Emne:Jødedom i Sverige

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Sverige

Artiklar

The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …
Oscar Levertin.jpg
Oscar Ivar Levertin (18621906) var ein svensk forfattar, kulturskribent og litteraturhistorikar. Levertin var ein dominerande stemme i den svenske kulturdebatten frå 1897, da han begynte å skrive i Svenska Dagbladet. Frå 1899 var han òg den første innehavaren av det nyoppretta professoratet i litteraturhistorie ved Stockholms universitet (davarande Stockholms högskola) og publiserte flittig og innflytelsesrikt i denna rollen òg; framför alt studiar i svensk 1700-talslitteratur.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart tekna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstjenestone. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinnor, og til høgre i hovudrommet sitt kvinnor og menn i lag.   Les meir …
Synagogan i Karlstad (606 7 5).jpg
Synagogen i Karlstad (sv. Synagogan i Karlstad) i bydelen Klara i Karlstad i Karlstads kommun i Värmland var ein tresynagoge bygd i 1895 i nymaurisk stil. Synagogen var aktiv fram til 1955. Bygninga vart reven i 1961.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Bendix Henriques.jpg
Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son ått asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.   Les meir …
Abraham Baer (1834-1894).jpg
Abraham Baer (fødd i 26. desember 1834 i Filehne i Prøyssen (no Wieleń i Polen); død den 7. mars 1894 i Göteborg i Sverige) var ein tysk-asjkenazisk ḥazzán, musikar og komponist. Far hans ville at han skulle bli rabbinar, men Abraham var så glad i musikk og synagogesong at han velte å bli ḥazzán (kantor) i staden. I særdeles ung alder flytta han til Tyskland og tok timar for å forberede seg til livet som ḥazzán. Han var ḥazzán i Pakosch og Schwetz i Vestprøyssen ei stund; og i 1857 fikk han ein post i Göteborgs synagoga. Han var alt godt forbereidd i hebraisk og Talmúd, og han eigna tida si til å tileigne seg verdslege kunnskapar, inkludert musikkvitskap. Hovudfokuset hans var innafor jødiske tradisjonelle melodiar, eit felt som hadde vorte lite utforska fram til da. I 1871, etter femten års hardt arbeid, gav han ut verket Bā'al Tefillah, oder der Practische Vorbeter, ei omfattande samling av jødiske tradisjonelle melodiar.   Les meir …

Populære sidor

  1. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  2. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  3. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  4. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  5. Göteborgs synagoga (vist g.)
  6. Bendix Henriques (1725–1807) (vist g.)
  7. Abraham Baer (vist g.)
  8. Oscar Levertin (vist g.)