Emne:Hjortfamilien

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

Hjortfamilien

Artiklar

White-tailed deer.jpg
Kvithalehjort (nyn./bm.; bm. hvithalehjort, da. hvidhalet hjort, sv. vitsvanshjort) eller virginiahjort (nyn./bm./sv./da.) er ein art av hjortfamilien som hører heime i Amerika — frå det sørlege Canada til Peru. Kvithalehjorten har vorte introdusert fleire andre plassar i verda, inkludert i Tsjekkia, Slovakia og Serbia så vel som på New Zealand. I Skandinavia er kvithalehjorten vanleg i det sørvestlege Finland, der dei første dyra vart utsett i 1934. Utbredelsesområdet i Finland aukar stadig nordover, og det førekjem dyr i Sverige langs grensa mot Finland. Kvithalehjorten er ansétt som oønska i Sverige, ettersom han er vertsdyr for ein hjerneparasitt som kan ramme elgar.   Les meir …
Knight Megaloceros.jpg
Irsk kjempehjort (Megaloceros giganteus) er ein utdødd, stor hjorteart som levde frå kring 400 000 år sidan og fram mot yngre steinalder. Det yngste karbondaterte eksemplaret til no levde kring 5 700 fvt. Utbredelsesområdet var store deler av Eurasia — frå Irland i vest til austom Baikalsjøen i Sibir i aust. Namnet irsk kjempehjort har han fått fordi dei fleste skjelettfunna er gjort i irske torvmyrar. Med ei skulderhøgd på kring 200 cm var den irske kjempehjorten på lag jamnstor med alaskaelg, og geviret på bukkane var det storste geviret som er kjent blant nån nolevande eller utdødde hjortedyr.   Les meir …
Poudou IMG 4342.JPG
Pudú blir rekna for å vera verdas minste hjortedyr. Det finst to artar pudú — andespudú (nordlig pudú, Pudu mephistophiles) frå Colombia, Ecuador og Peru, som har ei skulderhøgd på 32–35 cm; og chilepudú (sørlig pudú, Pudu puda) frå det sørlige Chile og sørvestlige Argentina,, som har ei gjenomsnittlig skulderhøgd på 36–41 cm).   Les meir …
Sika Deer, Nara Park 01.jpg
Sikahjort (Cervus nippon) er ein hjortart som hører heime i Aust-Asia. Namnet sikahjort kjem frå japansk 鹿 (shika), som betyder 'hjort'. Sikahjorten skil seg ut frå den europeiske hjorten ved at han er mindre; ved at han har smalare og meir opprett gevir; og ved at vaksne dyr beheld kalvprikkane i pelsen som vaksne. Han er nært nok i slekt med europeisk, sentralasiatisk og nordamerikansk hjort til at han kan hybridisere med dem. I nyare tid har sikahjorten vorteinnført til Australia og New Zealand; til USA og Canada i Nord-Amerika; til Marokko i Nord-Afrika; og til mange land i Europa. Sikahjorten vart innført til Danmark kring 1900 og utsleppt på Svenstrup gods. I dag finst det nån få hundre forvilla sikahjortar i Danmark — først og fremst langs austkysten av Jylland.   Les meir …
Svalbardrein pho.jpg
Svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus), òg kalla spitsbergenrein, er ein underart av rein som har sin naturlige utbredelse på Svalbard. Svalbardreinen skil seg frå den nærmaste slektningen sin, den hovudsakleg midt- og nordskandinaviske fjellreinen, blant anna ved at han er mindre og tettare bygd, ved det korte og relativt runde haudet, og ved vinterpelsen, som er heilt lys. Underarten har vore freda sidan 1925, og i 2000 vart bestanden anslege til kring 11 000 dyr.   Les meir …
Rangifer tarandus fennicus (juvenile).jpg
Skogsrein eller finsk skogsrein (Rangifer tarandus fennicus) er ein underart av rein som er utbreidd på Karelen og i sentrale strøk av Finland; og tidlegare òg större deler av Finland så vel som Sverige. I slutten av Weichselistida for på lag 9 000 år sidan vandra det reinar frå Sentraleuropa til Fennoskandinavia som utvikla seg til dagens nominatform, fjellreinen. Skogsreinen innvandra først for 7 000 år sidan, truleg frå Sibir. Han auka utbredelsesområdet sitt trinnvis i lag med habitatet sitt, den boreale barskogen, og flytta så lengre nordover.   Les meir …
Cladonia rangiferina Graa reinlav.jpg
