Emne:Jødedom

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 01:07 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{emne}}{{Emne Jødedom}} {| cellspacing="0" cellpadding="10" | colspan="2" | {{Velkommen Jødedom}}<br style="clear:both" /> |- | width="50%" valign="top" style="border-r…»)

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Pesaḥ (jødisk påske): Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.
Esnoga.jpg

Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie.   Les meir ...

Heilt generelle ting

finn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.


Dagen i dag


[[:kategori:Jødedom|ArtiklMal:Ar]]

Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra.   Les meir …
Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Auto de fé.jpg
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (14811834) og Den portugisiske inkvisisjonen (15361821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden.   Les meir …


 
[[:kategori:parasjàt hasjabúang|Parasjàt hasjabúang (Mal:Vekkoavsnitt Mal:Tå Bibelen)]]

Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, ettersom fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt:


Parasjàt Emór

Torá

(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie.

I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda.

Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling.

Haftará

(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
 

[[:kategori:jødiske høgtidMal:Er og merkedagMal:Ar|Aktuell høgtid eller merkedag]]

Picart sukka.png
Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת) eller páscua de las cabañas (kastiljansk), òg kalla lauvhyttefestennorsk, er ei åtte dagar lang høgtid som tek til fem dagar etter kippúr. Vi feirar sukkót først og fremst ved å byggje enkle hyttor («sukkót») og ved å vifte med luláben. Den siste dagen i sukkót er kjent som sjeminí ngaṣéret. I Ereṣ Jisraél fell sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá samen, men i diasporaen blir simḥàt Torá feira dagen etter, altså på den niande dagen.


 
Mat

Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Olve haroset 300px.jpg
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …


 
[[:kategori:jødMal:Ar|PersonMal:Ar]]

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …
David Glick (1907- ).jpg
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til SunndalsøraNordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943.   Les meir …
Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …


 
[[:kategori:jødedom|Sentrale artiklMal:Ar]]

SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedengót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ngarúkh · Tseine ureine · Thesouro dos Dinim · Mengám longéz
LÆRDOM ḥeder (småskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · jesjibá (seminar) · sjingúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
SYNAGOGAR:   synagoge · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minján · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjàḥarít (morgongudstjeneste) · musáf (tilleggsgudstjeneste) · minḥá (ettermiddagsgudstjeneste) · nengilá  (avsluttande ettermiddagsgudstjeneste (berre på kippúr)) · ngarbít (kveldsgudstjeneste)
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt hangómer · lag langómer · sjabungót (vekkofesten, pinse) · tisjngá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · berít milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidjón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥájil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · jibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av jibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levajá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT: jødisk mat · kasjrút · sjeḥitá (schächting) · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Matretter: bacalao (torsk med tomat og løk) · beiglech (vassrundstykke) · birkes (frøloff) · bimuelos (berlinerbollar) · borecas (børek) · codrero al horno (omnssteikt lammebog) · falafel (friterte kikerterbollar) · gefillte fish (fiskebollar) · ḥammín (dafina, tsjólnt) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pescado frito (panert fisk) · pittá (flatkaker)
MUSIKK: sefardisk · klezmer · jiddisch
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) · jiddisch
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk


 
Populære sidMal:Or

  1. Sefer Debarím (vist g.)
  2. Sefer Sjemót (vist g.)
  3. Sefer Vajjikrá (vist g.)
  4. Sefer Bammidbár (vist g.)
  5. Sefer Beresjít (vist g.)
  6. Arroz con leche (vist g.)
  7. Kornbroit (vist g.)
  8. Bene Israel (vist g.)
  9. Khboz (vist g.)
  10. Benjamin Duque (vist g.)
  11. Tsimmes (vist g.)
  12. Adón hasseliḥót (vist g.)
  13. Ketubím (vist g.)
  14. Deborá hannebiá (vist g.)
  15. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  16. Løype (vist g.)
  17. Kohén (vist g.)
  18. Nebiím (vist g.)
  19. Gefillte fish (vist g.)
  20. Massékhet Soferím (vist g.)
  21. Musáf (vist g.)
  22. Har Sinái (vist g.)
  23. Dolmas de col (vist g.)
  24. Kishkes (vist g.)
  25. Mirjám hannebiá (vist g.)
  26. Emunót vedengót (vist g.)
  27. Borsht (vist g.)
  28. Goldene jouch (vist g.)
  29. Spekesild (vist g.)
  30. Jiddisch (vist g.)
  31. Medrásj (vist g.)
  32. Sjeheḥejánu (vist g.)
  33. Estér hammalká (vist g.)
  34. Massékhet (vist g.)
  35. Matse-brei (vist g.)
  36. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  37. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  38. Pittá (vist g.)
  39. KJA B’nai Israel (vist g.)
  40. Rödelheim (vist g.)
  41. Ngarbít (vist g.)
  42. Jødearabisk (vist g.)
  43. Minḥá (vist g.)
  44. Az jasjír Mosjé (vist g.)
  45. Misjné Torá (vist g.)
  46. Sjoḥét (vist g.)
  47. Tikkún ngolám (vist g.)
  48. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  49. Purím katán (vist g.)
  50. Haftará (vist g.)
  51. Léderer Dezső (vist g.)
  52. Indiske jødar (vist g.)
  53. La Despedida (vist g.)
  54. Jiṣ’ḥák Nissím (vist g.)
  55. Jødestjerne (vist g.)
  56. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  57. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  58. Kugl (vist g.)
  59. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  60. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  61. Tengamím (vist g.)
  62. Kazájit (vist g.)
  63. Dei høge helgedagane (vist g.)
  64. Meldado (vist g.)
  65. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  66. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  67. Jiddisch musikk (vist g.)
  68. Ḥazzán (vist g.)
  69. Rimmón (vist g.)
  70. Rosinvin (vist g.)
  71. Jehudá halleví (vist g.)
  72. Hazeremos una merenda (vist g.)
  73. Massékhet Sukká (vist g.)
  74. Shaul Wilhelm (vist g.)
  75. Ḥajjim Volozhin (vist g.)

[[kategori:emnesidMal:Or|Jødedom]]