Emne:Kystkultur

Frå Alnakka.net

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Sjøhus og kai i SagvikaStabblandet.
Foto: Olve Utne

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvelte artiklar

Milnbrygga Kristiansund.jpg
Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vindor for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedörer (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone vart innhavt ved lossing av skuta og uthavt ved lasting.   Les meir …
Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
Segleaattring1.jpg
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …
Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Jappe Ippes (ca 16551720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ner i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fikk han kongelig bevilling for å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og for å drive direkte eksport frå Fosna (det novarande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna.   Les meir …
Thymallus thymallus by Christian Maier.jpg
Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; s.sam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enaresam. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanleg mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanleg i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo.   Les meir …
15571 sildball.jpg
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …
6310 lyrodd.jpg
Ein lyrodd (norr. hlýr (‘baug’) + odd), òg kalla hyrodd i Hemne, nyrodd i Åfjorden og ljørodd ein del plassar i Nord-Norge, er eit bordkne som danar ein runda overgang mellom ripa og stamnen på geitbåtar og nordlandsbåtar. I eldre tid har lyroddar vore vanlege på fleire andre tradisjonelle båttypar i Norge òg.   Les meir …
C02558 Fjordamerra (1842).jpg
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les meir …
Eit svalgangsnaust er eit naust der eine langsida, som typisk sett gjerne vender mot sør (eller unna vêret), har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsnaust er på Nordre Nordmør, og da særleg Aure og Heim kommunar.   Les meir …


Pekarar

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK