Emne:Rein og reindrift

Frå Alnakka.net

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • finnar/kvener • romanifolk • sigøynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • enaresamar • austsamar

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

Generelt
20070818-0001-strolling reindeer.jpg

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus), òg kalla karibu (caribou) i Nord-Amerika, er eit hjortdyr (Cervidae) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinen lever i dei nordligaste landområda på jorda og greier seg fint i ekstrem kulde og djup sny. Reinen skil seg frå resten av hjortdyra med at hodyra òg har gevir. Den eurasiske reinen skil seg òg ut med å vara det einaste av hjortdyra som tradisjonelt blir utnytta som husdyr — hovudsakleg blant samar i Skandinavia og Nordvest-Russland så vel som blant fleire urfolk kring Uralfjella og i det nordlige Sibir. Reinen er ein art som først og fremst utmerker seg med det store geviret — både blant bukkar og simlor. Det finst fleire underartar som varierer i størrelse og utbredelse. Hovudtendensen er at dei sørlige underartane er fysisk större enn dei nordlige.


Reindeer herding.jpg

Reindrift er ei tradisjonell naturbruksform som er vanleg i fleire kulturar i dei nordligaste områda av Eurasia. I Skandinavia og Nordvest-Russland vestom Kvitsjøen er reindrift ein i all hovudsak samisk leveveg, sjølv om utveksling av tjenestor gjenom bl.a. sytingsrein og sytingsgeiter («lappgeiter») har bunde reindriftssamar og bufaste, inkludert både samar og ikkje-samar, ihop på tvers av næringsvegar og kulturar. Austom Kvitsjyen og heilt aust til Aust-Sibir er reindrift vanleg i mange kulturar, frå nenetsar («samojedar») i området austom Arkhangel’sk og kring Uralfjella, til чавчывав (čavčyvav, den reindriftsbaserte gruppa blant korjakane ved Beringhavet og nordom Kamtsjatkahalvøya.

