Emne:Jødisk fornying

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 11:36 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Aleph5logo.jpg

Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.

Artiklar

Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …
Rabbi Marcia Prager er ein lærar, fortelar, kunstnar, terapeut og rabbinar med ordinasjon frå Reconstructionist Rabbinical College og personlig semikhá frå Zalman Schachter-Shalomi som er blant de mest sentrale aktørane i jødisk fornyingsrørsla i dag. Ho er dean (administrativ leiar) av the ALEPH Ordination Programs, det desentraliserte rabbinar- og ḥazzánseminaret ått fornyingsrørsla.   Les meir …
Reb Zalman 2005.jpg
Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det davarande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla. Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det davarande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.   Les meir …
Reb Arthur Waskow.jpg
Arthur Waskow (f. 1933) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og forfattar som mange reknar som ein av leiarane av rørsla jødisk fornying. Han har vore involvert i jødisk fornying sidan 1969, og han er ein «stifinnar» i ALEPH: the Alliance for Jewish Renewal. Han er grunnleggar og ledar av The Shalom Center, ein organisasjon som arbeider for å «verne og heile jorda» på måtar som er fundert på jødisk tankegods og praksis.   Les meir …
ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir dreve av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer ledarane av alle dei större nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …
Aleph5logo.jpg
Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.   Les meir …

Populære sidor

  1. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  2. Jødisk fornying (vist g.)
  3. ALEPH Ordination Programs (vist g.)
  4. Lynn Feinberg (vist g.)
  5. Michael Lerner (vist g.)
  6. Marcia Prager (vist g.)
  7. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  8. Arthur Waskow (vist g.)
  9. Økokasjrút (vist g.)
  10. ALEPH (vist g.)