Damal Krishnaswamy Pattammal

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 01:34 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{one}}» til «one»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
DK Pattammal (til høgre) syng samen med bror sin, DK Jayaraman, truleg først i 1940-åra.

Damal Krishnaswamy Pattammal (Mal:Tam தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under förkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnone i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelige treeinigheita i karnatisk musikk».

Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu ått föreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vart i over 65 år.

Utøvaren Pattammal

Stemmetype og disiplin

Pattammal har ein fyldig stemme i djup alt/høg tenor-leiet. De ovanlege musikalske evnone hennar inkluderer ein overveldande stemmeteknikk, kompromisslaust fokus på presis intonasjon og rytme og ein svært tydelig diksjon. Framføringane hennar av sjlokaer og viruttamar (dikt sungne på improvisert vis utan rytmisk akkompagnement) er svært kjenslerike. Ho blir rekna som ein svært disiplinert musikar; som barn vakna ho före daggry og øvde i timesvis, og gjenom heile karrieren sin har ho planlagt konsertprogramma vekkosvis på förehand og øvd grundig og målretta.

Første brahminske kvinne i faget sitt

Med Patammal sitt nette veremåte og audmjuke natur er det ikkje lett å sjå ho for seg som revolusjonær — men ho revolusjonerte faktisk den karnatiske musikken på eit par område. Ho var den første brahminske kvinna til å framføre karnatisk musikk offentlig, både på scena og gjenom kringkasting. Brahminarar hører til den høgste kasten i det indiske kastesystemet, og fram til 1930-åra var det tabu for brahminske kvinnor å opptre på ei scene.

Første kvinne til å framføre Ragam-Thanam-Pallavi

Pattammal var òg den første kvinna som framførte Ragam-Thanam-Pallavi på scena. Ragam-Thanam-Pallavi (eller Pallavi) er den vanskeligaste konsertmusikken i karnatisk musikk. Före Pattammal var Pallavi rekna som ein mannlig disiplin. Pattammal tok ikkje berre eit djervt steg inn i Pallavi-songen, men ho framførte òg nokre svært kompliserte pallaviar i intrikate talamar (rytmiske modus) på imponerande nok vis til å oppnå respekt frå dei mannlige kollegaene sine. Derför blir ho ofte kalla Pallavi-Pattammal. I dag følgjer mange kvinnor eksemplet hennar og framfører Ragam-Thanam-Pallavi som hovudnummeret i konsertane sine.

Eksponent for Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan

Pattammal brakte fram i lyset mange komposisjonar av Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan og gjorde dem populære. Når det gjeld musikken av Muthuswami Dikshitar, så blir ho sett på som ein hovudautoritet. Ho lærte autentiske versjonar av musikken hans frå Ambi Dikshitar (ein grandnevø av Dikshitar) og dommar T.L. Venkatrama Iyer.

Konsertverksamheit i India og utanlands

Pattammal har vore med på mange prosjekt over store deler av India så vel som i USA og andre land. Sjølv om ho har fått mange tilbod om å synge for filmar, har ho berre teke i mot dei tilboda som dreidde seg kring religiøse og patriotiske songar. Ho har gjort mange komposisjonar av Subrahmanya Bharati og andre patriotiske indiske komponistar populære.

Læraren Pattammal

Pattammal sin songstil har tiltrekt seg mange studentar. Fremst blant studentane hennar var den yngre bror hennar D.K. Jayaraman, som song {samen}} med henne på talrike konsertar og som akkurat som Pattammal sjølv vart tildelt Sangeetha Kalanidhi-prisen i 1990. Nån av dei andre studentane hennar er: Charumathi Ramachandran, Geetha Rajashekar og Nithyasree Mahadevan (som er barnebarnet ått Pattammal). Ho har òg undervist studentar frå fleire andre land.

Prisar

Pattammal har vorte tildelt mange prisar i løpet av karrieren sin. Dei viktigaste prisane hennar er:


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Damal_Krishnaswamy_Pattammal» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.