Den helige Birgittas kapell (Tustna)

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Den helige Birgittas kapell
23174 St Birgittas kapell (Tustna).jpg
Generelt
Kirkjesamfunn: 

Den katolske kirkja

Bispedømme:  Trondheim katolske stift
Vigd til:  St. Birgitta
Innvigd:  4. juli 2007
Kirkjegard:  nei
Arkitektur
Teknikk:  lafteverk
Materiale:  tre
Kirkjerommet
Plassar:  opp til 12 stolar inne
Den helige Birgittas kapell i Jørnvågen på Tustna.
Foto:Olve Utne

Den helige Birgittas kapell (nyn. Den heilage Birgittas kapell; bm. Den hellige Birgittas kapell) er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta i JørnvågenTustna i Aure kommuneNordmør. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein menigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd onsdag den 4. juli 2007 av pater Alexandre Semajangwe Polepole.[1] Som altartavle fungerer ei ikontavle som framstiller «Guds Mor med Barn» og som er laga av Solrunn Nes i 2005. Eit relikvie av Maria Elisabetta Hesselblad vart gjeve til kapellet frå Birgittasøstrene i Roma. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utaför kapelldöra òg. Der er det ein treplatting innmed to av veggene og eit par enkle «benker» av tømmerstokkar oppetter bakkan, slik at det går an å halde utegudstjenestor med oppimot 100 personar. Det er messe i kapellet omtrent seks gonger i året.

Det er lagt opp enkle «benker» av tømmerstokkar i bakkan rett vestom kapellet til bruk ved friluftsgudstjenestor.
Foto: Olve Utne

Kontakt

För praktiske opplysningar, kontakt Liv Siri Holst Larsen på telefon (+47) 7152 1170.

Eit birgittakors frå Irland heng ved glaset på nordveggen i kapellet.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Pekarar