Emne:Jødedom
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider |
Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie. Les meir ... Heilt generelle tingfinn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.
Dagen i dag
| |||||||||||||||||||||||
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra. Les meir … Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden. Les meir …
Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, ettersom fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt: Parasjàt EmórTorá(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie. I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda. Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling. Haftará(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem. Les meir … Borecas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir … Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til. Les meir …
Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975. Les meir … David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 1889—12. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 ått föreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten samma plassen i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa ått son sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Les meir … Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att. Les meir …
|
|