Det osmanske riket

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Devlet-i Aliye-i Osmaniye
دولتِ عَليه عُثمانيه
Det osmanske riket
Ottoman Sultanate1453-1844.png OttomanCOA.jpg
Flagg Riksvåpen
Offisielle språk Osmansk tyrkisk
Hovudstad: Bursa (1335-1365)
Istanbul (1453-1922)
Styreform: keisarimperium
Statsoverhovud: Padishah av Det osmanske dynastiet
Statsreligion: islām
Valuta: akçe, kuruş, lira
Areal: 19,9 millionar km²
Folketal: ca 40 millionar (1600-talet)
Eksisterte: 12991922
Geografisk plassering:
Ottoman 1683.png

Det osmanske riket var eit keisarrike sentrert kring det austlege Middelhavet frå 1299 til 1922. På høgda av makta si kring 1600-talet omfatta det Anatolia, Midtausten, deler av Nord-Afrika, store deler av Søraust-Europa og Kaukasus. Store deler av områda som var underlagt riket var under indirekte kontroll av ei sentralregjering. Det osmanske riket hadde hovudsetet sitt i vår tids Tyrkia og ekspanderte både mot vest og aust under den 600 år lange historia si.

Riket blir stundom kalla Det ottomanske riket eller Det ottomanske imperiet på grunn av påverkning frå de engelske og franske namna, som i sin tur er basert på den arabiske forma av namnet på grunnleggaren av riket — ˤUthmān (عُثمَان) (tyrkisk Osman). Tidlegare vart riket stundom kalla Det tyrkiske riket (eller berre Tyrkia), men det blir unngått i moderne tid — delvis fordi republikken Tyrkia ikkje ønskjer å bli assosiert med Det osmanske riket, men mest for å markere at Det osmanske riket omfatta mykje meir enn vår tids Tyrkia.

Det osmanske riket vart grunnlagt av ein klan av oghuz-tyrkarar og vart styrt av det osmanske dynastiet — etterkommarar av dessa tyrkarane. Keisardømmet vart grunnlagt av Osman I. I 1453 erobra riket Konstantinopel (vår tids Istanbul) frå Det bysantinske riket og gjorde det til hovudstaden sin. De endra namnet til Kostantiniye òg. På 1500- og 1600-talet var riket eit av de mest innflytelsesrike og mektige politiske einingane i verda, og de var ein konstant trussel mot europeiske stormakter med de stødige framrykka sine på Balkan og de sørlige delene av Den polsk-litauiske realunionen. Riket var òg eit sentrum og ein hovudrepresentant for den islamske verda frå erobringa av Konstantinopel av. På sitt störste kontrollerte riket stader som Aleksander den stores gravstad, Homers Olympos og Nilen.

Oppløysninga av riket var ei av følgjone av første verdskrigen, da Ententemaktene samen med arabarane nedkjempa osmanane i Midtausten. Mot slutten av krigen fall Det osmanske riket samen, og store stykke av det vart fördelt mellom de allierte maktene. I de etterfølgjande åra vart mange nye statar oppretta; deriblant republikken Tyrkia. Medlemmane av osmandynastiet vart utvist og nekta tilgang til Anatolia, der de ein gong hadde lagt grunnlaget for eitt av de største rika og sivilisasjonane verda har sett. I 1999, etter 76 år, gav det tyrkiske parlamentet statsborgarskap til de novarande medlemmane av osmanfamilien. Den siste som fikk statsborgarskap var det novarande overhovudet for familien, Ertuğrul Osman V. Han fikk det i 2004, men flytta ikkje tilbake til Tyrkia. Han bur for tida på Manhattan i New York i USA.

Historie

Historia til Det osmanske riket er omfattande og spenner over sju hundreår. Det finst mange olike perspektiv; nokre baserer seg berre på den militære delen av historia, med kva for krigar de var involvert i og kva de la under seg og måtte gje frå seg, medan andre peker på den indre utviklinga. Denna artikkelen prøver å ha eit meir generelt perspektiv.

Opphav

Det osmanske riket oppstod som ein Uç Beyliği (ei form for adel) innaför Seljukstaten i Anatolia mot slutten av 1200-talet. Denna staten var sjølv underlagt Ilkhanatet (ein del av Det mongolske riket) på den tida. Det er ei utbreidd oppfatning blant historikarar at Osman I erklærte oavhengigheit i 1299, men det er vanskelig å fastsette den nøyaktige tida.

Vekstperioden (1299–1453)

I vekstfasene til riket vart identiteten og karakteren definert, og det sikra seg sin plass i historia under Mehmet II. Det var i denna periodene at den osmanske eliten (kjerna av tyrkarar kring Osman I) diskuterte kossen de skulle organisere ein ny stat. Det er viktig å legge vekt på kvar denna rørsla begynte; ho hadde tilgang til mange olike kulturar og erfaringar. Med tanke på tidlegare imperium og historia deras var den osmanske eliten av den klåre oppfatninga at det ikkje berre var sverdet som bygde og heldt ved like store imperium.

