Djudeospanjol

Frå Alnakka.net
Djudeospanjol
(djudezmo, spanjol, jødespansk)

grammatikk

ORDBOK

 A · B · C · D · E · F · G 
 H · I · J · K · L · M · N 
 O · P · Q · R · S · T · U 
 V · X · Y · Z 

Avis på djudeospanjol frå Salonica.

Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.

Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg.

Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.

Språklege særtrekk for djudeospanjol varierer mykje mellom dei olike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:

  • M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.), kastiljansk nuestro); mueve/nueve (‘9’ (num.), kastiljansk nueve).
  • G for H i ord som agora (‘no’, kastiljansk ahora).
  • -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘5’, kastiljansk cinco).
  • Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, kastiljansk casa).

Jødespansk har tradisjonelt vorte skreve med det hebraiske alfabetetsolitreo for handskrevne dokument og sefardisk halvkursiv («Rashi-skrift») for trykte dokument, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.

Pekarar

  • «Folk Literature of the Sefardic Jews» - skal innehalde University of California, Davis si samling av jødespanske balladar og anna muntlig tradisjonsstoff. Basen er under oppbygging. Her finn vi òg sida Judeo-Spanish Phonetics, som gjev eit kort overblikk over sambandet mellom dei olike jødespanske dialektane og kastiljansk språk.
  • «A Short Bibliography of Sephardic Music» - bibliografi og diskografi over sefardisk musikk som først og fremst inneheld litteratur og arkivopptak, og få sekundære opptak av ikkje-sefardiske musikarar. Av Judith R. Cohen (York University, Toronto, Ontario, Canada)