Reinlav, òg kalla reinmose, er fellesnamnet på fleire olike lavartar i underslekta Cladina av slekta Cladonia. Talluset (plantelekamen) til reinmosen er laust festa til underlaget, og tallushøgda varierer frå ner mot 3 cm og opp mot 15 cm. Reinlaven veks rett frå jordgrunnen og har tilpassa seg ekstrem temperaturvariasjon. Nån av reinlavslaga veks i store mengder i skog, fjell og tundra på den nordlige halvkula. Om vinteren er reinlav hovudnæringa til reinen, som dekkjer opp til 90 % av næringsbehovet sitt med reinlav. Andre bruksområde for reinlaven inkluderer tetting av hus (særleg laven kvitkrull) og, særleg i nyare tid, dekorasjon.   Les meir …
Caribou.jpg
Karibu (innlånt til engelsk som caribou kring 1665, truleg frå mi'kmaq kaleboo), eller nordamerikansk rein, er fellesnamnet på fleire underartar av rein (Rangifer tarandus) som har sitt naturlige utbredelsesområde i Nord-Amerika og på Grønland. Dei nolevande underartane av karibuen er skogskaribu (Rangifer tarandus caribou), grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi). I tillegg blir alaskakaribu (Rangifer tarandus granti) medrekna, men det er osikkert om alaskakaribuen eigentlig bør reknast som ein eigen underart eller som populasjonar av grønlandsrein.   Les meir …
Johan Turi Kloevraid.png
Ein raide (s.sam. raajroe, Mal:Rør.raajda; pites., rájjdo, lules. rájddo, n.sam. ráidu, Mal:Skoltes. räidd) er ei rekkje av ihopbundne reinar med pulkar, sledar og/eller kløvlast.   Les meir …
Headwaters of the Garbh Uisge. - geograph.org.uk - 50951.jpg
Reindrifta i Skottland vart igangsett i 1952 av reinsamen Mikel Utsi (òg skreve Mikkel Utsi; d. 1979) frå Jokkmokk og kona hans, den USA-fødde antropologen Ethel John Lindgren (d. 23. mars 1988). Dei to var på bryllaupsreise til Aviemore våren 1947, og Mikel la merke til at landskapet minte om reinbeita i Lappland. I 1949 etablerte Mikel og Ethel rådgjevings- og forskingsrådet the Reindeer Council of the United Kingdom, og ei stund etter etablerte dei the Reindeer Company Limited — begge med adresse i Cambridge. I 1952 fikk dei importert dei første reinane — alle kom frå flokken hans Mikel i Jokkmokk, og dei fikk i første omgang eit 300 acres (ca 1200 mål) inngjerda område til beite.   Les meir …
Reindeer gallops by snoozing Gentoo Penguins.jpg
Reindrifta ved Sørishavet kom i gang da ti tamreinar (3 oksar og 7 simlor) vart innkjøpt i Hemsedal i 1911 og utsett av brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av øya Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snyras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken. Nyare framlagte data tyder på at dyra som vart innført i 1925 kom frå samma kjelda som dyra som vart innført i 1911. Fleire år seinare vart det gjort forsøk på etablering av reinflokkar i Argentina, Chile og Kerguelane. Berre det sistnemnte forsøket, midt i 1950-åra, var vellykka. I 2001 vart 59 reinkalvar frå Sør-Georgia flytta til Falklandsøyane for etablering av reindrift der.   Les meir …
11110cr skahppo.jpg
Reinost (nyn./bm.; bm./sv. renost; s.sam. bovtsenvuasta; pites. buhttsuvuässtá -st-; lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mörke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flatvordne, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (s.sam. deajvoe, pites. dæjjvo -jv-, lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (s.sam. skaahpoe, skaahpa; pites./lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen.   Les meir …
Kanefart med Reinsdyr ved Fjellseter Turisthotell .jpg
Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hannreinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vara med på å skapa ro i större reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein viss grad av testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne tekn til å vara ovel i to–tre dagar etter inngrepet. Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte olovlig, og i dag föregår gjeldinga normalt med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen.   Les meir …
Flintoe Reenby 5 Miil soendenfor Karasjok.jpg