Fil:Fatih bellini.jpg
Mehmet II, kjent som «erobraren»

Den osmanske elitene hadde stor tru på at sverdet laut styrast av mannen, og ikkje omvendt. Det var viktig å finne sterke og dyktige menn som var villige til å samarbeide for å erobre store deler av Europa, Asia og Afrika. I tillegg var det viktig å organisere og regjere dessa erobra områda på tilfredsstillande vis og å etablere ein struktur det ville vara vanskelig å bryte ned seinare. Den osmanske eliten prioriterte politiske idéar som sveisa samen livet til imperiet. Berre med dessa idéane var det mulig å skapa samhald om ei enorm samling av nasjonar med olike kulturar og folkegruppor og få alle dessa til å dra i samma retning. Idéen og kulturen som vart skapt i dessa tidene var så sterk at det tok 300 år med forfall og katastrofar for å bryte det ned. Det kan diskuterast om det var mykje orett, vald og destruktive makter involvert i etableringa og bygginga av detta enorme riket, men å ikkje anerkjenne historia som begynte på 700-talet da tyrkarane begynte å vandre ut frå eit sarasenarrike i forfall, ville vara misvisande.

Trass i at Det osmanske riket begynte føre Osman I, blir han sett på som grunnleggaren av riket. Han var den første ledaren (Bey på tyrkisk) og gav riket sitt eige namn. Han erklærte oavhengigheit frå Det bysantinske riket og skapte ein front mot dem. Tidlegare tyrkiske ledarar sleit med interne kampar. Osman I flytta hovudstaden til Bursa. Han gav ut ein mynt i sitt namn, og som bevis på det gode ettermælet hans var uttrykket «måtte han bli like god som Osman» mykje bruka blant tyrkarar — og uttrykket blir til dels bruka framleis. Mehmet II var berre tolv år da han vart sultan, og han vart omtala som ein «lærd krigar». Den militære kunnskapen hans vart demonstrert ved slaget om Konstantinopel. Han hadde full støtte frå heile riket. Denna støtta bruka han til å omorganisere strukturen og militærvesenet i staten.

Veksten (1453–1683)

Vi kan dele inn framveksten av Det osmanske riket i to periodar. Den første periodene er ein periode med stabile erobringar og vekst; frå erobringa av Konstantinopel i 1453 til Sultan Suleiman den storslagne sin bortgang i 1566. Detta var ein periode med store bragdar sett med osman-tyrkiske augor. Etter erobringa av Konstantinopel gikk imperiet nordover. Slaget ved Kosovo Polje var eit gjenombrott for osman-tyrkarane, trass i at den serbiske kongen Milos Obilic greidde å drepa den davarande sultan Murad I. Sigeren var grunnlaget for resten av ekspansjonen deras inn i Europa. Sultan Selim I (15121520) ekspanderte mot aust og slo Safavidane i Persia under slaget på Chaldiran og etablerte ein eigen marine i Raudehavet. Etterfølgjaren hans, Suleiman den store auka makta og størrelsen til imperiet enda meir. Etter å ha erobra Beograd tok han Ungarn i 1526, men tapte 16 000 mann i det som er kjent som Slaget ved Mohács. Etter det fall kongedømmet fall i kaos, og Huset Habsburg tok deler av Ungarn. Suleiman den store fortsette mot Wien, men tok ikkje byen ettersom vinteren kom og tvinga han til retrett. Ikkje lenge etter vart Transylvania, Valakia og Moldavia fyrstedømme under Det osmanske riket.

I aust vart Bagdad erobra frå Det persiske riket i 1535, framleis under ledelse av sultan Suleiman den store. Detta førte med seg at osmanane fikk kontroll over store deler av Midtausten. Under styret til Suleiman den store, òg kjent som Lovgjevaren, nådde Det osmanske riket gullalderen sin.

Slutten av dessa 230 åra med vekst vart markert med slutten av ekspansjonen inn i Europa. Beleiringa av Wien i 1529 var ikkje ein del av ekspansjonen, men heller ein reaksjon på Huset Habsburg si innblanding i Ungarn. De osmanske styrkane tapte kring 25 000 mann, medan motparten sine tap berre var minimale. Detta førte òg til at nokre av imperiet sine allierte vendte dem ryggen. Pavane, som tidlegare hadde hatt relativt passive haldningar til Det osmanske riket, mante no til eit korstog mot dem. No var ikkje lenger Det osmanske riket berre ei okkuperande makt, men ein viktig faktor i europeisk politikk. Slaget om Wien i 1683 vart eit vendepunkt i kampen mellom kongerika i Sentral-Europa og Det osmanske riket og markerte begynnelsen av ein periode med osmansk stagnasjon.

Stagnasjonen (1683–1827)

Det var ei lang rekkje av sultanar som hadde de nødvendige føresetningane, men som ikkje greidde å fullføre måla sine i den enorme graden som generasjonane til Mehmed II, Selim I og Suleiman I gjorde. Under denna stagnasjonen vart imperiet svekka av krigar — særlig krigane mot Persia, Den polsk-litauiske realunionen, Russland og Austerrike-Ungarn. Den russiske ekspansjonen var ein serie av ti krigar mellom Det russiske riket og Det osmanske riket på 1600-talet, 1700-talet og 1800-talet. Det osmanske riket viste stor uthaldenheit under dessa krigane og heldt stand lenge.

