Chandrasekhargrensa

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 18. april 2020 kl. 00:16 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{forbindelse}}» til «samband»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Chandrasekhargrensa er den maksimale massen ein kvit dverg kan ha. Chandrasekhargrensa er på omlag 3 × 10³⁰ kg — det vil seie kring 1,44 gonger massen av sola. Grensa vart først utrekna av, og derfor oppkalla etter, den indisk-amerikanske fysikaren og nobelprisvinnaren Subrahmanyan Chandrasekhar i samarbeid med den brasilianske fysikaren Mário Schenberg. Grensa blir òg stundom kalla Schenberg-Chandrasekhargrensa.

Varmen som blir generert av ei stjerne skyver atmosfæren ått stjerna ut. Etter som stjerna går tom for brennstoff, kollapsar atmosfæren attende inn i kjernen ått stjerna. Om stjerna sin masse ligg under chandrasekhargrensa, så blir samanbrotet avgrensa av elektrondegenerasjonstrykket, og resultatet blir ein stabil kvit dverg. Om massen ått stjerna ligg over chandrasekhargrensa, så finst det tilstrekkjeleg gravitasjonskrefter til stades til at stjerna vil bryte saman forbi kvit dverg-stadiet og bli ei nøytronstjerne, ei kvarkestjerne eller eit svart hol.

Chandrasekhargrensa er ein konsekvens av den spesielle relativitetsteorien i samband med elektronoppførselen som gjev degenerasjonstrykket som trengst for å halde oppe den kvite dvergen. Etter klassisk fysikk kan ein kvit dverg har kva som helst masse med volum som er omvendt proporsjonelt med massen. Etter relativistisk utrekning er dei typiske energinivåa som degenerasjonspresset tvingar elektrona til i kvite dvergar ikkje uansande i høve til restmassen deras, og ein avgrensande masse oppstår for ein sjølv-graviterande, sfærisk symmetrisk lekam som blir halden oppe av degenerasjonstrykket.

Om ein kvit dverg som er i eit dobbelstjernesystem med ei kjempestjerne tek til seg nok masse frå kjempestjerna til sjølv å overstige chandrasekhargrensa, vil denna stjerna kollapse og dra med seg kjempestjerna i ein type I-supernova.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Chandrasekhargrensa» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.