Emne:Buddhisme

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 11:37 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sikkim Prayer flags Babasteve.jpg
Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlige land vorte interessert i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av de store verdsreligionane. Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Detta kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augone for kossen livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på de grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.
Artiklar

Paranirvana.JPG
I buddhismen er parinirvāṇa (sanskrit: परिनिर्वाण) eller parinibbāṇa (pāḷi परिनिब्बाण), kjent som 般涅槃, bō niè pán, på kinesisk, den endelige nirvāṇaen. Vanligvis blir parinirvāṇa berre rekna som mulig når kroppen til ein person som har oppnådd fullstendig bōdhi (opplysing) dør. Parinirvāṇa, som er det høgste målet i buddhistisk praksis, inneber at personen blir løyst frå bhavatjakra, saṁsāra, karma og atterføding; og dessutan blir alle verdslige fysiske og mentale element, eller skandhaer, oppløyst.   Les meir …
Sikkim Prayer flags Babasteve.jpg
Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlige land vorte interessert i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av de store verdsreligionane. Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Detta kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augone for kossen livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på de grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.   Les meir …
Karma (sanskrit: कर्म, frå rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendelsar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.   Les meir …

Populære sidor

  1. Siddhārtha Gautama (vist g.)
  2. Karma (vist g.)
  3. Parinirvāṇa (vist g.)
  4. Buddhisme (vist g.)