Da Kara Mustafa tapte slaget mot Jan III Sobieski fra Polen i Wien i 1683, begynte de å tapa noko terreng i Europa. Kara Mustafa fall ikkje i slaget, men vart beordra avretta i Beograd i desember 1683 som følgje av nederlaget. Etter nok eit nederlag i den store tyrkiske krigen i 1699, gav Det osmanske riket for første gang i historia frå seg område i Karlowitz-traktaten. Detta var område som hadde lege under osmansk kontroll i 200 år. Det osmanske riket slo Russland i Pruth-kampanjen i 1712, og Passarowitz-traktaten skapte ein kort fred mellom de to rika frå 1718 til 1730. Etter detta tok Det osmanske riket seg samen og sigra over Austerrike i 1736, og Beograd-traktaten var eit faktum. I denna traktaten fikk osmanane att ein del av de europeiske områda som hadde gått tapt i 1699. Seinare, under Krimkrigen, dana imperiet ein allianse med Frankrike, Storbritannia og Kongedømmet Sardinia. De allierte slo Russland i september 1856.

Det osmanske riket konsentrerte seg etterkvart meir om å halde på det de hadde heller enn å ekspandere vidare. De begynte å utvikle byane på Balkan, yttergrensa si og forsvaret mot europeisk ekspansjon. De begynte å betre levekåra for folka i riket. Skattetrykket vart redusert, de oppretta konsulat, og de investerte i borgarlige verksamheiter. Tida vart kalla «tulipanæraen», etter det motivet som vart bruka. Det vitskaplige forspranget de hadde hatt over Europa minska drastisk i denna perioden. Medan de stagnerte kunne de ikkje halde følgje med utviklinga som de europeiske rivalane Frankrike, Storbritannia, Austerrike og Russland hade.

Krigar og område vart tapt på Balkan og i Kaukasus til fordel for Austerrike og Russland. Område som Egypt og Algerie vart oavhengige og orienterte seg meir mot Frankrike og Storbritannia. Under denna perioden, med Selim III, vart det gjort forsøk på å modernisere systemet. Mange av reformane som sultanane prøvde å gjenomføre for å fornye riket vart gjort til inkjes av konservative krefter, enten de religiøse eller de no korrupte janissarane, sjølv etter at de vart offisielt oppløyst i 1826.

Forfallet (1828–1908)

Fil:Karikatur ottoman.png
Det konsulære menasjeriet, ei karikaturtekning av funksjonærar og förbindelsar ved «utanlandskontoret» i Det osmanske riket i 1885. Nasjonane er her framstilte som dyr: Tyrkaren ved skrivebordet har trekk frå ei and, medan papegøyen representerer britane, apa italienarane, grisen tyskarane og bjørnane russarane.

Trass i stagnasjonen hadde Det osmanske riket halde på posisjonen sin som stormakt heilt fram til 1800-talet, men da tok forfallet av det enorme riket til. Denna periodene er prega av omfattande reorganisering og endringar i alle deler av riket. Karikaturen til høgre er frå denna perioden (1885) og viser kossen riket vart oppfatta. Tekninga viser ein parodi av ein funksjonær i det osmanske utenlandskontoret (anda). Papegøyen, apa, og grisen (britar, italienarar og tyskarar) som plagar han er vaktarar og omsettarar (europeiske stormakter). Russarane er i bakgrunnen som bjørnar.

Periodene vart kjent som tanzimat (osman-tyrkisk for reorganisering) og varte frå 1839 til 1876. Under denna periodene vart hæren sterkt modernisert. Likeeins vart banksystemet gjenomgåande reformert. Lauga vart erstatta med moderne fabrikkar. Økonomisk sett hadde imperiet problem med å betala tilbake låna det hadde til europeiske bankar. Militært sett hadde det problem med å försvara seg sjølv frå utanlandsk aggresjon. Egypt vart okkupert av Frankrike i 1798, og Kypros vart avstått til Storbritannia i 1876 i bytte mot å få vern mot Russland. Ei signifikant endring i imperiet var at det slutta å gå til krig åleine, men etablerte alliansar med europeiske land i staden. Det var ei rekkje alliansar med land som Frankrike, Nederland, Storbritannia og Russland. Den tidlegare nemnte Krimkrigen er eitt eksempel på nettopp dette.

Av alle idéar Det osmanske riket fekk frå vesten var nasjonalisme ein av de mest innflytelsesrike ideologiane. De laut ikkje berre bekymre seg for nasjonalisme innaføre eigne grensor, men utaføre òg. Opprøra hadde mange effektar på andre gruppor i løpet av 1800-talet. Det er sagt at dessa opprøra styrte retninga Det osmanske riket laut ta i løpet av 1900-talet, men retorikken om grunnene til opprøra utanom og i imperiet var svært olik. Det osmanske riket hevda sjølv at årsakerne til de nasjonalistiske opprøra var interne og vart støtta av kjeldor som hadde skjulte mål. Denna nedgangsperioden hadde mange høgdepunkt, som organiseringa av økonomien, militæret og kommunikasjonen.

Ungtyrkarane (offisielt kjente som Ittihad ve Terakki Cemiyeti, «Komitéen for union og progresjon») var ei gruppe som var utdana ved vestlige universitet og som trudde at eit konstitusjonelt monarki var den rette styreforma for å roe ned den aukande misnøya i riket. Gjenom eit statskupp vart Sultan Abd-ul-Aziz tvungen til å gje makta til Murad V. Men Murad V måtte sjølv gå av etter berre 93 dagar ettersom det viste seg at han var mentalt sjuk. Prins Abdul Hamid II vart invitert til å ta makta mot lovnaden om at han ville innføre konstitusjonelt monarki; dette gjorde han den 23. november 1876. Grunnloven vart kalla Kanun-i Esasi.

Oppløysinga (1908–1922)

Fil:Ottomansoldater.png
To osmanske soldatar går mot Istanbul etter den osmanske hæren sitt tap i Den første balkankrigen.

Det var mykje uro på Balkan føre første balkankrigen braut ut i 1913. Den osmanske hærstyrken på Balkan var stor, og tilsynelatande var han moderne. Men det var berre på overflaten; i verkeligheita var de korrupte, dårlig leidde, dårlig trente og lite stridsdyktige. Etter opprør i Albania gikk Balkanligaen (Serbia, Montenegro, Hellas og Bulgaria) til åtak på de ottomanske styrkane i oktober. Albania erklærte seg sjølvstendig 28. november. Det vart ei øvrig våpenkvile 2. desember. De tapte landområda var store for Det osmanske riket, i tillegg til de fire landa i Balkanligaen tapte de Kosovo, Sandžak-regionen, Makedonia og det meste av den historiske regionen Trakia.

I eit siste forsøk på å vinne att tidlegare tapte område og utfordre den britiske kontrollen over Suezkanalen, inngikk krigsminister Enver Paşa ein avtale med Sentralmaktene under første verdskrigen. Til å begynna med hadde Det osmanske rike noko framgang. De allierte, som no òg omfatta den nyforma ANZACstyrka, tapte slag i Irak og på Balkan. Britane vart slegne tilbake og noko av de tapte territoria kom under osmansk kontroll att. I Kaukasus tapte osmanane store landområde og over 100 000 soldatar. Russarane rykka fram til ei line frå Trabzon, Erzurum til Van. Den russiske revolusjon gav Det osmanske riket ein sjanse til å slå tilbake, men den britiske offensiven vart for mykje. De vart slegne heilt i slutten av krigen av de allierte som følgje av nykelåtak frå den britiske generalen Edmund Allenby med hjølp frå nokre arabiske opprørarar og armenarar, som hadde erklært sjølvstende under krigen. Som følgje av dette vart alle armenarar deporterte til Armenia under svært kontroversielle omstendigheiter. Dødstala varierer frå 400 000 til 1,5 millionar. Dette er eit svært ømtolig og omdiskutert sak den dag i dag. Armenske myndigheiter kallar dette eit planlagt og overlagt folkemord og meiner at så mange som 1,5 millionar armenarar dødde. Den tyrkiske staten på si side meiner at berre i verste fall 400 000 døde som følgje av förvirringa og kaoset første verdskrigen førte med seg. Veldig få land anerkjenner offisielt dessa hendingane som folkemord, trass i breid einigheit om at mange menneske mista livet som direkte følgje av deportasjonane. Ungarn, Frankrike og Canada er nokre av de få landa som offisielt kallar dette folkemord. Tyskland gav i 2005 ei offisiell unnskyldning for all befatning de har hatt med dessa hendingane, men kallar dem likevel ikkje for folkemord. Armenia har fleirfaldige gonger fånyttes bede USA om å erklære det som eit folkemord. Den dag i dag er grensa mellom Armenia og Tyrkia stengt. Dette kjem både av den historiske ueinigheita og Armenia sin okkupasjon av Nagorno-Karabakh.

Sjå Armenia-massakren for meir informasjon.
Fil:Sivas congress Refet-Rauf-bekir.png
Mustafa Kemal med Refet-Rauf-Bekir og representanter

Den tyrkiske oavhengigheitskrigen var siste spikaren i kista for Det osmanske riket. Den osmanske regjeringa vart sett på som passiv og mista mykje respekt blant folk. De vart kritisert for å avgje for store landområde etter første verdskrigen. Hellas hadde førestillingar om eit nytt Stor-Hellas og okkuperte Smyrna (dagens Izmir) og området kring. Frankrike okkuperte Hatay og Syria, og dessutan ønska de deler av Anatolia. Italienarane ville ha den sørlige delen av Anatolia som de òg hadde vorte lova. Britane hadde alt Arabia, Palestina, Libanon, Jordan og Irak. Den tyrkiske nasjonalismen blussa opp, spesielt med tanke på gresk okkupasjon. Under ledelse av Mustafa Kemal, ein tidlegare general i den osmanske hæren, slo tyrkarane tilbake. I april 1920 oppretta han si eiga regjering med hovudkvarter i Ankara. Der bestemte de at de skulle slå tilbake med militær makt mot okkupasjon av tyrkiske område. De allierte var krigstrøytte og trekte seg fort tilbake. Det vart halde mange kongressar, deriblant ein nasjonal kongress i Sivas. Der vart det vedteke at gresk sjølvstende i Aydin, Manisa og Bahikesir var uakseptabelt.

