Emne:Klassisistisk musikk

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

mellomalderen • renessansen • barokken • klassisismen • romantikken • modernismen
folkemusikk • pop/rock/jazz

Klassisistisk musikk

Artiklar

N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen.   Les meir …
Viol Abel TGainsborough1765.jpg
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis for det. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse.   Les meir …
Martini bologna mozart 1777.jpg
Wolfgang Amadeus Mozart (17561791) var ein klassisistisk komponist og pianist frå Austerrike. Han er kjent som vidunderbarn og komponist av mange olike musikkstykke i klassisistisk stil. Han skreiv nån av høgdepunkta innaför opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk. Mozart var fødd den 27. januar 1756 i Salzburg, i det sjølvstendige erkebispedømmet Salzburg, og vart døpt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han vart fødd. Mora var Anna Maria Pertl Mozart, og faren var Leopold Mozart, ein ledande europeisk musikkpedagog. Leopold tok til å undervise sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.   Les meir …
WP Johan Daniel Berlin.jpg
Johan Daniel Berlin (17141787) var ein komponist, organist og bymusikar i Trondheim. Berlin vart fødd den 12. mai 1714 i den prøyssiske byen Memel, i det novarande Litauen. Han reiste til København i 1730 og lærte med bymusikaren Andreas Berg de neste sju åra. Frå 1737 til 1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741–1787) og Vår Frue kirkje i Trondheim (1752–1761).   Les meir …
Johan Henrich Berlin (17411807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son ått Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døpt i Nidarosdomen søndag den 1. september samma året. Johan Henrich fikk musikkundervisning av far sin og fikk tidleg vikariat som organist. Han fikk stilling som organist ved Hospitalskirkja alt 17 år gammel, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje.   Les meir …

Populære sidor

  1. Spinett (vist g.)
  2. Cristiano Giuseppe Lidarti (vist g.)
  3. Menuett (vist g.)
  4. Carl Friedrich Abel (vist g.)
  5. Wolfgang Amadeus Mozart (vist g.)
  6. Thomas Augustine Arne (vist g.)
  7. Johan Daniel Berlin (vist g.)
  8. Johan Henrich Berlin (vist g.)
  9. Ludwig van Beethoven (vist g.)
  10. Bilde av klassisistiske komponistar (vist g.)