Emne:Geit

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

Geit

Artiklar

Islandsgeiter.jpg
Islandsgeit (islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geitrasen på Island. Ein trur at geiterne er okryssa etterkommarar etter dei geiterne som landnåmsmennerne tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).   Les meir …
Lappget.jpg
Lappgeit (nyn./bm.; sv. lappget, bm. lappgjet, da. lapged), lokalt kjent som fjellgeit (sv. fjällget), er ein gammel geitrase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geitrasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 100 alsdyr (februar 2010) blir rasen rekna som akutt utryddingstruga. Blant reindriftssamane har det vore vanlegast i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanleg å skaffe seg nån få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidleg på året, medan reinkalven trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren.   Les meir …
C07766 norsk mjølkegeit.jpg
Norsk mjølkegeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase for dei tidlegare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidleg i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.   Les meir …
Fritz Loyt Johnsen (f. 22. februar 1916 i Levanger kommune, d. 29. august 1997) var første formannen for det første sau- og geitalslaget i Norge, Nord-Trøndelag Sau- og Geitavlslag (1945–1946); og han var sekretær for Norsk sau– og geitalslag frå det vart stifta våren 1947, og generalsekretær der frå hausten 1947 til han gikk av ved pensjon 67 år gammel i 1983. Han var òg initiativtakar til Akershus og Oslo sau- og geitalslag, som vart stifta i 1950.   Les meir …
Nordlandsgeit var ein av dei fire norske geiterasane som (i hop med saanengeit) er opphavet til norsk mjølkegeit. Jamt over var nordlandsgeiterne relativt like dei blåe og hornote vestlandsgeiterne, men det var tydeleg lokal variasjon. Typisk levandevekt var 40–45 kg. Misvær fjøsregnskapslag oppgav i 1940 ei årleg middelmjølkmengd på 390 kg og feittprosent på 3 %, medan Skjervold (1962) oppgjev same feittprosent, men middelmjølkmengd på 430 kg. Ei utfordring ved kjeldone er at dei gjerne grupperer geitene meir etter landsdel enn etter type. Såleis skreiv f.eks. Sigurd Trageton (1934): «I Nord-Norge er det mykje geit, men ho er endå meir ueinslaga enn lenger sør. Sume svært små, men og noko større. Målselvdalen hev mykje gode geiter. Lofoten og Vesterålen hev mykje tjoregeit At geita i Målselvdalen skilte seg ut kanskje tyde på at geiterne der var av dølatype?   Les meir …

Populære sidor

  1. Islandsgeit (vist g.)
  2. Geitrasar (vist g.)
  3. Kystgeit (vist g.)
  4. Lappgeit (vist g.)
  5. Norsk mjølkegeit (vist g.)
  6. Fritz Loyt Johnsen (vist g.)
  7. Spæl (vist g.)
  8. Nordlandsgeit (vist g.)
  9. Aasmund Olavsson Vinje: «Blåmann, Blåmann, bukken min» (vist g.)