Emne:Asjkenazím

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Der Samstug (Saturday).jpg

Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nordom Alpane er ovisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa alt for knapt 2 000 år sidan. Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklige jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz». Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særlig rhin-dialektar og bayersk).

Artiklar

Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …
Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austasjkenaziske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange olike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan vi seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjennetekna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, förstørra sekundar og sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innaför todelt takt er det mykje bruk av synkopar.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Kafka aprox1917 small.jpg
Franz Kafka (3. juli 18833. juni 1924) var ein tyskspråklig asjkenazisk forfattar. Det mest kjente verket hans er romanen Der Prozeß (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for oklåre skuldingar frå eit ogjenomtrengelig rettssystem. Av dét kjem nemninga Kafka-prosess.   Les meir …
Kappóres (jid. כַּפָּרות), frå hebr. kapparót (כַּפָּרוֹת, ‘soningar’), er eit gammelt, omstridd soningsritual som først og fremst er vanleg i deler av asjkenazisk jødedom, særlig i ḥasidisk jødedom. Kjerna i ritualet er at ein svingar ein hane (för menn) eller ei høne (för kvinnor) tre gonger kring haudet medan ein les erklæringa: “Dette er bytet mitt, dette er erstatninga mi, dette er soninga mi. Denne hanen/høna går til dauden sin, medan eg kjem inn og går vidare til eit godt, langt liv og til fred.” Fuglen blir så tradisjonelt slakta eller gjeven til fattige. Helst skal han etast under måltidet rett före jonkipper (kippúr). Ei mildare utgåve av skikken er å bruke pengar i staden for levande dyr. Skikken har vorte sterkt fordømt av dei sentrale sefardiske autoritetane, inkludert Mosjé ben Maimón (HaRaMBaM, Moses Maimonides), Mosjé ben Naḥmán Girondi (RaMBaN, Nachmanides), Sjelomó ibn Adéret (RaSJBA) og Joséf Caro.   Les meir …
Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
13834cr2 Joav Melchior.jpg
Joav Melchior (f. 1978) er ein norsk–israelsk, asjkenazisk-ortodoks rabbinar. Han har vore rabbinar i Det mosaiske trossamfund i Oslo sidan august 2006. Joav er son ått rabbinar Michael Melchior.   Les meir …
Marcus Melchior (18971969) var ein rabbinar frå København som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nån få år som rabbinar i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934.   Les meir …

Populære sidor

  1. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  2. Kappóres (vist g.)
  3. Spekesild (vist g.)
  4. Latkes (vist g.)
  5. Gefillte fish (vist g.)
  6. Matse-brei (vist g.)
  7. Borsht (vist g.)
  8. Blintses (vist g.)
  9. Birkes (vist g.)
  10. Beiglech (vist g.)
  11. Challe (vist g.)
  12. Goldene jouch (vist g.)
  13. Kornbroit (vist g.)
  14. Kishkes (vist g.)
  15. Lekkech (vist g.)
  16. Tsimmes (vist g.)
  17. Kapuste (vist g.)
  18. Kugl (vist g.)
  19. Mangóz ṣur (vist g.)
  20. Jiddisch musikk (vist g.)
  21. Channeke, oi channeke (vist g.)
  22. Klezmermusikk (vist g.)
  23. Mordechai Hershman (vist g.)
  24. Di mangase-buch (vist g.)
  25. Mordecai Kaplan (vist g.)
  26. Moses Mendelssohn (vist g.)
  27. Hirsch Glik (vist g.)
  28. Franz Kafka (vist g.)
  29. Chaim Potok (vist g.)
  30. Karl Emil Franzos (vist g.)
  31. Charles-Valentin Alkan (vist g.)
  32. Felix Mendelssohn (vist g.)
  33. Judith Kaplan (vist g.)
  34. Léderer Dezső (vist g.)
  35. Michael Melchior (vist g.)
  36. Abraham Geiger (vist g.)
  37. Lynn Feinberg (vist g.)
  38. Shaul Wilhelm (vist g.)
  39. Ḥajjim Volozhin (vist g.)
  40. Amy Eilberg (vist g.)
  41. Marcus Melchior (vist g.)
  42. Joav Melchior (vist g.)
  43. Aron Beer (vist g.)
  44. Abraham Baer (vist g.)
  45. Joel Jacob Hirsch (1866–1943) (vist g.)
  46. Halász Ignácz (vist g.)
  47. Hollekreisch (vist g.)
  48. Jiddisch (vist g.)
  49. Julia Neuberger (vist g.)
  50. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  51. Rödelheim (vist g.)
  52. Žagarė (vist g.)
  53. Leonard Nimoy (vist g.)
  54. Zholkve (vist g.)
  55. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  56. Ray Frank (vist g.)
  57. Karl Herschel (vist g.)
  58. Asjkenazím (vist g.)