Emne:Kystkultur

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. april 2020 kl. 23:18 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{emne}} {| cellspacing="0" cellpadding="10" | colspan="2" | {{utvalt kystkulturbilde {{MÅNADNONAMN}}}} {{Velkommen Kystkultur}} |- | width="50%" valign="top" style="borde…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Pause i arbeidet på fiskberga ved InnersetraTustnaNordmør kring 1950.

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvelte artiklar

Milnbrygga Kristiansund.jpg
Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vindor for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedörer (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone vart innhavt ved lossing av skuta og uthavt ved lasting.   Les meir …
Shnyaka.gif
Sjnjaka (russ. шняка, шнека el. шнек) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med eldre skoltebaskar og liknande båtar, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei største fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryt med fokk.   Les meir …
Seglande nordlandsbaatar.jpg
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.   Les meir …
Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidlegare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidlegare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil.   Les meir …
Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Thymallus thymallus by Christian Maier.jpg
Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; s.sam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enaresam. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanleg mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanleg i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo.   Les meir …
Milnbrygga Kristiansund.jpg
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser kossen kleppfiskproduksjonen har gått for seg i Norge gjenom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der, der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.   Les meir …
C23050 aurgjeldsfyring.jpg
Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordlegaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelege båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestgjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i det gamle Hemne prestgjeld, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen oppetter Trøndelag òg.   Les meir …
6310 lyrodd.jpg
Ein lyrodd (norr. hlýr (‘baug’) + odd), òg kalla hyrodd i Hemne, nyrodd i Åfjorden og ljørodd ein del plassar i Nord-Norge, er eit bordkne som danar ein runda overgang mellom ripa og stamnen på geitbåtar og nordlandsbåtar. I eldre tid har lyroddar vore vanlege på fleire andre tradisjonelle båttypar i Norge òg.   Les meir …
Eit svalgangsnaust er eit naust der eine langsida, som typisk sett gjerne vender mot sør (eller unna vêret), har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsnaust er på Nordre Nordmør, og da særleg Aure og Heim kommunar.   Les meir …


Pekarar

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK