Emne:Barokkmusikk

Frå Alnakka.net

mellomalderen • renessansen • barokken • klassisismen • romantikken • modernismen
folkemusikk • pop/rock/jazz

Barokkmusikk

Artiklar

Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.   Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen.   Les meir …
Haendel.jpg
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (168514. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særlig kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det davarande kurfyrstedømmet Brandenburg ått föreldra Georg Händel (16221697) og Dorothea Taust (16511730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydelig talent for tangentspel alt i sjuårsalderen. Ni år gammel begynte Georg Friedrich å komponere musikk.   Les meir …
Emanuele d'Astorga (16801757) var ein barokkomponist frå Sicilia. Han skreiv mange kantatar. Hans Stabat Mater (1707) for fire stemmer og strykeorkester var framleis svært kjent og mykje oppført på 1800-talet, men er sjeldnare oppført i moderne tid.   Les meir …
Carlo Gesualdo.jpg
Don Carlo Gesualdo, principe di Venosa (15661613) var ein luttspelar, komponist og adelsmann frå Italia som på den eine sida er kjent for de intenst ekspressive madrigalane sine, som inneheld ein sterkt kromatisk modal harmonikk som gjev assosiasjonar til substansharmonikken som vi finn i seinromantisk musikk kring 300 år seinare; og på den andre sida for det mest berykta dobbeltdrapet i den vestlige musikkhistoria.   Les meir …

Populære sidor

  1. Cembalo (vist g.)
  2. Spinett (vist g.)
  3. Barokkfiolin (vist g.)
  4. Abraham de Casseres (vist g.)
  5. Middeltonetemperering (vist g.)
  6. Gambe (vist g.)
  7. Joan Baptista Josep Cabanilles (vist g.)
  8. Menuett (vist g.)
  9. Musikkinstrument i renessansen og barokken (vist g.)
  10. Barokkomponistar (vist g.)
  11. George Frideric Handel: Judas Maccabæus (vist g.)
  12. Serpent (vist g.)
  13. Georg Friedrich Händel (vist g.)
  14. Thomas Augustine Arne (vist g.)
  15. Emanuele d'Astorga (vist g.)
  16. Johan Daniel Berlin (vist g.)
  17. Carlo Gesualdo (vist g.)
  18. Bilde av barokkomponistar (vist g.)
  19. Georg Philipp Telemann (vist g.)