Cochinijødar

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Interiør av Paradesi-synagogen i Kochi (Cochin).
Foto:Deepu Joseph

Cochinijødane er eit jødisk samfunn som tradisjonelt har budd i området kring byen Cochin i den sør-indiske delstaten Kerala. Cochini-jødane har budd i India i over 2000 år, men har allveg hatt kontakt med jødane i Midtausten og har derför ikkje mista nån del av jødisk kultur eller tradisjonar over hundreåra.

Historia

Cochini-jødar er delt opp i tre olike gruppor med olikt opphav. Den eldste av dem er ei gruppe som heiter meyuhassim («de med privilegium»). Segnene deras seier at de var handelsmenn som busette seg i India (som de seier var det samma landet som bibelen kalla «Ofir») i kong Salomo si tid. Den andre gruppa heiter mesjuhararim («de som var gjort frie»), og ein trur at de opprinnelig var slavar til meyuhassim-jødar som tok jødisk tru og vart frigjevne. Den siste gruppa heiter paradesi («utlendingane») og inkluderer jødar som i seinare tid flytta til Cochin-området frå Midtausten.

Ein trur at cochini-jødane først budde i Kudungallur. I året 379 fikk ein cochini-jøde som heitte Josef Rabban hersedom over ein landsby som heitte Anjuvannam, nær dagens Cochin, av kongen Parakaran Iravi Vanmar. Under styret til Josef Rabban vart Anjuvannam ein sjølvstendig jødisk prinsestat, og ein trur at dei fleste cochini-jødane flytta dit. Staten vart svært rik og mektig, og vart derför angrepen av arabarane i 1524. Jødane vart overvunne og flykta frå Anjuvannam til Cochin, der kongen gav dem land og pengar for å byggje ein ny landsby. De etablerte seg sjølve igjen som handelsmenn i Cochin, særlig i internasjonal pepparhandel.

1600-talet vart Cochin-riket overvunne av portugisarane, som forfølgte både cochini-jødane og den lokale syrisk-ortodokse kirkja. I 1660 fikk Nederland makt over Cochin-området, og i 1795 vart det overvunne av det britiske riket som gav nominell suverenitet tilbake til den lokale kongen. Forfølginga slutta da den portugisiske makta tok slutt, og det jødiske samfunnet i Cochin vart rikt og velståande att.

Skilt på den jødiske synagogen i Cochin

Det var nokre tusen cochini-jødar i India i 1940-åra, men de fleste av dem har sidan flytta til Israel. Det finst i dag mindre enn hundre jødar i Cochin.

Språk

Cochinijødar bruker ein dialekt av malayāḷam som er kalla jødemalayāḷam. Dialekten er særmerkt av sin bruk av svært mange hebraiske lånord. Mange av dessa er ord for jødiske religiøse omgrep, som torá, siddúr og halakhá, men mange hebraiske ord blir bruka i samenhengar som er ovanlege på hebraisk. Ein seier for eksempel അവന് ശലോമ് ആയി avan šalōm āyi (han vart 'sjalom') for å förtele at nånn er daud.

Dialekten brukar òg mange spesielle ord som er laga frå malayāḷam-røter, men som ikkje finst på vanleg malayāḷam, for å skildre Gud på ein måte som passar med jødedommen. De fleste av dessa orda er direkte omsett frå hebraisk til malayalam, for eksempel ആദിപെരിയോന് ādiperiyōn ‘den høgaste’, ഒരുവന് ആയവന് oruvan āyavan ‘den einaste’ og മൂലമ് ഉഡയോന് mūlam udayōn ‘den som finst i seg sjølv’. Cochinijødar brukar òg nokre uttrykk som inneheld ei blanding av hebraisk og malayāḷam, som ആലമ്പഡച്ചവന് ālam padačavan som er laga av arameisk ˤālam (‘universet’) og malayāḷam padačavan (‘skaparen’).

Cochinijødar er stolte av det indiske opphavet sitt og har halde på identiteten og språket sitt til og med etter at de flytta til Israel. Ein trur at det finst kring 7 000 brukarar av jødemalayāḷam i Israel i dag.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Cochini-jødar» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.