Skilnad mellom versjonar av «Emne:Jødedom»

Frå Alnakka.net
s (Utbyting av tekst - «{{vekko}}» til «vekko»)
s (7 versjonar)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 12. mai 2020 kl. 12:53

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Pesaḥ (jødisk påske): Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.
Esnoga.jpg

Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie.   Les meir ...

Heilt generelle ting

finn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.


Dagen i dag


Artiklar

Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra.   Les meir …
Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Auto de fé.jpg
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (14811834) og Den portugisiske inkvisisjonen (15361821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden.   Les meir …


 
Parasjàt hasjabúang (vekkoavsnitt av Bibelen)

Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, ettersom fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt:


Parasjàt Emór

Torá

(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie.

I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda.

Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling.

Haftará

(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
 

Aktuell høgtid eller merkedag

Picart sukka.png
Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת) eller páscua de las cabañas (kastiljansk), òg kalla lauvhyttefestennorsk, er ei åtte dagar lang høgtid som tek til fem dagar etter kippúr. Vi feirar sukkót først og fremst ved å byggje enkle hyttor («sukkót») og ved å vifte med luláben. Den siste dagen i sukkót er kjent som sjeminí ngaṣéret. I Ereṣ Jisraél fell sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá samen, men i diasporaen blir simḥàt Torá feira dagen etter, altså på den niande dagen.


 
Mat

Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …


 
Personar

Abrahám ben Sjemuél Abulafia (f. 1240; d. etter 1291, truleg på Malta) var ein av de første kabbalistane. Han vart fødd i Spania og studerte skriftene ått Mosjé ben Maimón og Hillél. I tjueårsalderen la han ut på eit liv i vandring. Den første profetiske boka si, Sefer hajjasjár (‘Den rettvises bok’) skreiv han i Patras i det novarande Hellas i 1279. Abrahám Abulafia drømte om å viske ut förskjelane mellom jødedommen, kristendommen og islām. Året etter følgte han ei indre stemme og la ut på reise til Roma for å omvende pave Nicholaus III.   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Rebbí Jiṣ’ḥák ben Jangakób hakkohén Alfassi (10131103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Jiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særlig blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Jiṣ’ḥak ben Jangakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Jangakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide oforstyrra på boka Sefer hahalakhót.   Les meir …


 
Sentrale artiklar

SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedengót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ngarúkh · Tseine ureine · Thesouro dos Dinim · Mengám longéz
LÆRDOM ḥeder (småskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · jesjibá (seminar) · sjingúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
SYNAGOGAR:   synagoge · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minján · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjàḥarít (morgongudstjeneste) · musáf (tilleggsgudstjeneste) · minḥá (ettermiddagsgudstjeneste) · nengilá  (avsluttande ettermiddagsgudstjeneste (berre på kippúr)) · ngarbít (kveldsgudstjeneste)
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt hangómer · lag langómer · sjabungót (vekkofesten, pinse) · tisjngá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · berít milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidjón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥájil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · jibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av jibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levajá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT: jødisk mat · kasjrút · sjeḥitá (schächting) · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Matretter: bacalao (torsk med tomat og løk) · beiglech (vassrundstykke) · birkes (frøloff) · bimuelos (berlinerbollar) · borecas (børek) · codrero al horno (omnssteikt lammebog) · falafel (friterte kikerterbollar) · gefillte fish (fiskebollar) · ḥammín (dafina, tsjólnt) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pescado frito (panert fisk) · pittá (flatkaker)
MUSIKK: sefardisk · klezmer · jiddisch
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) · jiddisch
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk


