David Aaron de Sola

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 02:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{UTav}}» til «Av»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Rev. David Aaron de Sola (1796–1860)

Reverend David (de) Aaron de Sola (17961860) var ein portugisarjødisk rabbinar, ḥazzán og forfattar som tjente for Bevis Marks-esnogaen frå 1818 fram til han dødde i 1860. De Sola skreiv og gav ut bøker på fire språk — nederlandsk, engelsk, tysk og hebraisk. Han var kjent som «den lærde ḥazzánen» blant engelske sefardím.

Liv

De Sola-familien sitt våpenskjold. Sola er det sentrale heraldiske motivet. Den hebraiske teksten er henta frå Tehillím 23 (Salme 23) og betyder ‘A. er min gjetar, eg reddest ikkje’.

David de Aaron de Sola vart fødd i Amsterdam i 1796 som son av talmudisten Aaron de Sola (1770-1821). Da han var elleve år gammel vart han oppteken som student ved den lokale bét hammedrásjen i Amsterdam, og ni år seinare vart han uteksaminert som rabbinar, berre tjue år gammel. To år seinare, i 1818, vart han innvelt i kollegiet av geistlige ved Bevis Marks-esnogaen i London.

David de Sola gifta seg i 1819 med Rica Meldola, eldste dotter ått ḥakhám Raphael Meldola. David og Rica hadde seks søner og ni døtrer. Éi dotter, Jael de Sola, gifta seg med Solomon Belais (son ått rabbinar Abraham Belais), som på eit tidspunkt var skattemeister for beyen av Tunis. Dotra Eliza de Sola gifta seg med rev. Abraham Pereira Mendes og vart mor ått dr. Frederick de Sola Mendes og dr. Henry Pereira Mendes. Dotra Annette de Sola gifta seg med tannlege Maurice Cohen Rogers (el. Maurits Cohen Rodrigues, f. 23. oktober 1831). Seks av dei andre døtrene vart gift i London. Av sønene hans kan nemnast andre sonen, Abraham de Sola (1825-1882), som var rabbinar, orientalist, vitskapsmann og samfunnsledar; og yngste sonen, Samuel de Sola (1839-1866), som vart tilsett i stillinga etter far sin i Bevis Marks-esnogaen i 1863 og som komponerte mange songar for esnoga- og heimebruk.

Rev. David Aaron de Sola dødde i Shadwell ved London i 1860.

Verk

David Aaron de Sola. (Illustrasjon frå Jewish Encyclopedia.)

Etter ymse talar De Sola heldt for the Society for the Cultivation of Hebrew Literature den første tida etter at han vart tilsett ved Bevis Marks-esnogaen i London sette mangamáden (styret) han til å halde föredrag på engelsk, og den 26. mars 1831 heldt han den første prekaengelsk nån gong innaför veggene av Bevis Marks-esnogaen. Mangamáden gav seinare ut föredraga hans.

I 1829 kom det første verket hans, The Blessings, og i 1836 gav han ut seksbandsverket Translation of the Forms of Prayer According to the Custom of the Spanish and Portuguese Jews. Andre utgåva av denne omsettinga (1856) dana grunnlaget for talrike seinare utgåvor.

I 1837 gav De Sola ut The Proper Names in Scripture, og kring samma tida skreiv han Moses the Prophet, Moses Maimonides, and Moses Mendelssohn, og i 1838 kom Notes on Basnage and Milman’s History of the Jews ut.

I 1839 omsette han og M.J. Raphall atten massekhtót av Misjná, men det arbeidet fikk ei oventa vending: Manuskriptet kom i henderne på eit medlem av Burton Street-esnogaen, og det vart utgjeve i 1841 utan løyve frå forfattarane, före det vart revidert og retta for trykking — og med eit anonymt föreord som uttrykte synspunkt som var heilt i strid med De Sola og Raphalls syn.

I 1840 begynte De Sola og M.J. Raphall på arbeidet med ei engelsk omsetting av Tenákh med kommentar. Berre det første bandet, Genesis, vart utgjeve (1844).

De Sola spela ein avgjerande rolle i organiseringa av Association for the Promotion of Jewish Literature og andre liknande föreningar.

D.A. de Sola sin melodi til «Adón Ngolám».

I 1857 gav han ut The Ancient Melodies of the Spanish and Portuguese Jews, inkludert ei historisk utgreiing om diktarane, dikta og melodiane i den sefardiske liturgien. Melodiane vart nerskrevne av komponisten og pianisten Emanuel Aguilar, som òg arrangerte melodiane i klassisk-romantisk stil.

Rev. David Aaron de Sola omsette heile maḥzóren (liturgien for heligdagar) for de asjkenaziske jødane til engelsk, og denne omsettinga kom ut i fire band i 1860.

Attått verka sine på engelsk skreiv De Sola òg på hebraisk, nederlandsk og tysk. I tida frå 1836 til 1845 bidrog han ofte til tidsskrifta Allgemeine Zeitung des Judenthums og Der Orient og han gav òg ut ein Biography of Ephraim Luzzatto og ein Biography of Distinguished Israelites in England på tysk. Det mest sentrale verket hans på nederlandsk var hans Biography of Isaac Samuel Reggio, som vart utgjeven på nederlandsk i 1855 og seinare omsett til engelsk.

Kjeldor