Emne:Islām

Frå Alnakka.net

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Kruszyniany Mosque.jpg

Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.

Artiklar

Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Ahmadiyya mosque Oslo.jpg
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vara mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning för, islām.   Les meir …
AndalusQuran.JPG
Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranenskandinavisk, er den helige skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar. För dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstavelig meining, ein kopi av ei himmelsk bok «nersendt» til Muḥammad gjenom openberringar. Al-Qur’ān er skreven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som helige, men som tolkingar av al-Qur’ān.   Les meir …
Dia7275 Ali Akbar Khan r.jpg
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
Hadia Tajik.jpg
Hadia Tajik (f. 18. juli 1983) er ein journalist og arbeidarpartipolitikar frå Strand kommune i Rogaland. Föreldra innvandra til Norge frå Pakistan före ho vart fødd. Ho vaks opp i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland fylke. Utdaninga hennar inkluderer ein mastergrad i menneskerettigheiter så vel som studium i journalistikk og juss. Ho har arbeidd som journalist blant anna i Aftenposten, Dagbladet og Verdens Gang. Ho vart velt inn på Stortinget ved valet i 2009. Da ho vart utnemnt til kulturminister fredagen den 21. september 2012, vart ho med det den første norske muslimske statsråden i Norge nån gong.   Les meir …
Grameen Yunus Dec 04.jpg
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “for arbeidet deras for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.   Les meir …
07Tirana Ethem beu Mosque06.jpg
Xhamia e Et'hem Beut (Mal:Alb.) eller Et'hem Bey-moskéen er den viktigaste moskéen i Tirana, som er hovudstaden i Albania. Bygginga av moskéen kom i gang i 1789 under ledelse av Mulla Beu (Mullah Bey). Mulla Beu dødde i 1807, og sonen Et’hem Beu (Ethem Bey) tok over som byggherre. Moskéen vart fullført i 1823. Han er ovanleg i og med at interiøret er gjenomgåande dekorert med rosemåling.   Les meir …

Populære sidor

  1. Xhamia e Et'hem Beut (vist g.)
  2. Ahkām (vist g.)
  3. Moské (vist g.)
  4. Minbar (vist g.)
  5. Hadia Tajik (vist g.)
  6. Økoḥalāl (vist g.)
  7. Al-Qur’ān (vist g.)
  8. Ḥalāl (vist g.)
  9. Aḥmadiyyā (vist g.)
  10. Ali Akbar Khan (vist g.)
  11. Muhammad Yunus (vist g.)
  12. Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission (vist g.)
  13. Abraham Geiger (vist g.)
  14. Liberal islām (vist g.)
  15. Islām (vist g.)