Emne:Jødedom
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider |
Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie. Les meir ... Heilt generelle tingfinn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.
Dagen i dag
| |||||||||||||||||||||||
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra. Les meir … Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden. Les meir …
Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, ettersom fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt: Parasjàt EmórTorá(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie. I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda. Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling. Haftará(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
Borecas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir … Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til. Les meir … Cochinilla (Dactylopius cocchus) (sp.), òg skreve cochenille (fr.) og koskenille, er ei skjoldlus frå México, Mellom-Amerika og tropiske og subtropiske deler av Sør-Amerika som lever på kaktusar i Opuntia-familien. Kroppen og egga av cochinilla-lusa blir tørka og oppmolne til fargestoffet karmin — ein varig raudfarge som blant anna blir bruka i kunstmåling, tekstilfarging og sminke. Karmin (E120) blir bruka i matproduksjon òg, men sidan råvara er eit insekt, blir karmin generelt rekna som olovlig/oetande i jødedommen og i deler av islām så vel som blant vegetarianarar og veganar. Karmin kan i sjeldne fall gje alvorlige allergiske reaksjonar. Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden. Les meir …
Menasseh Ben Israel (1604–1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, og dessutan grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626. Manoel Dias Soeyro, som var namnet han vaks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytta til Nederland i 1610. På denne tida var Nederland midt i åttiårskrigen (1568–1648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag. Les meir …
Rabbinar Ḥajjím Joséf Davíd ben Jiṣ’ḥák Zeraḥjá Azulái (1724—21. mars 1807) (hebraisk חיים יוסף דוד אזולאי), ofte kalla haḤidá (etter forbokstavane i namnet hans, חיד"א), var ein rabbinsk lærd og ein framståande bibliofil som var ein pionér i historia om jødiske religiøse tekstar. Les meir …
|
|