Sultan Mehmet VI Vahdettin vart den siste sultanen. Han gikk av den 1. november 1922. Han förlet Konstantinopel den 17. november ombord i eit britisk krigsskip. Han gikk i eksil på Malta, og den 15. mai 1926 dødde han i Italia.

Republikken Tyrkia vart etablert 29. oktober 1923.

Staten

Det osmanske riket revolusjonerte systemet med hjølp frå erfarne kristne og jødar, medan andre statar heldt på sine religionar og nasjonal identitet. Det var ein eklektisk veg å gå for den raskt utviklande staten. De trong mange lokale kjeldor for å styre riket. Sultanane bruka rådgjevarar (såkalla vesirar) som ofte vart valte blant lojale kristne, grekarar, italienarar og andre. Diplomatar omtala ofte riket som بابِ علی (Bāb-i-ālī, ‘den store porten’), eit hint til den store slottsporten til det imperiale Topkapislottet, der sultanen tok i mot utanlandske ambassadørar. Andre trur det stammar frå plasseringa til riket og til byen Istanbul, som ein slags passasje mellom Europa og Asia, aust og vest. Folk frå vest omtala ofte Det osmanske riket som Det tyrkiske riket eller berre Tyrkia, noko som er noko misvisande. Det osmanske riket må ikkje förvekslast med den moderne nasjonalstaten Tyrkia.

Riket produserte lite varor, bortsett frå matvaror produserte av osmantyrkiske bønder. Det osmanske riket var ikkje økonomisk utnyttande eller oppstått og motivert som de europeiske kolonirika. Den osmanske regjeringa var oppteka av å verne landet og å sørge for sikkerheit og harmoni i landet. Det er ein del vestlige og kristne som assosierer Det osmanske riket med vald på grunn av de siste åra til riket, men dette var heller eit resultat av post-osmansk nasjonsbygging, og ikkje av den osmanske administrasjonen. Elles er Det osmanske riket òg kjent for å vara eit sentrum for forskarar og vitskapsmenn, og det er først på 1700-talet at de vart förbigått av andre europeiske stormakter når det gjeld teknologi og medisin.

Sultanar

Fil:MehmedVI.jpg
Sultan Mehmed VI var den siste sultanen av Det osmanske riket.

Sultanen var den offisielle eineherskaren og regjeringa av riket. Dynastiet vart som oftast kalla Osmanli eller Huset Osman. De første herskarane kalla seg for bey og gav med det til kjennes at de aksepterte Suljek-sultanatet sin førerang og overherredømme, etterfølgjarriket etter Ilkhanat-sultanatet. Murad I var den første tyrkaren som tok tittelen «sultan» (konge). Med erobringa av Konstantinopel i 1453 var staten på veg til å bli eit mektig rike med Mehmet II som herskar, eller padishah, i Europa ofte omtala som Stortyrken (den store tyrkaren). Frå 1517 og framover var sultanen òg Kalif av Islām, og fram til 1922 (eller 1924) var Det osmanske riket synonymt med Kalifatet, den islamske verdsstaten. Sultanen hadde mange titlar som Herskar av Huset Osman, Sultanatas Sultan, Khananes Khan, og frå 1517, Kommandør av de trufaste og etterfølgjar av Profeten for Universets Herre, mao kalif, som teoretisk sett gav honom herredømme over alle andre muslimske herskarar over heile verda.

Organisasjon

Det var ein del endringar i organisasjonen opp gjenom tida, men det var òg mykje som var konsekvent. Den øverste herskaren var allveg sultanen. De utvikla ein avansert organisasjon over tid. De hadde ei svært sentralisert regjering med sultanen som overhovud, men hadde òg ein svært effektiv kontroll på sine provinsar og byar. De hadde ein klasse som vart kalla for askeri, som inkluderte adelige, militære offiserar og den religiøse klassen ulema. Middelklassen vart kalla reaya. Denna klassen hadde ikkje nånn assosiasjon til religion, det betydde i ein meir praktisk förstand at ein ikkje tilhørte askeriklassen. Likevel har klasseskiljet aldri vore like stort i Det osmanske riket som i land som Storbritannia og Russland.

Regjeringa

Alle avgjersler vart tekne av den imperiale regjeringa. Rikdom og rang var ikkje noko ein nødvendigvis arva, men derimot måtte det förtjenast. Militærteneste var eit viktig element med tanke på steg opp i hierarkiet. Dette viser seg ved at sultantittelen ikkje følgte noko spesifikt mønster. (Tittelen gikk til eldste sønn eller til eldste bror osv.)

