Emne:Kasjrút

Frå Alnakka.net

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Kasjrút er læra om kva råvaror, tillagingsmåtar og matkombinasjonar som er tillatne etter halakhá (jødisk religiøs lov). Kasjrút byggjer på dei bibelske grunnprinsippa frå Toráen og dei rabbinske prinsippa frå Misjná. Det er litt variasjon i detaljane kring kva som blir rekna som kasjér; særlig er det förskjell mellom sefardiske og asjkenaziske tradisjonar, men det er òg ein del olikheiter mellom ortodoks og masorti jødedom, og i tillegg mellom f.eks. Israel, Europa og USA innaför kvar gruppe.

Alle tradisjonar er einige om skiljet mellom dyr som er tahór (som kan bli bruka til kasjér mat) og dyr som ikkje er tahór — sjølv om det er enkelte mindre förskjellar i detaljane om kva dyr som blir rekna som tahór. Alle tradisjonane er òg einige om at kjøtt berre er kasjér (brukande til mat) om det kjem frå tahóre dyr som er slakta på rett vis. Alt kjøtt frå dyr som dødde på anna vis blir rekna som taréf og er förbode å eta. Forbodet mot å koke kjeet i mjølka av mor si blir i alle novarande rabbinske tradisjonar utlagt som eit totalförbod mot å eta noko som helst kjøtt av pattedyr og fuglar i lag med noka mengd av mjølkeprodukt i samma måltidet.

Ein del matförskrifter er tidsbundne. Dei matförskriftene inkluderer forbodet mot å koke nye matretter på sjabbát og forbodet mot å eta gjæra mat av dei fem kornslaga under pesaḥ (den jødiske påska). Detaljane i dei tidsbundne matförskriftene varierer ein god del mellom tradisjonane. Slik vil mange sefardím eta ris (og delvis òg havre) fritt under pesaḥ, medan dei fleste asjkenazím vil halde seg unna desse råvarone og dei fleste andre frø og belgvekster under pesaḥ.

Somme matförskrifter er stadbundne, og da først og fremst tilknytte Èreṣ Jisraél. Dét gjeld særlig landbrukslovane — slik som f.eks. loven om mangasér (tiend), jasján (å ikkje bruke avlinga före den fastsette tida) og sjemittá (sabbatsåret). Desse lovane har vore lite følgt sidan före korstogstida, men dei er på veg inn att i deler av vår tids tradisjonelle jødedom.

Artiklar

Cochineal drawing.jpg
Cochinilla (Dactylopius cocchus) (sp.), òg skreve cochenille (fr.) og koskenille, er ei skjoldlus frå México, Mellom-Amerika og tropiske og subtropiske deler av Sør-Amerika som lever på kaktusar i Opuntia-familien. Kroppen og egga av cochinilla-lusa blir tørka og oppmolne til fargestoffet karmin — ein varig raudfarge som blant anna blir bruka i kunstmåling, tekstilfarging og sminke. Karmin (E120) blir bruka i matproduksjon òg, men sidan råvara er eit insekt, blir karmin generelt rekna som olovlig/oetande i jødedommen og i deler av islām så vel som blant vegetarianarar og veganar. Karmin kan i sjeldne fall gje alvorlige allergiske reaksjonar.   Les meir …
Schect.jpg
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]) eller schächting (gjenom tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse förskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdana sjoḥét. Slaktemåten liknar mykje på dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg har sjeḥitá fellestrekk med det ein finn såvel blant tradisjonelle reindriftssamar som blant tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Det er såleis ein tradisjon med djupe røter i skandinavisk kultur heller enn eit frammundelement her til lands.   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …
0214 pesahmat ris mais.jpg
Kva matvaror som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer ein del mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er förboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli förveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …

Sentrale artiklar

Mal:Innhald Kasjrút


 
Populære sidor

  1. Løype (vist g.)
  2. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  3. Kitnijjót (vist g.)
  4. Ḥaméṣ (vist g.)
  5. Batél barób (vist g.)
  6. Matforskrifter for sjabbát (vist g.)
  7. Økokasjrút (vist g.)
  8. Matføreskrifter for pesaḥ (vist g.)
  9. Matforskrifter for pesaḥ (vist g.)
  10. Matvaror for pesaḥ (vist g.)
  11. Sjeḥitá (vist g.)
  12. Cochinilla (vist g.)
  13. Kasjrút (vist g.)