Daniel Farhi

Frå Alnakka.net

Daniel Farhi (f. 1941 i Paris) er ein fransk liberal rabbinar.

Farhi-familien er ev tyrkisk opphav. Daniel Farhi vart halden skjult av ein protestantisk familie under andre verdskrigen og unngikk dermed deportasjonen. Han vart ordinert som rabbinar i februar 1966. Etter å ha vore tilknytt l’Union libérale israélite de France frå 1967 til 1977, var han ein av grunnleggarane av den nye organisasjonen Mouvement juif libéral de France.

Daniel Farhi legg vekt på fire hovudprinsipp i virket sitt som rabbinar:

  • Åndelig rettleiing i menigheita si, der han er ein av tre rabbinarar.
  • Spreiing av tankane og praksisen ått den liberale jødedommen. Han försvarar idéen at det finst enkelte punkt kor halakhá lyt fortsette å bli utvikla for å vara aktuell i den moderne verda og dermed overleva som jødisk praksis inntil det blir mulig å attopprette Sanhedrín.
  • Dialogen med kristne og muslimar. I arbeidet sitt for å bringe de tre abrahamittiske religionane nærmare kvarandre organiserer han stadig interdenominasjonelle møte, og han har ry som ein tolmodig og forståingsfull forhandlar.
  • Arbeidet for ikkje å late Sjoá bli glømt. Han er ein ven av Serge Klarsfeld og kona hans, Beate Klarsfeld og har kjempa samen med dem for denna saka sidan 1975.

Rabbinar Daniel Farhi er medlem av sponsorkomitéen for La paix maintenant, den franske støtteorganisasjonen for den israelske fredsrørsla שלום עכשיו (Sjalóm ngakhsjáv!, ‘Fred no!’). Han har vore riddar av den franske Ordre national du Mérite sidan 1988 og riddar av l’Ordre national de la Légion d’honneur sidan 1993.

Daniel Farhi er gift og har tre born; den mest kjente av dem er rabbinar Gabriel Farhi.

Bibliografi

Siddurím

  • Siddour Taher Libénou
  • Mahzor Anénou

Essay

  • Parler aux enfants d'Israël
  • Un judaïsme dans le siècle, éd. Berg International,1997 ISBN 2911289129
  • Au dernier survivant.

Intervju-bøker

  • Profession Rabbin, Albin Michel, 2006


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Daniel Farhi» frå Fransk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.