Bull (vist g.)
  38. Halász Ignácz (vist g.)
  39. Kvitkrull (vist g.)
  40. Reinost (vist g.)
  41. Reindrift ved Sørishavet (vist g.)
  42. Israel Ruong (vist g.)
  43. Skoltesamiske båtar (vist g.)
  44. Reindrift (vist g.)
  45. Sørsamisk (vist g.)
  46. Reindrift i Skottland (vist g.)
  47. Mjølkarrein (vist g.)
  48. Lappgeit (vist g.)
  49. Just Knud Qvigstad (vist g.)
  50. Peder Clauſſøn: «Beſkriffuelſe om Siøfinnerne i beſynderlighed» (vist g.)
  51. Skogsrein (vist g.)
  52. Rein (vist g.)
  53. Skogssamar (vist g.)