 
Populære sidor

  1. Sefardím (vist g.)
  2. Jødar (vist g.)
  3. Hebraisk (vist g.)
  4. Jødedom (vist g.)
  5. Ordliste over jødiske termar (vist g.)
  6. Generelt om jødedom (vist g.)
  7. Det hebraiske alfabetet (vist g.)
  8. B"H (vist g.)
  9. Kohén (vist g.)
  10. Tikkún ngolám (vist g.)
  11. Ṣedaká (vist g.)
  12. Göteborgs synagoga (vist g.)
  13. Španělská synagoga (vist g.)
  14. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  15. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  16. Mimúna (vist g.)
  17. Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (vist g.)
  18. Ḥajjim Volozhin (vist g.)
  19. Flory Jagoda (vist g.)
  20. Ishac Aboab da Fonseca (vist g.)
  21. David Simonsen (vist g.)
  22. Bendix Henriques (1725–1807) (vist g.)
  23. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  24. Marcus Melchior (vist g.)
  25. Hartvig Philip Rée (vist g.)
  26. Julius Rée (vist g.)
  27. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  28. Michael Melchior (vist g.)
  29. Emanuel Mendez da Costa (vist g.)
  30. Oscar Levertin (vist g.)
  31. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842) (vist g.)
  32. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934) (vist g.)
  33. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940) (vist g.)
  34. Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg (vist g.)
  35. Manoel Teixeira (vist g.)
  36. Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
  37. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  38. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg (vist g.)
  39. Joseph Solomon Del Medigo (vist g.)
  40. Benjamin Duque (vist g.)
  41. Det portugisarjødiske samfunnet i Altona (vist g.)
  42. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  43. Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (vist g.)
  44. Romaniotes (vist g.)
  45. Cochinijødar (vist g.)
  46. Bené Menasjé (vist g.)
  47. Bené Efrájim (vist g.)
  48. Bene Israel (vist g.)
  49. Indiske jødar (vist g.)
  50. Zemanním for Svolvær (vist g.)
  51. Mossé, Mossé (vist g.)
  52. Una tarde de verano (vist g.)
  53. Joel Jacob Hirsch (1866–1943) (vist g.)
  54. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  55. Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) (vist g.)
  56. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  57. Det jødiske samfunnet i Kristiansund (vist g.)
  58. Zemanním for Kristiansund (vist g.)
  59. Zemanním for Sunndalsøra (vist g.)
  60. Herman Fischer (1893–1943) (vist g.)
  61. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  62. Zemanním for Trondheim (vist g.)
  63. Abraham de Casseres (vist g.)
  64. Saul Levi Morteira (vist g.)
  65. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  66. Norsk-jødisk historie føre 1851 (vist g.)
  67. Betænkninger, indhentede i Anledning af det paa 9de ordentlige Storthing fremsatte Forslag til Ophævelse af Grundlovens § 2 sidste Passus (vist g.)
  68. Lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (vist g.)
  69. Zemanním for Molde (vist g.)
  70. Zemanním for Bodø (vist g.)
  71. Den første esnogaen i København (vist g.)
  72. Abraham Baer (vist g.)
  73. Skandinaviske avhandlingar med jødisk tematikk (vist g.)
  74. Jødedom i Skottland (vist g.)
  75. Forms of Prayer used in the West London Synagogue of British Jews (vist g.)
  76. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  77. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  78. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  79. Zemanním for Tromsø (vist g.)
  80. Det jødiske samfunnet i Massenbachhausen (vist g.)
  81. Abraham Geiger (vist g.)
  82. Regina Jonas (vist g.)
  83. Aron Beer (vist g.)
  84. Di mangase-buch (vist g.)
  85. Ray Frank (vist g.)
  86. Academy for Jewish Religion (New York) (vist g.)
  87. KJA B’nai Israel (vist g.)
  88. Mordechai Hershman (vist g.)
  89. Misjná (vist g.)
  90. Salomone Rossi (vist g.)
  91. Asenát Barzani (vist g.)
  92. David Woolf Marks (vist g.)
  93. Isaac Lopez (vist g.)
  94. Aryeh Kaplan (vist g.)
  95. Julia Neuberger (vist g.)
  96. Ovadia Yosef (vist g.)
  97. Amy Eilberg (vist g.)
  98. Jackie Tabick (vist g.)
  99. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  100. Joav Melchior (vist g.)