Emne:Esnogas

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 18:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{Emne Jødedom}} {| cellspacing="0" cellpadding="10" | colspan="2" | {{:Esnoga}}<br style="clear:both" /> |- | width="50%" valign="top" style="border-right:1px solid #006…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

EsnogaAmsterdamTebah.jpg

Ein esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar) eller ein synagoge (nyn./bm./da.; nyn./sv. synagoga) er eit jødisk gudshus, bedehus eller församlingshus. Det finst mange andre namn på synagogen òg — bet kenéset (hebraisk for ‘församlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’) shul (jiddisch for ‘skule’) og tempel (opprinnelig reformjødisk) er nån få av dem. Ein esnoga kan vara ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Esnogaen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron kódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når vi les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle esnogas ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár (A) / bima (A)) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Artiklar

Synagogen i Bergstien i Oslo.jpg
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gikk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande oskadd gjenom heile krigen.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …
Trondheim jodiske museum.jpg
Den novarande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinnelig bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.   Les meir …
Malmö synagoga.jpg
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attvarande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …
I vanleg rabbinsk jødedom er ein minján (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) eit uttrykk for ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utadörs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minján i fölgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minján — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstjenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinnor variert.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart tekna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstjenestone. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinnor, og til høgre i hovudrommet sitt kvinnor og menn i lag.   Les meir …
Synagogan i Karlstad (606 7 5).jpg
Synagogen i Karlstad (sv. Synagogan i Karlstad) i bydelen Klara i Karlstad i Karlstads kommun i Värmland var ein tresynagoge bygd i 1895 i nymaurisk stil. Synagogen var aktiv fram til 1955. Bygninga vart reven i 1961.   Les meir …
Djerba, Synagoge La Ghriba Jan 2002 Innenansicht 5.jpg
El-Ghribasynagogen er ein svært gammel synagoge rett ved Hara Seghira nån kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske öya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammel, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …
WP Synagoge Luebeck 1907.jpg
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinnelig nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (18451919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (18831942). Siste menigheitsrabbinaren der (19211938) var David Alexander Winter (18781953).   Les meir …

Populære sidor

  1. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  2. Haftará (vist g.)
  3. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  4. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  5. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  6. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  7. Ḥazzán (vist g.)
  8. Meḥiṣṣá (vist g.)
  9. Ner tamíd (vist g.)
  10. Hekhál (vist g.)
  11. Synagogen i Leiwen (1913–1938) (vist g.)
  12. Synagogen i Esslingen am Neckar (vist g.)
  13. Synagogen i Massenbachhausen (vist g.)
  14. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  15. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  16. Španělská synagoga (vist g.)
  17. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  18. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  19. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  20. Amsterdam Esnoga (1639) (vist g.)
  21. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842) (vist g.)
  22. Malmö synagoga (vist g.)
  23. Kva er ein synagoge (vist g.)
  24. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  25. Tebá (vist g.)
  26. Sefer (vist g.)
  27. Den første esnogaen i København (vist g.)
  28. El-Ghribasynagogen (vist g.)
  29. Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
  30. Göteborgs synagoga (vist g.)
  31. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  32. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940) (vist g.)
  33. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  34. Minján (vist g.)
  35. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  36. Synagogen i Lübeck (vist g.)
  37. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  38. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934) (vist g.)
  39. Rabbinar (vist g.)
  40. Der Türkische Tempel (vist g.)