Emne:Kystkultur

Frå Alnakka.net

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Esnogaen i Altona var synagoge for det portugisarjødiske samfunnet i Altona frå han vart oppført etter løyve frå kong Christian VII av Danmark og Noreg i 1771 og fram til 1882.

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvelte artiklar

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Kristian Kielland (f. 1899 i Trondhjem, d. 1984 s.s.) var ein arkitekt og konservator som blant anna er kjent for arbeidet sitt med tradisjonsbåtar, inkludert oppmåling og fotografering. Han vart fødd tisdagen den 11. april 1899 i Trondhjem ått foreldra Margit Løchen og arkitekt Gabriel Kielland. Han vaks opp i fødebyen og vart immatrikulert ved NTH i 1918. Han fullførte arkitektutdaninga der i 1927 og begynte da å arbeide som assistent ved Nordenfjeldske Kunstforening. Samma året gifta han seg med Magda Haugen (1900–1990). I 1929 tok han eksamen i kunsthistorie ved Göteborgs Högskola, og frå 1930 var han konservator ved Nordenfjeldske Kunstforening. I 1940 vart han direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum (no Norsk Maritimt Museum. Kristian Kielland dødde 85 år gammel laurdag den 18. august 1984 i Trondheim.   Les meir …
Arabolt.png
Arabolt, i formene Arabolten (Mal:Sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergruppor. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre. Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei oreine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjera. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvorden haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss. Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, i hop med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei oreine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvorden holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvorden og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m. Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det oreine farvatnet mellom leida sørom Langholmen i nord og Møyslåttsvaet og leida sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.   Les meir …
Jappe Ippes (ca 16551720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ner i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fikk han kongelig bevilling for å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og for å drive direkte eksport frå Fosna (det novarande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna.   Les meir …
C06623crj Gadus morhua.jpg
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Denne handelen har gått for seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.   Les meir …
Klippfisk.jpg
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innadørs tørkeanlegg.   Les meir …
6310 lyrodd.jpg
Ein lyrodd (norr. hlýr (‘baug’) + odd), òg kalla hyrodd i Hemne, nyrodd i Åfjorden og ljørodd ein del plassar i Nord-Norge, er eit bordkne som danar ein runda overgang mellom ripa og stamnen på geitbåtar og nordlandsbåtar. I eldre tid har lyroddar vore vanlege på fleire andre tradisjonelle båttypar i Norge òg.   Les meir …
C02558 Fjordamerra (1842).jpg
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les meir …
6611 bryggje paa Innerberg.jpg
Ei svalgangsbryggje er ei bryggje (sjøhus, sjøbu) der enten eine langsida, som ofte vender mot sør (eller unna vêret), eller nedste etasjen på sjøsida (somme gonger begge) har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsbryggjor er på Nordre Nordmør, og da særleg innafor Aure og Heim kommunar.   Les meir …
C01878crj Glomstadgeita.jpg
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstamna vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstamna åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den veldig langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …


Pekarar

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK