Emne:Jødedom i Hamborg og Slesvig-Holsten

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Hamborg og Slesvig-Holsten

Artiklar

Baeckerstr. Altona.png
Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da de etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Slesvig-Holsten og stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamborg innførte særlig tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar frå Hamborg og busette seg i Altona.   Les meir …
150 j s del medigo.png
Joseph Solomon Del Medigo (15911655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof. Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i CandiaKreta som son ått Elijjáhu, rabbinaren i Candi. Joseph fikk ei grundig jødisk så vel som verdslig utdaning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammel, studerte han logikk, naturlig filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei.   Les meir …
Westfassade Poolstrasse.jpg
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen ått den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde tekna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlige forhallen og den austlige apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
Synagoge Neve Shalom Altona.jpg
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september samma året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (novarande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og reven.   Les meir …
Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Hamburg1855 Ext.png
Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg eller Det sefardiske samfunnet i Hamborg eksisterte frå først på 1600-talet til samfunnet vart utsletta av nazistane under andre verdskrigen. Dei første kjente jødiske busettarane i Hamborg var portugisiske kryptojødar som hadde flykta frå Portugal under Filip II og Filip III av Portugal og som til å begynna med skjulte religionen sin på den nye bustaden. I 1603 klaga oldermennene til Senatet i Hamborg over den aukande innflytelsen frå portugisarjødar. Senatet spurde de teologiske fakulteta i Jena og Frankfurt an der Oder om råd i saka, og i 1612 vart de etter lange förhandlingar einige om at jødane skulle bli godtekne i byen som frammunde mot at de betalte ein særskilt verneskatt — men samtidig vart det bestemt at de ikkje skulle ha rett til offentlig gudstjeneste.   Les meir …
Hamburg1855 Ext.png
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamborg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (18101893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag. Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.   Les meir …
627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …

Populære sidor

  1. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842) (vist g.)
  2. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934) (vist g.)
  3. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940) (vist g.)
  4. Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg (vist g.)
  5. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  6. Manoel Teixeira (vist g.)
  7. Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
  8. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  9. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg (vist g.)
  10. Joseph Solomon Del Medigo (vist g.)
  11. Benjamin Duque (vist g.)
  12. Det portugisarjødiske samfunnet i Altona (vist g.)
  13. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)