Elias Blix
Elias Blix (1836–1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Han vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.
- I 1862 var Blix med på å stifte «Den nordlandske Forening» og var første formannen i organisasjonen.
- Han tok teologisk embetseksamen i 1866.
- I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fikk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.
- Professor i teologi 1878.
- Statsråd i Kirkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vara jamstilt med riksmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.
Blix oppdaga landsmålet da han gikk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekkobladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om å få preke i Gildeskålkirkja, men på grunn av arbeidet hans Elias Blix som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp teke teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vara grunnen til at han ikkje vart prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål.
Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skreve meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at det vart lov å synge salmane hans i kirkja. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.
Pekarar
Kjeldor
- «Elias Blix» på Nynorsk Wikipedia
- Bolling, Reidar: «Elias Blix» på Salten Museum sin nettstad
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Elias Blix» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |