Emne:Islām

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 11:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Kruszyniany Mosque.jpg

Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.

Artiklar

Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Ahmadiyya mosque Oslo.jpg
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vara mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning för, islām.   Les meir …
Kruszyniany Mosque.jpg
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.   Les meir …
Istanbul 5447.jpg
Ein minbar (arab. منبر‎, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen.   Les meir …
Dia7275 Ali Akbar Khan r.jpg
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
Grameen Yunus Dec 04.jpg
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “for arbeidet deras for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.   Les meir …
World Islamic Mission 1.jpg
Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission, populært kalla World Islamic Mission (WIM) er den største muslimske menigheita i Norge med 6 000 medlemmar. WIM vart etablert i oktober 1984 av muslimar med pakistansk bakgrunn som den fjerde muslimske menigheita i Oslo. Det vart etterkvart planlagt å byggje eigen moské i Oslo, og omsider fikk menigheita kjøpt tomt i Åkebergveien 28b på Grønland. Grunnsteinen vart lagt fredagen den 12. april 1991, men det nye moskébygget var klart för innflytting først i 1995.   Les meir …

Populære sidor

  1. Xhamia e Et'hem Beut (vist g.)
  2. Ahkām (vist g.)
  3. Moské (vist g.)
  4. Minbar (vist g.)
  5. Hadia Tajik (vist g.)
  6. Økoḥalāl (vist g.)
  7. Al-Qur’ān (vist g.)
  8. Ḥalāl (vist g.)
  9. Aḥmadiyyā (vist g.)
  10. Ali Akbar Khan (vist g.)
  11. Muhammad Yunus (vist g.)
  12. Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission (vist g.)
  13. Abraham Geiger (vist g.)
  14. Liberal islām (vist g.)
  15. Islām (vist g.)