Emne:Jødedom i Norge

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Norge

Artiklar

Sigrid de Lemos (Vaare falne).jpg
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born ått Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Den 26. november 1942 vart ho arrestert fordi ho var jøde. Ho vart sendt til Rådhuskaia der ho og 528 andre norske jødar vart deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå gikk transporten vidare med tog til Auschwitz, der ho truleg vart drepen ved ankomst.   Les meir …
David Glick (1907- ).jpg
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til SunndalsøraNordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denna sida er eit forsøk på å samle informasjon om dessa fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette de i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag?   Les meir …
Ove Borøchstein (f. 16. juni 1949, d. 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) er ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerer seg som egalitær i forhold til både kjøn og legning og er open for alle som kjenner seg tilknytt til jødedom og ønskjer å vara med, oavhengig av om de er jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten er sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg blir det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …

Populære sidor

  1. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  2. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  3. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  4. Shaul Wilhelm (vist g.)
  5. Lynn Feinberg (vist g.)
  6. Joav Melchior (vist g.)
  7. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  8. Joel Jacob Hirsch (1866–1943) (vist g.)
  9. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  10. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  11. Michael Melchior (vist g.)
  12. Herman Fischer (1893–1943) (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  15. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  16. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  17. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  18. Det jødiske samfunnet i Kristiansund (vist g.)
  19. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  20. Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) (vist g.)
  21. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  22. Norsk-jødisk historie føre 1851 (vist g.)
  23. Zemanním for Sunndalsøra (vist g.)
  24. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  25. Zemanním for Bergen (vist g.)
  26. Zemanním for Trondheim (vist g.)
  27. Zemanním for Kristiansund (vist g.)
  28. Betænkninger, indhentede i Anledning af det paa 9de ordentlige Storthing fremsatte Forslag til Ophævelse af Grundlovens § 2 sidste Passus (vist g.)
  29. Lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (vist g.)