Emne:Kystkultur
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
![]() Esnogaen i Altona var synagoge for det portugisarjødiske samfunnet i Altona frå han vart oppført etter løyve frå kong Christian VII av Danmark og Noreg i 1771 og fram til 1882. Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk. Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet. | |
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar. Les meir … Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidlegare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidlegare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil. Les meir … Kristian Kielland (f. 1899 i Trondhjem, d. 1984 s.s.) var ein arkitekt og konservator som blant anna er kjent for arbeidet sitt med tradisjonsbåtar, inkludert oppmåling og fotografering. Han vart fødd tisdagen den 11. april 1899 i Trondhjem ått foreldra Margit Løchen og arkitekt Gabriel Kielland. Han vaks opp i fødebyen og vart immatrikulert ved NTH i 1918. Han fullførte arkitektutdaninga der i 1927 og begynte da å arbeide som assistent ved Nordenfjeldske Kunstforening. Samma året gifta han seg med Magda Haugen (1900–1990). I 1929 tok han eksamen i kunsthistorie ved Göteborgs Högskola, og frå 1930 var han konservator ved Nordenfjeldske Kunstforening. I 1940 vart han direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum (no Norsk Maritimt Museum. Kristian Kielland dødde 85 år gammel laurdag den 18. august 1984 i Trondheim. Les meir …
En seiltur Kristiansund–Lofoten, en strekning på ca. 100 sjømil, kan ofte være en seilads med forhindringer, på grunn av enten stille eller storm, som i begge tilfeller oftest er ufarbart vær for en seiler. Dessuten har man Folla og Vestfjorden, som betinger noenlunde rimeligt vær. Derfor er det naturligt her, som på enhver befordret veistrekning, at man blir nødt til å passere de forskjellige milepele der gir en reisende anledning til å stanse op og tenke litt tilbake. Den første milepel vil jeg kalle Besaker, i Sørtrøndelag, hvor man som regel ankrer op for å avvente noenlunde bra vær over Folla, som ofte kan være stygg med høi sjø. En otte dages venten på Besaker har en seiler ofte måttet nøie sig med i stormende vær. Det gjelder da å ha gode betøininger ute; thi Besaker havn er bekjent for sin hårdførhet, da enhver vindretning her, pleier å gjøre sin rett gjeldende, hvorfor det er sagt, at «Besaker har sitt spesialrokk». Når man så får slippe løs og hele flåten — ofte 20 a 30 fartøier letter anker og skjøter av for en frisk bris, drivende mot Nordhavets dønning ut Buholmråsa til Folls, er det et stolt syn og vidner om, at det er tradisjon i en seiltur langs Norges kyst. Og dikterens ord: «Vår ære og vår makt har hvite seil oss bragt» er man villig til å innrømme. Les meir …
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Les meir …
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Denne handelen har gått for seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år. Les meir …
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innadørs tørkeanlegg. Les meir …
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i Aure på Nordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til Geitbåtmuseet på Engjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997. Les meir …
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten og to til tre par årar, vart tradisjonelt bygd på Evensgård og Kvæl på Røkland i Saltdalen for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) kring Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotnaskrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan brytast av ved stor belastning), men naturleg vaksne heiltre-keipar med solide hammelband av sauma dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med breid base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komma seg fram i sterk straum, men til gjengjeld osikker når både straumen og vinden er sterk. Les meir …
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanleg fram til tidleg på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentleg lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelege lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og da særleg åttringane, fikk ord på seg for å vara otrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskeleg kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlege grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsakleg saga bordgangar vart utvikla. Les meir …
|
SJØBRUK OG SKIPSFART
|