Eilert Moe

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 28. april 2020 kl. 17:37 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>'''Eilert Moe''' (f. 3. januar 1879; d. 1936 i Rindalen) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommune…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Eilert Moe (f. 3. januar 1879; d. 1936 i Rindalen) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommuneNordmør.

Eilert Pedersen Moe vart fødd fredag 3. januar 1879 og døpt i Rindal kirkje søndag 2. februar samma året[1] som son ått skulelærar Peder Magnussen Moe (f. 1854), som opprinnelig var frå Stjørdalen), og Marit Evensdtr., f. Onsøyen, som opprinnelig kom frå Buvika i Skaun kommune. Eilert utdana seg til lærar ved Tromsø seminar og tok deretter skulepostar i Soknedalen og Meldalen före han fikk lærarpost i Romundstad krets i Rindal kommune, der han vart varande resten av livet. Attmed lærargjerninga dreiv Eilert Moe blant anna med dialektgransking, og han gav ut i alt tre bøker om nordmørsdialekten. Eilert Moe dødde i Rindalen i 1936.

Bibliografi

  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania : Dybwad, 1915. (43 s.) (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre). (Norske målføre; 6) Oslo : Studentmållaget, 1922. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. Kristiania : I kommission hos Dybwad, 1923. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Norskupplæringa i folkeskulen : fyreordnigar til samtaler på sammøte av skulestyre og lærarar i Rindal åra 1925 og 1926. Svorkmo : [s.n.], 1927. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Nokre salmevers. Oslo : Noregs boklag, 1931. (BIBSYS)

Fotnotar