Emne:Jødedom
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider |
Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie. Les meir ... Heilt generelle tingfinn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.
Dagen i dag
| |||||||||||||||||||||||
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra. Les meir … Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden. Les meir …
Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, ettersom fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt: Parasjàt EmórTorá(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie. I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda. Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling. Haftará(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem. Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Les meir … Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi. Les meir …
Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innaför masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30. Les meir …
Menasseh Ben Israel (1604–1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, og dessutan grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626. Manoel Dias Soeyro, som var namnet han vaks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytta til Nederland i 1610. På denne tida var Nederland midt i åttiårskrigen (1568–1648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag. Les meir …
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (1768–76 og 1784–1816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin. Les meir …
|
|