Emne:Klassisistisk musikk

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 12:33 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

mellomalderen • renessansen • barokken • klassisismen • romantikken • modernismen
folkemusikk • pop/rock/jazz

Klassisistisk musikk

Artiklar

Nathaniel Dance-Holland - Cristiano Giuseppe Lidarti and Giovanni Battista Tempesti - Google Art Project.jpg
Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særlig er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christiano Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gikk på skule ved cisterciensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben.   Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen.   Les meir …
Viol Abel TGainsborough1765.jpg
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis for det. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse.   Les meir …
Thomas Augustine Arne.jpg
Thomas Augustine Arne (mars 17105. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — blant anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela ått William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fikk utdaninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikelig anledning til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist.   Les meir …
WP Johan Daniel Berlin.jpg
Johan Daniel Berlin (17141787) var ein komponist, organist og bymusikar i Trondheim. Berlin vart fødd den 12. mai 1714 i den prøyssiske byen Memel, i det novarande Litauen. Han reiste til København i 1730 og lærte med bymusikaren Andreas Berg de neste sju åra. Frå 1737 til 1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741–1787) og Vår Frue kirkje i Trondheim (1752–1761).   Les meir …
Beethoven 3.jpg
Ludwig van Beethoven (f. ca 16. desember 1770, d. 26. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og for klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjenom tidene.   Les meir …

Populære sidor

  1. Spinett (vist g.)
  2. Cristiano Giuseppe Lidarti (vist g.)
  3. Menuett (vist g.)
  4. Carl Friedrich Abel (vist g.)
  5. Wolfgang Amadeus Mozart (vist g.)
  6. Thomas Augustine Arne (vist g.)
  7. Johan Daniel Berlin (vist g.)
  8. Johan Henrich Berlin (vist g.)
  9. Ludwig van Beethoven (vist g.)
  10. Bilde av klassisistiske komponistar (vist g.)