Den administrative elitene

Ministrane (nazirane) hadde ikkje så mykje innflytelse på sultanen som visirane, men de kontrollerte ministeriet (nazereti). Ministeriet og avdelingane var viktige deler av det osmanske byråkratiet. Ministeriet gav visirane all informasjonen de krevde. Den viktigaste ministeren var Adliye Nazırı (justisministeren) som omfatta både den borgarlige retten (kadis) og den militære retten (kadiaskers eller kaziaskers), som var den øvste juridiske autoriteten etter seyhulislam som var den øvste religiøse ledaren av ulema. Andre representantar innaføre eitt ministerium var Kethüdar, ein assistent til ministeren som hadde fleire funksjonærar (kalfas) under seg. Det var kalfaene som gjorde alt papirarbeidet.

Den militære eliten

Fil:The Janissaries Patrol Smyrna (Une Patrouille a Smyrne)..jpg
Janitsjarene på patrulje i Konstantinopel.

För kvar militære avdeling var det ein nazir som hadde den administrative makta. Under honom var det ein Ağa som hadde den høgtidelige kommandoen over avdelingen. Det var òg ein avdeling av palassvakter (Zuluflu Baltaci) som var under kommando av Sverdmeisteren og palassgartnarar (Bostancı) som òg hadde ansvaret for luksusbåten ått sultanen. De som lærte europeisk etikette og språk (för det meste fransk) tjente som yasakçi, vakter for utanlandske ambassadørar i Konstantinopel. De hadde òg det berømte elitekorpset janitsjarane.

Den politiske eliten

Trass i at sultanen var eineveldig, hadde han mange rådgjevarar og ministrar. Den med størst makt var vizeri, storvisiren, av Divan. Divan var eit råd der visirane møttest og diskuterte politikken i imperiet. Det var den øvste visiren sin plikt å informere sultanen om rådets mening. Sultanen tok veldig ofte dets mening til betraktning, men han måtte på ingen måte adlyde det. Nokre gonger innkalla sultanen sjølv til møte om det var noko viktig han måtte informere om, som for eksempel ein kommande krig. Visirane sørga så for at hans ordre vart fulgt. Antalet visirer i Divan varierte fra 3 til 7. Enkelte ganger deltok òg lederen av Janitsjarene (ağa) på møtene.

Retten

Visirene var den harde kjernen av adelen, trass i at de hovudsakleg var tjenarar for sultanen. I tillegg hadde visirane eigne rådgjevarar (kahya). Andre adelige familiar som budde i Konstantinopel besøkte ofte retten for festlige anledningar og seremoniar. Geistligheita var ein annan prominent del av retten. Muftiane og imamane var allveg til stades ved religiøse seremoniar, noko som det ofte var. «'Müteferrika»' var ein slags klubb for unge adelige menn. De var ofte ute på jakt med sultanen.

Palasset

I palasset var det òg ein heil del tjenarar som brakte mat, drikke og ved til peisane gjenom palasset. Avdelinga til döropnarane (Kapıcı) telte mange hundre og var ansvarlige for å opne dörer. Den øvste av döropnarane var òg ansvarlig for å eskortere viktige gjester. Ein del lakeiar (Çikadar) tjente som bodbringarar i palasset og i byen.

Osmanhuset

Sultanen vart oppvarta av ei hærskare av tjenarar. Han hadde kokkar, tjenestemenn til å halde skattane og våpna i stand, tjenarar som følgte honom på kampanje, og de beste av tjenarane vart velt til å tjene sultanen personlig. Éin som var ansvarlig for garderoben hans, éin til å servere han drikkevaror, éin til å bera våpna hans, éin til å hjölpe honom på hesten, éin var ansvarlig for turbanen hans og éin barberer barberte sultanen kvar dag. Men mange av sultanane er òg kjent for å ha gjeve avkall på luksus sjølv om de levde i palasset.

Haremet

Fil:PatiConcubines.JPG
Haremet i Tokapipalasset.

Haremet var eit av de viktigaste delene av Det osmanske hoffet. Den vart styrt av Valide Sultan (eller Baş Kadın) som var mora til sultanen. Hun naut absolutt makt over haremet og ein utsøkt posisjon i hoffet. Ho ville til tider involvere seg i statspolitikk og svekke makten og posisjonen til sultanen i det som vart kalt Sultanatet av Kvinnor. Under sultanens mor i hierarkiet var Hasseki Sultan, dronninga og mora til sultanens førstefødde son. Sultanen hadde òg tre andre offisielle konor, Hasseki Kadın. Under sultanens koner kom hans åtte favorittelskerinner (ikbaliks eller hassodaliks direkte omsett «heldig jente») framför de «foretrekte» elskarinnone (gözde eller gedik). Neste på rangstigen var elskarinnone til embetsmenn under sultanen. Elevar (acemi) eller novisor (cariye eller şahgird) var yngre kvinnor som enten venta på å bli bortgifta eller som ikkje var ferdig med Haremskulen.

