Emne:Jødedom i Norge

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 11:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Norge

Artiklar

Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinnelig kom frå Hamborg. Han er nemnt i folketelinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamborg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph dødde den 25. mai 1900.   Les meir …
13834cr2 Joav Melchior.jpg
Joav Melchior (f. 1978) er ein norsk–israelsk, asjkenazisk-ortodoks rabbinar. Han har vore rabbinar i Det mosaiske trossamfund i Oslo sidan august 2006. Joav er son ått rabbinar Michael Melchior.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …
Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmar av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmar den fjerde største jødiske busettinga i Norge före andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneförening, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (el. ḥazzán?) (Joel Jacob Hirsch).   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) er ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerer seg som egalitær i forhold til både kjøn og legning og er open for alle som kjenner seg tilknytt til jødedom og ønskjer å vara med, oavhengig av om de er jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten er sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg blir det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …
Synagogen i Bergstien i Oslo.jpg
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gikk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande oskadd gjenom heile krigen.   Les meir …
Dei følgjande utdraga frå innleidingsdelen av lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (1677–1704) er svært interessante fordi dei hører med til dei tidlegaste utførlege skildringane av jødisk liv og tru i eit dokument frå Norge. Teksten er, såvidt det kan dømmast, skreven av frå ei anna kjelde — kanskje eit trykt verk, men meir truleg eit otrykt manuskript; og mesta heilt sikkert opprinnelig författa av ein dansk luthersk prest eller ein annan velutdana danske med heller ojamne hebraiskkunnskapar men desto betre kjennskap til datidas kristne syn på jødedommen. Mange av detaljane er presise — slik som omsettinga av dei tretten aspekta, medan andre av dem er mykje overdrevne eller förvridd av polemiske grunnar — den opprinnelige författaren sine sterkt anti-jødiske haldningar, som er typiske för mange av dei lutherske teologane på den tida med sin ofte meir eller mindre antisemittiske erstatningsteologi, skin tydelig gjenom mange stader.   Les meir …

Populære sidor

  1. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  2. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  3. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  4. Shaul Wilhelm (vist g.)
  5. Lynn Feinberg (vist g.)
  6. Joav Melchior (vist g.)
  7. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  8. Joel Jacob Hirsch (1866–1943) (vist g.)
  9. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  10. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  11. Michael Melchior (vist g.)
  12. Herman Fischer (1893–1943) (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  15. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  16. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  17. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  18. Det jødiske samfunnet i Kristiansund (vist g.)
  19. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  20. Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) (vist g.)
  21. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  22. Norsk-jødisk historie føre 1851 (vist g.)
  23. Zemanním for Sunndalsøra (vist g.)
  24. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  25. Zemanním for Bergen (vist g.)
  26. Zemanním for Trondheim (vist g.)
  27. Zemanním for Kristiansund (vist g.)
  28. Betænkninger, indhentede i Anledning af det paa 9de ordentlige Storthing fremsatte Forslag til Ophævelse af Grundlovens § 2 sidste Passus (vist g.)
  29. Lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (vist g.)