Emne:Renessansemusikk

Frå Alnakka.net

mellomalderen • renessansen • barokken • klassisismen • romantikken • modernismen
folkemusikk • pop/rock/jazz

Renessansemusikk

Artiklar

Carlo Gesualdo.jpg
Don Carlo Gesualdo, principe di Venosa (15661613) var ein luttspelar, komponist og adelsmann frå Italia som på den eine sida er kjent for de intenst ekspressive madrigalane sine, som inneheld ein sterkt kromatisk modal harmonikk som gjev assosiasjonar til substansharmonikken som vi finn i seinromantisk musikk kring 300 år seinare; og på den andre sida for det mest berykta dobbeltdrapet i den vestlige musikkhistoria.   Les meir …
Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.   Les meir …

Populære sidor

  1. Carlo Gesualdo (vist g.)
  2. Bilde av renessansekomponistar (vist g.)
  3. Cembalo (vist g.)
  4. Middeltonetemperering (vist g.)
  5. Gambe (vist g.)