Haremet var under administrasjon av evnukkane, som igjen var delt i to kategoriar, svarte og kvite evnukkar. Svarte evnukkar var slavar tekne i Afrika som serverte og tjente Harem-kvinnone og embetsmennene i haremet som samen med vanlege tjenestepikor var av lav rang. Kvite evnukkar var europearar frå Balkan. De tjenestegjorde som rekruttar til Palasskulen og mista adgang til haremet fra 1582. Ein viktig person i det osmanske hoffet var sjefen for de svarte evnukkene (Kızlar Ağası eller Harem Ağası). Han hadde kontroll over haremet og hadde eit nettverk av spionar gjenom de svarte evnukkane over hele palasset, derför var han involvert i de fleste intrigor og kunne dermed oppnå ei viss makt over sultanen og/eller hans visirar og andre embetsmenn av hoffet.

Feil av staten

Slutten på Det osmanske imperiet var mykjegodt økonomisk relatert. Det er allment meint at de ikkje greidde å etablere eit økonomisk og politisk hegemoni innaføre sitt eige rike. Utan økonomisk støtte eller deltaking i sjukehus, bibliotek, nærmast sagt med alt som hadde med allmenn trivsel og velferd å gjera, så var dette berre avhengig av sivile investeringar som fekk namnet vakif. Gjenom heile veksten til riket gikk så å seie all handel mellom Europa og Asia gjenom Det osmanske riket både på land og på sjy. Når dette endra seg på slutten av 1700-talet, mista riket ei av dei viktigaste inntektskjeldene sine. Staten feila òg ved at dei ikkje fornya seg med tanke på at dei ikkje industrialiserte seg noko nemneverdig, men stort sett var avhenginge av bønder som inntektskjelde. Medan Europa hadde ei enorm industrialisering i same perioden, stod Det osmanske riket i det store og det heile stille.

Økonomi

Den økonomiske strukturen til Det osmanske rike var definert av geopolitisk struktur. Riket stod midt mellom Vest og Aust, dermed blokkerte dei spanjolene og tvang dem til å finne ei ny rute til Orienten. Riket heldt seg til same ruta som Marco Polo ein gang bruka. Da Christoffer Columbus kom til Amerika, var Det osmanske riket på sitt største som ei økonomisk stormakt som spreidde seg over tre kontinent. Det finst studiar som viser at det er ein samenheng mellom endra politikk mellom Det osmanske riket og Sentral-Europa på den eine sida og opningar av nye ruter til Austen på den andre. Det er òg mulig å sjå forfallet av Det osmanske riket ved fölgje kossen landrutone vart mindre viktige. I realiteten stod riket fast på sine tradisjonar medan Sentral-Europa utvikla seg vidare.

Lov og rett

Rettsystemet til riket var basert på filosofien av lokal rettsvitskap. Lokale rettsystem som ikkje var i konflikt med staten som heilheit let riket stort sett vara i fred. Det tydde at kristne og andre gruppor kunne dømme kvarandre etter eigne rollor. Det osmanske riket hadde tre rettsystem — eitt for muslimar styrt av kadi (dommarar), eitt for ikkje-muslimar (utnemnte jødar og kristne hadde sine trusretningar som ansvar) og eitt for handel. Retten som vart bruka var avhengig av kva partar som var involverte. På toppen av dette var Kanun-loven. Dessa kategoriane var ikkje eksklusive; muslimsk rett kunne bli bruka for ein handelskonflikt eller for intern-religiøse saker. Øvst stod i alle fall den islamske retten.

For lovsystem galdt Kanun-loven og Shari‘a-loven. Det osmanske riket involverte seg ikkje i andre religiøse lovsystem. Shari‘a utvikla seg frå al-Qur’ān og frå orda til Muḥammad og baserte seg hovudsakleg på Hanafi-tradisjonen. Kanun-loven var ein sekulær lov av sultanen. Det var undervisning i begge på jusskulane som låg i Bursa og Konstantinopel.

Jødar og kristne gikk ofte til den islamske retten for å få ei mektigare avgjersle på konfliktar og saker. Kvinnor gikk som regel allveg til den islamske retten, ettersom denna oftare tok parti for kvinnor og gav meir rettferdige erstatningar til dem.

Militæret

Det første osmanske militæret var ein hær som var organisert av Osman I. Denna hæren bestod av tyrkiske stammefolk frå Anatolia seint på 1400-talet. Dette var ryttarar som var utstyrte med enkle våpen som pil og boge og spyd. Dei fekk tildelt landområde i okkuperte land som vart kalla timarar, og dei fekk tildelt tjuvgods eller krigsbytte. Dette var beløning og løn for deltaking i kampanjen. Orhan I organiserte ein hær som vart betalt løn og ikkje landområde som dei okkuperte. Infanterier vart kalla yayaer og kavaleriet vart kalla müsellemar. Det var stort sett utanlandske leigesoldatar fordi tyrkarar generelt ikkje godtok overgangen til ikkje å få tjyvgods og landområde. Dessa utanlandske leigesoldatane vart ikkje tvungne eller bedne om å konvertere til islam — de laut berre følgje ordre frå den osmanske kommandøren. Under eit bilde av H.G. Dwight av gravferda til mange frivillige osmanske soldatar var teksten:

«Ein offiser var att, han heldt ein enkel tale for dem som grov gravene. Brør, sa han, her er menn av alle nasjonalitetar, tyrkarar, albanarar, grekarar, bulgararar, jødar; men de dødde samen, på sommå dagen, kjempa under samma flagget. Mellom oss er det òg menn frå alle nasjonar, både muhammedanarar og kristne; men vi har eitt flagg og vi ber til éin Gud. No vel eg be ei bøn, og når eg bed så skal kvar av dokker be òg, på dokkers språk og på dokkers vis.»