Ein pulk (pites. bullke, lules. bulkke, Mal:Skoltes. pu´lkk) eller ein kjerris (s.sam. gierehtse; pites. gærris; lules. gieris) er ein båtforma sleda utan meiar som tradisjonelt blir trekt av reinar.   Les meir …
Lapskvallhund.jpg
Lapsk vallhund (sv.) eller lapinporokoira (fi.) er ein mellomstor spisshundrase med opphav i Finland. Den lapske vallhunden blir tradisjonelt bruka som gjetarhund i samband med reindrift. Han vart utskilt som eigen rase i Finland i 1966.   Les meir …
Reindeer in Kangerlussuaq (Brandt).png
Grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og alaskakaribu (av ein del rekna som eigen underart, Rangifer tarandus granti), er karibuar som lever i områda frå Vest-Grønland, Nunavut (sørom Parry Channel) og nordlige deler av Northwest Territories (grønlandsrein) til Yukon og store deler av Alaska (alaskakaribu).   Les meir …
Mech 06.jpg
Pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi), en. Peary Caribou, er den minste underarten av dei nordamerikanske karibuane og lever på dei høgarktiske øyane lengst nord i Nunavut og Northwest Territories. Pearykaribuen er den minste av dei nordamerikanske reinane: Vaksne simlor har ei snittvekt på 60 kg og snittlengd på 1,4 m, og vaksne oksar har ei snittvekt på 110 kg og snittlengd på 1,7 m. Pelsen er på lag skifergrå om somrane og nærmast kvit om vinteren. Karakteristiske drag som dei deler med svalbardreinen er den korte mulen og dei korte føterne. I 1961 fanst det over 40 000 pearykaribuar, men i 2009 var bestanden nere i kring 700 dyr. Hovudgrunnen til den dramatiske nergangen er truleg dei milde vintrane med mykje smelting og frysing, slik at beita låser seg.   Les meir …
Kvitkrull cladonia stellaris.jpg
Kvitkrull (Cladonia stellaris, syn. Cladonia alpestris (L.)) (bm./nyn.; sv. fönsterlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Kvitkrull veks på bakkan med 5–15 cm høge podetium. Han manglar horisontaltallus. Farga er gulkvit til lysgul og han er rikt forgreina. Greinspissane pekar i alle retningar og danar tette og avrunda toppar. Kvitkrull er vanleg over heile Norge og Sverige anna enn i dei ytste kyststrøka i Norge og i Skåne lengst sør i Sverige. Kvitkrull er særleg vanleg i nordlege strøk og i barskogs- og fjellstrøk, derav det eldre vitskaplige namnet C. alpestris (Linné). Kvitkrullen veks generelt gjerne samen med lys reinlav og grå reinlav, og han er generelt vanlegare i Sør-Norge enn desse to andre reinlavartane. Kvitkrull er viktig som næring for rein. Særleg om vinteren i Sør-Norge utgjer han ein vesentleg del av beitet.   Les meir …
CladoniaSpec01.jpg
Kystreinlav (Cladonia portentosa ((Dufour) Coem), syn. Cladonia impexa (Harm.)) (bm./nyn.; sv. hedrenlav, da. hede-rensdyrlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Arten er blant anna vanleg i kystheier i Skandinavia og på lyngheier i Vest-Europa.   Les meir …
11945cr Sagelv helleristningsfelt.jpg
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturleg størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire olike syn på dateringa av feltet — frå så tidleg som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidlegaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei tauga ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt.   Les meir …

Populære sidor

  1. Elg (vist g.)
  2. Rein (vist g.)
  3. Kvithalehjort (vist g.)
  4. Irsk kjempehjort (vist g.)
  5. Pudú (vist g.)
  6. Sikahjort (vist g.)
  7. Svalbardrein (vist g.)
  8. Skogsrein (vist g.)
  9. Reinlav (vist g.)
  10. Karibu (vist g.)
  11. Raide (vist g.)
  12. Reindrift på Island (vist g.)
  13. Reindrift i Skottland (vist g.)
  14. Reindrift ved Sørishavet (vist g.)
  15. Sytingsrein (vist g.)
  16. Reinost (vist g.)
  17. Mjølkarrein (vist g.)
  18. Reingjelding (vist g.)
  19. Pulk (vist g.)
  20. Lapsk vallhund (vist g.)
  21. Reindrift (vist g.)
  22. Trollheimsloven (vist g.)
  23. Grønlandsrein (vist g.)
  24. Pearykaribu (vist g.)
  25. Kvitkrull (vist g.)
  26. Kystreinlav (vist g.)
  27. Gjeldsimle (vist g.)
  28. Nattskare (vist g.)
  29. Sagelv helleristningsfelt (vist g.)