Emne:Jødiske høgtider og merkedagar

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Høgtidene og merkedagane i jødedommen kan delast inn i fleire kategoriar: Sjabbát er den jødiske kviledagen og varar frå fredagskvelden ved solnergang til laurdagskvelden etter solnergang. Jamím tobím er helgdagar med noko mildare arbeidsforbod — anna enn under kippúr og når jom tób fell på sjabbát. Ḥol hammongéd er romhelga mellom dei første og siste dagane av pesaḥ og sukkót. Tanganijjót er fastedagar.

Artiklar

Picart sukka.png
Ein sukká (hebr. סֻכָּה el. סוּכָּה; Mal:Pl סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkót) eller ein cabaña (kastiljansk), ofte kalla lauvhyttenorsk, er ei hytte som blir oppsett kvart år mellom kippúr og sukkót til bruk under den jødiske haustfesten sukkót, som òg blir kalla lauvhyttefesten på norsk.   Les meir …
Sukkah Roofs.jpg
Sekhákh (hebr. סְכָךְ) er det hebraiske ordet for ‘taktekke’. Ordet blir òg bruka på andre språk, og da med spesialtydinga ‘det glisne taktekket på sukkáen’. Til denne typen sekhákh blir oftast palmegreiner bruka der det veks palmor. Andre plassar blir greiner av lauv- eller bartre bruka, og somme gonger bambus òg.   Les meir …
Tora rollen Portugees-Israëlietische Synagoge Amsterdam.jpg
Sjeminí ngaṣéret eller simḥàt Torá er enten den åttande eller den åttande og niande dagen frå begynnelsen av sukkót. I Israel og i progressiv jødedom blir denne høgtida markert som éin dag, medan tradisjonell jødedom utafor Israel elles markerer høgtida som to dagar og kallar den første dagen sjeminí ngaṣéret og den andre simḥàt Torá.   Les meir …
Sigd (hebraisk סיגד) er ei etiopisk-jødisk høgtid som fell på 29. marḥesjván. Sjølve ordet sigd kjem frå det semittiske språket amharisk og betyder ‘prostrasjon’. Rotbokstavane S-G-D er dei samma som i det eine av dei to etiopisk-jødiske orda for synagoge eller tempel, mesgid — jamfør det arabiske ordet masġid (el. masdjid), ‘moské’. Sigd symboliserer godtakinga av Toráen. Nån ser sigd som eit minne om openberringane på Har Sinái (Sinaifjellet). Men kessim (eldsterådet i Beta Esrael) har òg halde på tradisjonen at høgtida oppstod ein gong på 1400-talet som resultat av forfølging frå dei kristne Amhara-kongane. Kessim trekte seg tilbake til øydemarka for å be til Gud om nåde. I tillegg arbeidde dei for einheit blant Beta Esrael-folka og for å unngå at dei skulle glømme haymanot (lovane og tradisjonane til Beta Esrael) under forfølgingane.   Les meir …
Olea europaea europaea.jpg
Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen ått trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han føre etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Vi drikk 4 beger vin og et av minst 15 olike slag frukt medan vi syng songar og fortel historior som passar til dagen.   Les meir …
Moritz Daniel Oppenheim - Shavuot (Pentecost) (Das Wochen- oder Pfingst-Fest).jpg
Sjabungót (hebr. שָֽׁבוּעוֹת), òg kalla páscuas de las semanas (kastiljansk) eller vekkofesten, og stundom jødisk pinse, er den bibelske grødesfesten og feiringa av at Toráen vart gjeven til israelittaneHar Sinái (Sinaifjellet). Høgtida markerer slutten av sefiràt hangómer (ngómertelinga) og finn stad på den 6. siván etter den jødiske kalenderen — det vil seie kring slutten av mai eller begynnelsen av juni. I tradisjonell rabbinsk jødedom utaføre Ereṣ Jisraél blir høgtida markert i to dagar, men i Israel og blant progressive jødar blir berre den første dagen markert. Sjabungót er ein av sjalósj regalím, dei tre bibelske valfartshøgtidene.   Les meir …
Cidro.jpg
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for kledor.   Les meir …
Tanganít tammúz (תַּֽעֲנִית תַמּוּז, ‘tammúz-fasta’)) eller sjibngá ngasár betammúz (שִׁבְעָה עָשַׂר בְּתַמּוּז, ‘syttande tammúz’) er ein jødisk fastedag som først og fremst markerer minnet om da bymuren kring Jerusjaláim (Jerusalem) vart øydelagt före Det andre tempelet i Jerusjaláim vart øydelagt. Tanganít tammúz finn stad på 17. tammúz etter den jødiske kalenderen og markerer begynnelsen av de tre vekkone som leider fram mot den store fastedagen tisjngá beáb. Dessa tre vekkone, som òg blir kalla «ben hammeṣarím», blir rekna som ei sørgjetid, og olike jødiske gruppor har ymse skikkar som markerer den sorgfulle tida.   Les meir …
Arch.of.Titus-Sack.of.Jerusalem.JPG
Tisjngá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla tanganít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendelsar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde förøvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstjenestor og med full faste frå solnergang på tisjngá beáb-aftanen til solnergang ved slutten av tisjngá beáb-dagen.   Les meir …
Tanganít Estér (hebraisk תַּֽעֲנִית אֶסְתֵּר), eller Esters faste, blir halde frå soloppgang til solnedgang den 13. adár (b’), altså rett føre purím. Fasta symboliserer de tre dagane Estér hammalká (dronning Estér) fasta före ho gikk inn til kong Aḥasjverósj (Xerxes). De åra at purím begynner ved moṣaé sjabbát (på laurdagskvelden), blir fastedagen halde torsdagen före, altså på 11. adár, i staden, ettersom ein aldri fastar på sjabbát i jødedommen anna enn på kippúr.   Les meir …

Populære sidor

  1. Aḥarón sjel pesaḥ (vist g.)
  2. Khboz (vist g.)
  3. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  4. Gefillte fish (vist g.)
  5. Tanganít habbekhorím (vist g.)
  6. Estér hammalká (vist g.)
  7. Massékhet Sukká 5 (vist g.)
  8. Matse-brei (vist g.)
  9. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  10. Massékhet Sukká 2 (vist g.)
  11. Karpás (vist g.)
  12. Mandelkake (vist g.)
  13. Massékhet Sukká 4 (vist g.)
  14. Haggadá - Ṣafún (vist g.)
  15. Marór (vist g.)
  16. Purím katán (vist g.)
  17. Rømmegraut (vist g.)
  18. Dei høge helgedagane (vist g.)
  19. Rosinvin (vist g.)
  20. Hazeremos una merenda (vist g.)
  21. Massékhet Sukká (vist g.)
  22. Massékhet Sukká 3 (vist g.)
  23. Mina de maṣṣá (vist g.)
  24. Codrero al horno (vist g.)
  25. Kitnijjót (vist g.)
  26. Haggadá sjel pesaḥ (vist g.)
  27. Sjeminí ngaṣéret (vist g.)
  28. Tanganít ngasará betebét (vist g.)
  29. Ḥanukkilje (vist g.)
  30. Ḥaméṣ (vist g.)
  31. Mimúna (vist g.)
  32. Haggadá - Sjulḥán ngorékh (vist g.)
  33. Latkes (vist g.)
  34. Jødiske høgtider og merkedagar (vist g.)
  35. Ordet «purím» (vist g.)
  36. Tu beáb (vist g.)
  37. Faste i jødedommen (vist g.)
  38. Sekhákh (vist g.)
  39. Vaflar av sandkakedeig (vist g.)
  40. Hosjangna rabbá (vist g.)