Den osmanske hæren var ein av de mest avanserte og best trente hærane på si tid. De var blant anna ein av de første som tok i bruk muskett. De berømte janitsjarsoldatane var ei eliteavdeling som tok seg av vakthaldet kring sultanen. Men de var òg kjent for å vara korrupte, og janitsjarvesenet vart oppløyst i 1826. Den osmanske hæren leid under janitsjarkorrupsjonen, og i krigane mot Russland mangla hærane moderne våpen og teknologiar. Moderniseringa av Det osmanske riket på 1800-talet starta med militæret. Offiserar vart sendte på trening i vesteuropeiske land og det vart hyra inn utanlandske ekspertar som skulle gjera militæret betre. Teknologi og nye våpen vart innkjøpt frå Tyskland og Storbritannia. De fikk eit flyvåpen og marine. De greidde å modernisere hæren, men det var framleis svært langt att til de vestlige stormaktene.

Religion

Føre tyrkarane konverterte til islām, praktiserte dei ein monoteistisk religion. Etter den første kontakten deras med arabarane aksepterte ei rekkje tyrkiske stammar islām og forkynte den nye trua si lengre inn i Turkistan. Prosessen med konvertering var over lenge før Det osmanske riket oppstod. Så tidleg som i 1453, etter at dei hadde vunne over Konstantinopel, gav dei spesielle privilegium til kristne som hadde tilhaurt det gamle Bysantinske riket. Dei kristne vart undersåttar av Det osmanske riket, men ikkje av muslimsk tru og reglar.

Det osmanske riket gikk aldri aggressivt til verks for å konvertere individ eller fremme islām blant ikkje-muslimske gruppor. Staten var det viktigaste målet for Det osmanske riket, og samarbeid med alle olike partar var livsviktig om riket skulle vara. I mange hundre år vart Det osmanske riket sett på som ei trygg hamn for jødar og andre som vart forfølgte for trua si.[1] Det osmanske riket hadde òg eit fredelig forhold til Den ortodokse kirkja. Ho fekk lov til å fortsette dei stadene ho fanst. Konstantinopel vart endra utvendig for å framstå som meir tyrkisk. Namnet vart endra til Istanbul og nokre kirkjor vart omgjorte til moskéar, inkludert Hagia Sophia, men lite vart øydelagt i kirkja. Dei tok blant anna vare på dei kristne mosaikka, som berre vart tildekte. I 1935 vart dei tekne fram att, og Hagia Sophia har i dag status som museum.

Sjå òg

Kjeldor

Hovudkjeldor

  • Artikkelen inneheld omsett tekst frå 1911-versjonen av Encyclopædia Britannica – ein versjon som ikkje lenger er verna av opphavsrett.

Norsk litteratur

  • Finn Fuglestad: Fra svartedauden til Wienerkongressen: den vesterlandske kulturkretsens historie 1347-1815 i et globalt-sammenliknende perspektiv En europahistorie der utviklingen i det osmanske riket blir sammenlignet med utviklingen i det kristne Europa. Cappelen 2004 (1.utg 1999) ISBN 82-02-23857-9
  • Knut S. Vikør: Ei verd bygd på islam: oversikt over Midtaustens historie Oversikt over 1300 års Midtøsten-historie skrevet av Norges fremste spesialister på islams rettshistorie og historie. Samlaget 2004 (1.utg 1993) ISBN 82-521-6327-0

Utanlandsk litteratur

  • Cleveland, William L.: The Ottoman and Safavid Empires: A New Imperial Synthesis i A History of the Modern Middle East. s. 37–56. ISBN 0813340489.
  • Creasy, Sir Edward Shepherd. History of the Ottoman Turks: From the beginning of their empire to the present time. R. Bentley and Son, 1877.
  • Finkel, Caroline: Osman's Dream: The Story of the Ottoman Empire, 1300–1923. ISBN 0719555132.
  • Imber, Colin: The Ottoman Empire, 1300–1650: The Structure of Power. ISBN 0333613864.
  • Jelavich, Barbara: History of the Balkans: Eighteenth and Nineteenth Centuries. ISBN 0521252490.
  • Lybyer, Albert Howe: The Government of the Ottoman Empire in the Time of Suleiman the Magnificent. ISBN 0404146813.
  • Necipoğlu, Gülru: Architecture, Ceremonial, and Power: The Topkapi Palace in the Fifteenth and Sixteenth Centuries. ISBN 0262140500.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Det osmanske riket» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.