Det portugisarjødiske samfunnet i Altona

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Esnogaen (synagogen) til det portugisarjødiske samfunnet i Altona.

Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da de etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Slesvig-Holsten og stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamborg innførte særlig tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar frå Hamborg og busette seg i Altona. Det sefardiske trussamfunnet der var først kjent under namnet «Kahal Kados Beth Jahacob Acatan», og seinare som «Neweh Schalom». Til å begynna med bestod det sefardiske samfunnet i Altona av berre fem familiar, men i 1770 var talet på sefardiske familiar oppe i atten, og samfunnet søkte kong Christian VII av Danmark og Norge om løyve til å byggje synagoge. Dette løyvet vart gjeve den 22. mars 1771, og esnogaen i Altona vart innvigd alt den 6. september samma året. Det sefardiske samfunnet i Altona, som heile tida stod i nær samband med det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg, gikk mykje tilbake utover 1800-talet, og esnogaen gikk utur bruk etter 111 år i 1882. Det sefardiske samfunnet i Altona vart formelt oppløyst i 1885, og synagogen vart selt til det asjkenaziske trussamfunnet der i 1887.

Sjå òg

Kjeldor

Mal:Q1