Artiklar

Svalbardrein pho.jpg
Svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus), òg kalla spitsbergenrein, er ein underart av rein som har sin naturlige utbredelse på Svalbard. Svalbardreinen skil seg frå den nærmaste slektningen sin, den hovudsakleg midt- og nordskandinaviske fjellreinen, blant anna ved at han er mindre og tettare bygd, ved det korte og relativt runde haudet, og ved vinterpelsen, som er heilt lys. Underarten har vore freda sidan 1925, og i 2000 vart bestanden anslege til kring 11 000 dyr.   Les meir …
Cladonia rangiferina Graa reinlav.jpg
Reinlav, òg kalla reinmose, er fellesnamnet på fleire olike lavartar i underslekta Cladina av slekta Cladonia. Talluset (plantelekamen) til reinmosen er laust festa til underlaget, og tallushøgda varierer frå ner mot 3 cm og opp mot 15 cm. Reinlaven veks rett frå jordgrunnen og har tilpassa seg ekstrem temperaturvariasjon. Nån av reinlavslaga veks i store mengder i skog, fjell og tundra på den nordlige halvkula. Om vinteren er reinlav hovudnæringa til reinen, som dekkjer opp til 90 % av næringsbehovet sitt med reinlav. Andre bruksområde for reinlaven inkluderer tetting av hus (særleg laven kvitkrull) og, særleg i nyare tid, dekorasjon.   Les meir …
Caribou.jpg
Karibu (innlånt til engelsk som caribou kring 1665, truleg frå mi'kmaq kaleboo), eller nordamerikansk rein, er fellesnamnet på fleire underartar av rein (Rangifer tarandus) som har sitt naturlige utbredelsesområde i Nord-Amerika og på Grønland. Dei nolevande underartane av karibuen er skogskaribu (Rangifer tarandus caribou), grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi). I tillegg blir alaskakaribu (Rangifer tarandus granti) medrekna, men det er osikkert om alaskakaribuen eigentlig bør reknast som ein eigen underart eller som populasjonar av grønlandsrein.   Les meir …
Johan Turi Kloevraid.png
Ein raide (s.sam. raajroe, Mal:Rør.raajda; pites., rájjdo, lules. rájddo, n.sam. ráidu, Mal:Skoltes. räidd) er ei rekkje av ihopbundne reinar med pulkar, sledar og/eller kløvlast.   Les meir …
Iceland reindeer 1.jpg
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 17711787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Norge, og blant dem som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selte seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen.   Les meir …
Reindeer gallops by snoozing Gentoo Penguins.jpg
Reindrifta ved Sørishavet kom i gang da ti tamreinar (3 oksar og 7 simlor) vart innkjøpt i Hemsedal i 1911 og utsett av brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av øya Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snyras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken. Nyare framlagte data tyder på at dyra som vart innført i 1925 kom frå samma kjelda som dyra som vart innført i 1911. Fleire år seinare vart det gjort forsøk på etablering av reinflokkar i Argentina, Chile og Kerguelane. Berre det sistnemnte forsøket, midt i 1950-åra, var vellykka. I 2001 vart 59 reinkalvar frå Sør-Georgia flytta til Falklandsøyane for etablering av reindrift der.   Les meir …
11110cr skahppo.jpg
Reinost (nyn./bm.; bm./sv. renost; s.sam. bovtsenvuasta; pites. buhttsuvuässtá -st-; lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mörke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flatvordne, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (s.sam. deajvoe, pites. dæjjvo -jv-, lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (s.sam. skaahpoe, skaahpa; pites./lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen.   Les meir …
Reindeer milking.jpg
Ein mjølkarrein (nyn.) eller mjølkrein (sv. mjölkren, nyn./bm. mjølkerein, bm. melkerein) er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkarreinane ein vesentleg del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nån få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkarreindrift har vore vanleg i store deler av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkarreindrifta stort sétt forsvunne.   Les meir …
Lapskvallhund.jpg
Lapsk vallhund (sv.) eller lapinporokoira (fi.) er ein mellomstor spisshundrase med opphav i Finland. Den lapske vallhunden blir tradisjonelt bruka som gjetarhund i samband med reindrift. Han vart utskilt som eigen rase i Finland i 1966.   Les meir …
Mech 06.jpg
Pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi), en. Peary Caribou, er den minste underarten av dei nordamerikanske karibuane og lever på dei høgarktiske øyane lengst nord i Nunavut og Northwest Territories. Pearykaribuen er den minste av dei nordamerikanske reinane: Vaksne simlor har ei snittvekt på 60 kg og snittlengd på 1,4 m, og vaksne oksar har ei snittvekt på 110 kg og snittlengd på 1,7 m. Pelsen er på lag skifergrå om somrane og nærmast kvit om vinteren. Karakteristiske drag som dei deler med svalbardreinen er den korte mulen og dei korte føterne. I 1961 fanst det over 40 000 pearykaribuar, men i 2009 var bestanden nere i kring 700 dyr. Hovudgrunnen til den dramatiske nergangen er truleg dei milde vintrane med mykje smelting og frysing, slik at beita låser seg.   Les meir …

Pekarar


 
Populære sidor

  1. Svalbardrein (vist g.)
  2. Skogsrein (vist g.)
  3. Rein (vist g.)
  4. Reinlav (vist g.)
  5. Karibu (vist g.)
  6. Raide (vist g.)
  7. Reindrift på Island (vist g.)
  8. Reindrift i Skottland (vist g.)
  9. Reindrift ved Sørishavet (vist g.)
  10. Sytingsrein (vist g.)
  11. Reinost (vist g.)
  12. Mjølkarrein (vist g.)
  13. Reingjelding (vist g.)
  14. Pulk (vist g.)
  15. Lapsk vallhund (vist g.)
  16. Reindrift (vist g.)
  17. Trollheimsloven (vist g.)
  18. Grønlandsrein (vist g.)
  19. Pearykaribu (vist g.)
  20. Kvitkrull (vist g.)
  21. Kystreinlav (vist g.)
  22. Gjeldsimle (vist g.)
  23. Nattskare (vist g.)
  24. Sagelv helleristningsfelt (vist g.)