Emne:Jødedom i Danmark

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland

Jødedom i Danmark

Artiklar

Julius Rée (18171874) var ein dansk-jødisk kjøpmann, forfattar og politikar. Julius Rée vart fødd i ÅrhusJylland den 1. juni 1817 som son ått Hartvig Philip Rée. I 1842 opna han ei grossistförretning for landbruksprodukt i Randers. Han hadde mange offentlige verv der, inkludert som medlem av hamnekomitéen og som oldermann (184953); og dessutan var han ein representant for det jødiske samfunnet i Randers. Den 15. januar 1845 gifta han seg med søskenbarnet sitt, Louise Lipmann, dotter ått kjøpmann Lipmann i Ålborg. I 1857 overførte Rée förretninga si til København, og i 1864 vart han innvelt i det danske Folkethinget.   Les meir …
Hartvig Philip Rée (17781859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar. Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son ått förretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei förretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av tretten søsken, tok da over ledelsen av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiding frå den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av de yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers.   Les meir …
Marcus Melchior (18971969) var ein rabbinar frå København som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nån få år som rabbinar i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Bendix Henriques.jpg
Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son ått asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.   Les meir …
Rabbi Michael Melchior.jpg
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fikk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tjente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nylig framleis var overrabbinar.   Les meir …
David Simonsen by Christian Neuhaus.jpg
David Simonsen (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdaning frå København og Breslau (det novarande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekkjer mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart overteke av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.   Les meir …

Populære sidor

  1. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  2. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  3. Michael Melchior (vist g.)
  4. Marcus Melchior (vist g.)
  5. David Simonsen (vist g.)
  6. Bendix Henriques (1725–1807) (vist g.)
  7. Julius Rée (vist g.)
  8. Hartvig Philip Rée (vist g.)