Emne:Jødedom i Norge

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Norge

Artiklar

Rabbi Michael Melchior.jpg
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fikk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tjente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nylig framleis var overrabbinar.   Les meir …
David Glick (1907- ).jpg
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til SunndalsøraNordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943.   Les meir …
13834cr2 Joav Melchior.jpg
Joav Melchior (f. 1978) er ein norsk–israelsk, asjkenazisk-ortodoks rabbinar. Han har vore rabbinar i Det mosaiske trossamfund i Oslo sidan august 2006. Joav er son ått rabbinar Michael Melchior.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …
Ove Borøchstein (f. 16. juni 1949, d. 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.   Les meir …
Trondheim jodiske museum.jpg
Den novarande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinnelig bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.   Les meir …
Synagogen i Bergstien i Oslo.jpg
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gikk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande oskadd gjenom heile krigen.   Les meir …

Populære sidor

  1. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  2. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  3. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  4. Shaul Wilhelm (vist g.)
  5. Lynn Feinberg (vist g.)
  6. Joav Melchior (vist g.)
  7. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  8. Joel Jacob Hirsch (1866–1943) (vist g.)
  9. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  10. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  11. Michael Melchior (vist g.)
  12. Herman Fischer (1893–1943) (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  15. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  16. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  17. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  18. Det jødiske samfunnet i Kristiansund (vist g.)
  19. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  20. Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) (vist g.)
  21. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  22. Norsk-jødisk historie føre 1851 (vist g.)
  23. Zemanním for Sunndalsøra (vist g.)
  24. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  25. Zemanním for Bergen (vist g.)
  26. Zemanním for Trondheim (vist g.)
  27. Zemanním for Kristiansund (vist g.)
  28. Betænkninger, indhentede i Anledning af det paa 9de ordentlige Storthing fremsatte Forslag til Ophævelse af Grundlovens § 2 sidste Passus (vist g.)
  29. Lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (vist g.)