Emne:Hest

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

Hest

Artiklar

Horse Tambar.jpg
Færøyhest (fær. føroyska rossið eller føroyska hesturin) er den tradisjonelle færøyske hesten. Færøyhesten er nærmast i slekt med islandshesten og nordlandshesten, men med høgda på 1,14–1,24 cm er han mindre enn begge dei rasane. Det nest nærmaste slektskapet har han med shetlandsponnien. Han var mesta utdødd i 1960-åra med berre fire rasereine hoppor og éin hingst, men gjenom systematisk al har talet komme opp i 62 hestar (2012). I våre dagar blir færøyhesten særlig bruka som ridedyr for ungar.   Les meir …
Horse hjerl hede 2004 ubt.jpeg
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjennetekna med den blakke fargen sin og med den karakteristiske ståande manen. Manen har òg ein såkalla ål — ei mörk stripe frå manke til hale. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjent. Vanlig mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje ovanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjente nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk. Fjordingen er hardfør og allsidig og kan bli bruka til mykje forskjellig. Han eignar seg bra som trekkhest. Fjordingen stammar opprinnelig frå den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, og han er ein av de hesterasane i verda som liknar mest på den opprinnelige hesterasen.   Les meir …
Lofothest (Joh Rasch).jpg
Lofothest var ein hestrase som haurde til i Salten, Lofoten, Vesterålen og naboområda. Lofothestane med si høgd på kring 1,20–1,30 m var mindre enn lyngshestane, og han skilte seg òg ut med det lange ragget. Dei var kjent som svært hardføre hestar. Lofothestane var enno vanlege kring midten av 1800-talet. Den visstnok siste lofothesten, som var på Yttergården under Evjen ved Saltstraumen, vart skoten i 1899. Den hesten står utstilt på Bergen Museum.   Les meir …
Lyngshest.jpg
Nordlandshest eller lyngshest er ein hesterase frå Nord-Norge. Nordlandshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av nordlandshestar er som ridehest og lett trekkdyr. Nordlandshesten har anane sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller i utmarka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fikk ikkje tilskott av kjøpfôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølv i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.   Les meir …
643 Svalur fra Bloenduhlidh.jpg
Tölt (uttale på lag som tølht) er eit firtakts ganglag som er typisk for islandshestar. I tölt løftar hesten éin fot i gangen med jamn takt, og éin fot skal allveg røre ved jorda. Alt etter skrittrekkjefølgja kan tölt delast inn i brokktölt, hreinatölt og skeiðtölt — sjå nedafor. I tillegg til islandshesten, kan enkelte individ av færøyhestane gå i tölt.   Les meir …
16987cr fjordingman med aal.jpg
Ein man er den hårmanken hestar, zebraer og enkelte andre dyr har langs nakkan. Enkelte manar kan ha ein ål — ei lys stripe på kvar side av den mørkare hovuddelen. Dét gjeld særleg przewalskihesten og den vestnorske fjordingen. Ein oklypt man kan òg bli kalla faks.   Les meir …

Populære sidor

  1. Færøyhest (vist g.)
  2. Fjording (vist g.)
  3. Islandshest (vist g.)
  4. Lofothest (vist g.)
  5. Nordlandshest (vist g.)
  6. Tölt (vist g.)
  7. Man (vist g.)